Frikjent professor: Nasjonalt granskingsutval «ein trussel mot ytringsfridomen»
I eitt år var Petter Gottschalk under gransking for forskingsetiske overtramp. BI-professoren meiner han blei utsett for ein kafkaprosess.
— Eg er jo ein som tar telefonen når journalistar ringer. Men denne saka gjorde noko med meg, seier professor Petter Gottschalk. No håpar han på ein større diskusjon om praksisen for gransking av skuldingar om etiske regelbrot i forskinga.BI
— Nasjonalt utvalg for gransking av uredelighet i forskning (Granskingsutvalget) har overkøyrt meg og plaga meg, og i tillegg ført til vanvitige utgifter på BI, seier Petter Gottschalk.
Professoren meiner for det første at granskinga mot han aldri skulle ha funne stad. Når granskinga først vart sett i verk, meiner Gottschalk at han vart halden unna informasjon, fråteken grunnleggande rettar og utsett for urimelege belastningar.
Då han tok dette opp med den dåverande leiaren for granskingsutvalet, jussprofessoren Ragna Aarli, seier Gottschalk at han vart møtt med «juridisk svada» og «arroganse».
— Klagaren vart halden informert av Granskingsutvalet, det blei ikkje eg, som var den som fekk alvorlege skuldingar retta mot meg. Dei handterte saka over hovudet på meg på ein måte som framstilte meg som skuldig til det motsette var bevist, stikk motsett av prinsippet i ein rettsstat. Eg hadde ikkje noko rettsvern, seier Gottschalk.
No har han meldt saka inn til ekspertgruppa for akademisk ytringsfridom, leia av professor Anine Kierulf, som skal levere sin rapport 1. mars. Der håper han praksisen for behandling av klager og gransking blir grundig diskutert.
— Brevveksling mellom amatørar
Det begynte med ein telefon frå Agderposten.
Petter Gottschalk er ikkje ukjent med å kommentere saker i media. Han er direkte. Han er engasjert. Han er kriminolog og ekspert på kvitsnippkriminalitet. Denne gongen var det ei skakande korrupsjonssak i Grimstad det handla om, den såkalla helsekjøpsskandalen.
Ein spesialrådgivar til kommunedirektøren (tidl. rådmann) hadde varsla om ulovlege innkjøp av helsetenester for hundre millionar kroner. I 2020 måtte kommundirektøren gå av etter mistillit frå kommunestyret. Ein forvaltningsrevisjon hadde slått fast at ho braut både kommunens innkjøpsreglar og anskaffelsesloven.
Gottschalk svarte på spørsmål, etter kvart gjekk han inn i debattspaltene.
Han fekk kontakt med varslaren, tok stilling, blei ein aktør, som kommenterte saka over fleire år. I tillegg var saka naturleg nok fagleg interessant, sidan det som utspelte seg plasserte seg midt i forskingsfeltet hans. Så langt ikkje noko uvanleg for den engasjerte og frittalande professoren.
Heilt til ein e-post hamna i postkassen til instituttleiaren hans på BI, 13. mars 2018.
I løpet av dette året vart eg usikker på meg sjølv, og eg vart usikker på ytringane mine.
Petter Gottschalk, professor, BI
E-posten inneheldt påstandar om at Gottschalk hadde gjort seg skuldig i alvorlege brot på forskingsetiske normer. E-posten var send frå ein tidlegare kommunalsjef for helse og omsorg i Grimstad kommune, som hadde hatt kvasse disputtar med Gottschalk i avisspaltene.
Derifrå starta prosessen som Gottschalk ikkje berre oppfattar som kafkask, men som også har generert ein svært kritisk konklusjon om det nasjonale Granskingsutvalets praksis:
— Granskingsutvalets praksis er ein trussel mot ytringsfridomen, seier Gottschalk.
— Når eit angrep på min ytringsfridom utløyser haugevis av juridiske vurderingar og formell brevveksling mellom amatørar som er mest opptekne av å ikkje gjere feil, då blir ein skremt bort frå den offentlege arenaen.
Granskingsutvalet fungerer som rådgivar for forskingsinstitusjonane, som skal rapportere inn behandling av brot på forskingsetiske reglar. Utvalet er klageinstans og kan også setje i gang gransking på eige initiativ.
Gottschalk meiner utvalet gjorde han til «skurk» og sette i gang ei undersøking som i tillegg til å påføre han personlege belastningar, bidrog til utan grunnlag å mistenkeleggjere heilt legitime ytringar i det offentlege rom.
Blankt avvist av BI
Påstandane i e-posten frå klagaren blei først blankt avvist av instituttleiaren på BI. «BIs medarbeidere deltar i offentlige debatter med faglig begrunnede synpsunkter, og de fremlegger sine egne vurderinger», skreiv instituttleiaren, som peikte på akademisk fridom, grunnfesta i universitets- og høgskulelova.
9. mai kom ein ny e-post, denne gongen til Gottschalk sjølv, med kopi til rektor ved BI, Inge Jan Henjesand – «slik at rektor kan se hva du holder på med i kraft av din stilling på BI», som det stod.
Avsendar av denne e-posten var advokat i KS (kommunesektorens interesseorganisasjon), Geir Winters. Winters var på dette tidspunktet engasjert av kommunen mot varslaren. Påstanden var at Gottschalks notatar til eit bokmanus, som handla om helsekjøpsaka, representerte forskingsetiske overtramp og ei form for uakseptabel «aksjonsforsking».
Denne gongen svarte BIs advokat: «I de tilfelle BI mottar henvendelser fra eksterne som føler seg «angrepet», og som ønsker at BI skal kontrollere hva våre ansatte sier, er utgangspunktet at dette konsekvent avvises».
Då BI sa seg ferdig med saka, vende klagarane seg til det nasjonale Granskingsutvalet. Granskingsutvalet var ikkje fornøgd med BIs handtering av saka.
— Eg har ingenting å seie på korleis BI handterte saka om meg. Langt verre var det då Granskingsutvalet tok over, seier Gottschalk.
Tok varslarens perspektiv
Ifølge det nasjonale Granskingsutvalget omhandla klagene dei fekk frå advokaten og den tidlegare kommunalsjefen ei bok Gottschalk skulle hatt under utgiving med tittelen «Avsløring av hvitsnippforbrytere – Varsling ved mistanke».
Ifølge Gottschalk hadde han ikkje noko forskingsprosjekt knytt til saka i Grimstad. Heller ikkje var det noko bokutgiving på trappene. Det dreidde seg ifølgje Gottschalk om notatar til eit eventuelt bokmanus, som fortsatt ikkje er utgitt.
— Eg hadde ein logg, kall det gjerne manus, der eg noterte undervegs i saka. På eit tidspunkt sende eg dette til advokaten til kontradiksjon og tilbakemelding. Deretter dukka ord som «aksjonsforsking» opp. Ja, eg var ein aktør, i den forstand at eg engasjerte meg på vegne av varslarane, men det var altså ikkje forsking. Det er viktig å hugse på at dette dreier seg om ei korrupsjonssak i kommunen, der kommunedirektøren til slutt gjekk av. Som forskar er det heller ikkje slik at ein skal vere objektiv, i den forstand at eg ikkje skulle kunne ta varslarens perspektiv.
I brev til BI peikte Granskingsutvalget på forskningsetikkloven av 2017, som «pålegger forskningsinstitusjonene å behandle alle saker som gjelder mulige brudd på anerkjente forskningsetiske normer». Ifølgje Granskingsutvalet hadde BI ikkje følgt opp plikta til å undersøke moglege brot på forskingsetiske normer. «For Granskingsutvalget fremstår det klart at henvendelsene fra hhv. Klager Y og klager S gjelder mulige brudd på anerkjente forskningsetiske normer», heiter det i brevet.
Samstundes hadde KS-advokaten til Granskingsutvalet gjort det klart at han meinte BIs eige redelighetsutvalg mangla legitimitet, og han ba der for om «at Granskingsutvalget påser at den får en forsvarlig behandling».
På bakgrunn av Granskingsutvalets krav, nedsette BI eit særskilt granskingsutval med medlemmer frå eksterne institusjonar.
7. juni 2019, 15 månader etter at den første klagen kom inn, informerte BIs rektor om at undersøkinga var fullført og konklusjonen var klar: Gottschalk hadde på nokre punkt utvist «diskutabel» praksis, men «ikkje opptrådt vitenskapelig uredelig».
Gottschalk fekk dekt advokatutgifter frå BI på 230.000 kroner. I tillegg betalte BI det særskilte granskingsutvalet. Saman med arbeidstimane som BI elles har brukt på saka har det gått med minst ein halv million kroner, heilt unødvendig, slik Gottschalk ser det.
— Gjorde noko med meg
Gottschalk seier skuldingane gjorde det vanskeleg for han både som forskar og menneske i det året mistanken var festa til han.
— Det var ein uro knytt til at eg aldri kunne vite kva utvalet ville konkludere, og kva konsekvensar det kunne få. I løpet av dette året vart eg usikker på meg sjølv, og eg vart usikker på ytringane mine. Eg er jo ein som tar telefonen når journalistar ringer. Men denne saka gjorde noko med meg.
Gottschalk, som har skrive fagbøker om nettopp gransking, meiner både institusjonane og det nasjonale utvalet i realiteten er mangelfullt utrusta til å granske.
— Det er eigentleg ingen som er utdanna i gransking i Noreg. Dei som driv med det er i realiteten amatørar. Dette er særleg eit problem med tanke på Nasjonalt utvalg for gransking av uredelighet i forsking, seier han.
— Burde ikkje Granskingsutvalet uansett tatt klagen på alvor - sjølv om dette frå BIs og di side såg ut som eit klart forsøk frå ein advokat på å kneble deg?
— Granskingsutvalget irettesette BI for ikkje å ha saksbehandla. Granskingsutvalget burde i staden ha gått i dialog med BI om kvifor BI og eg oppfatta klagen som eit klart forsøk på kneble meg.
— Kan det ikkje også vere bra å få ei gransking, for på den måten rydde alle skuldingar av vegen, uavhengig av substansen i klagene og klagaren sin agenda?
— Ekstern gransking er ei form for abdikasjon av leiing, der ein ein overlet til utanforståande å undersøke og konkludere. Både granskingar og såkalla faktaundersøkingar har vist seg å vere konflikteskalerande, snarare enn løysingsfremjande. Berre unntaksvis bør eit eksternt granskingsutval bli engasjert, til dømes i saker der oppdragsgivaren sjølv må inkluderast i mandatet for granskinga. BI hadde på leiarnivå tatt stilling til klagen, men blei deretter overkøyrt av Granskingsutvalet, seier Gottschalk.
Aarli: — Handlar ikkje om ytringsfridom
Tidlegare leiar av Granskingsutvalet, UiB-professor Ragna Aarli, avviser kontant påstandane frå Gottschalk.
— Eg har inga forståing for skuldingane Gottschalk rettar mot Granskingsutvalet. Alt vi gjorde var å vise saka til institusjonen der ho høyrde heime, altså BI, seier tidlegare leiar av Granskingsutvalet, UiB-professor Ragna Aarli.
— Fordi det ikkje har vore noko sak eller formell saksbehandling frå Granskingsutvalets side, fekk Gottschalk heller ikkje kopi frå oss eller vart informert då saka vart vist vidare til BI, seier Aarli.
Granskingsutvalet har aldri behandla ei sak med Gottschalk som part, ifølgje henne. Aarli seier vidare at det er opp til institusjonen, altså BI, å avgjere om det er grunnlag for ei gransking eller ikkje.
— Formuleringane frå Granskingsutvalet var ganske tydelege på den måten at dei peikar på at det bør granskast?
— Det bør sjåast i lys av at det har vore fleire klager mot BI. For nokre år sidan vart ein forskar frifunnen av BI etter det som objektivt sett var plagiat, men som samstundes var i samsvar med BIs siteringspraksis. Vi har vore opptekne av at BI bør utvikle ein betre forskingsetisk kultur.
Aarli seier ho har forsøkt å svare Gottschalk etter beste evne. Ho seier ho beklagar at han opplevde henne som arrogant i e-postutvekslinga dei hadde, men at det blei veldig mange e-postar å forholde seg til.
— Kan det vere noko med dykkar kommunikasjonsform i utvalet som ikkje er bra?
— Eg inviterte han til å ta kontakt på telefon, slik at vi kunne snakke saman. Han tok aldri kontakt, seier Aarli.
Ho avviser at handteringa frå Granskingsutvalets side i denne saka truar ytringsfridomen på nokon måte.
— Dette handlar overhovudet ikkje om akademisk ytringsfridom. Dette handlar berre om kvar saka høyrer heime.
— Men BI avviste først klagene med å vise til akademisk fridom og ytringsfridom?
— Vi såg at klagarane stilte spørsmål om brot på forskingsetiske normer. Det betyr som sagt ikkje at ein må granske, men at ein må ta stilling til klagen og vurdere om det er grunnlag for å klage. Vi baserer oss på eit sett av forskingsetiske reglar som set grensene for akademisk ytringsfridom.
— Kan det, generelt, vere eit problem at aktørar med vikarierande agenda utnyttar klageinstansen for kneble eller diskreditere forskinga?
— Dersom terskelen for å stemple noko som vitskapeleg uredeleg hadde vore lågare enn i dag, kunne det ha vore eit problem. Men terskelen er høg. Det er ikkje klagesystemet som er utfordringa når det gjeld akademisk ytringsfridom i dag.
Advokat: «Uetisk »av forskaren
Khrono har vore i kontakt med advokat Geir Winters i KS advokatene. Winters seier han held fast ved at det han ser på som eit bokmanus frå Gottschalk basert på aksjonsforsking var i strid med anerkjente forskingsetiske reglar. Winters har vidare svart på e-post:
Der skriv han at hans oppdrag var «å bistå en setterådmann med å undersøke om et erstatningskrav fra en varsler var juridisk holdbart. I den forbindelse utarbeidet jeg et notat som ble fremlagt for kommunestyret».
Når det gjeld Gottschalks påstandar om at klagen manglar substans, svarer Winters dette:
«Rapporten til det særskilte granskningsutvalget, som BI oppnevnte, kritiserer Gottschalks fremferd som forsker. Videre legger dette utvalget vekt på at «Gottschalk har identifisert punkter der han vil korrigere sin fremstilling.» Utvalgets kritikk og Gottschalks erkjennelser i sitt notat til granskningsutvalget, samt hans lovnader om å korrigere sin fremstilling, mener jeg viser at klagen hadde saklig substans».
I tillegg viser han til at Gottschalk, i samband med granskinga, lova å gjere endringar i teksten som var send Winters, ettersom granskinga peikte på at Gottschalk «på noen punkter» «hadde utvist diskutabel forskningspraksis».
Winters peikar på at Gottschalks manus, som han fekk tilsendt og som han bygde klagen på, var på 301 sider «hvor det fremgår at boken er skrevet av en som er forsker».
Winters skriv i e-posten til Khrono at han meinte Gottschalk «fremsatte uriktige og usaklige påstander, som jeg mente brøt med anerkjente forskningsetiske regler. Etter mitt syn er det uetisk av en forsker å fremsette uholdbare/uriktige påstander i et forskningsdokument uten å først ha foretatt en balansert og adekvat undersøkelse av forholdet».
Kunstnernes Hus har besluttet å avslutte sin leieavtale med Fondet for kunst- og designstudenter (FKDS), skriver Kunstavisen.
Fondet har som formål å støtte studenter ved ulike avdelinger ved Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO). Ordningen med Kunstnernes Hus har siden 2014 gitt nyutdannede kunstnere atelierplasser på huset. Årlig har fire atelier blitt tildelt åtte nyutdannede kunstnere fra Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO).
— Det betyr at FKDS/KHiO må søke etter andre løsninger for å ivareta denne viktige stipendordningen for nyutdannete kunstnere, sier rektor ved KHiO Marianne Skjulhaug til Kunstavisen. Skjulhaug er også styreleder for fondet.
Kunstnernes Hus har i flere år hatt økonomiske problemer, noe som har påvirket beslutningen om å ikke leie til KHiO lenger. Nå inngår huset istedenfor en avtale med Office for Contemporary Art Norway (OCA).
— Det er en stor ære og et stort ansvar forbundet med denne rollen. Det å ivareta lønns- og arbeidsvilkårene til medlemmene våre er det viktigste vi gjør, sier Steen til Khrono.
Steen ble valgt inn på representantskapsmøtet tirsdag 19. november, ved akklamasjon og uten motkandidater. Hun tar over etter Egil André Aas, som har vært leder i LO Stat i åtte år. Det skriver Altinget.
— Jeg overtar akkurat når rikslønsmenda kommer med sin kjennelse, så arbeidet med hovedoppgjør i 2026 starter jo nå. Lønnspolitikken til LO Stat ligger fast og det er viktig for oss å ivareta alle medlemmene sine rettigheter, sier Steen.
LO Stat går gjennom en stor omstilling det neste året, noe som former sakene Steen som leder skal jobbe med. LO Stat skal deles opp, og Spekter går inn i LO.
— Vi skal overføre forhandlingsansvar fra Spekter til LO Stat, og forberede hvordan LO Stat skal se ut fra 1. januar 2026. I tillegg skal vi gjennomføre mellomoppgjør i både staten og Spekter i 2025 samtidig, sier Steen.
Hun får med seg Henriette Jevnaker fra Fagforbundet som 1. nestleder, og Tor Egil Vangstad fra Norges offisers- og spesialistforbund som 2. nestleder.
Steen er tidligere hovedkasserer i Norsk Tjenestemannslag. I tillegg har hun ledet NTL Nav, som med sine rundt 9000 medlemmer er NTL sin største landsforening.
I snitt får 17 prosent av UiO-studentene karakteren A, mens andelen er lavere i både Bergen og Tromsø, skriver Advokatbladet.
Ved Universitetet i Bergen (UiB) er det rundt 13 prosent som får A i gjennomsnitt, mens det ved UiT Norges arktiske universitet er 12 prosent.
Det er i snitt litt over 2 prosent ved Universitetet i Oslo (UiO) som stryker, tilsvarende tall for UiT er 2 prosent og ved UiB litt over 2 prosent. Den vanligste karakteren er C ved alle tre juss-utdanninger. I 2024 er det så langt en tredjedel av jusstudentene som får denne karakteren.
UiT-forskeren Kristoffer Wickstrøm har vunnet pris for en forskningsartikkel om kunstig intelligens.
— En slik anerkjennelse er veldig gøy og et tydelig tegn på at arbeidet vi gjør har høy kvalitet. At artikkelen vår er en del av dette gode selskapet er kjempeflott, spesielt når det er så stor konkurranse fra mange andre sterke bidrag, sier Wickstrøm i en pressemelding.
Forskningsartikkelen hans publisert i Pattern Recognition Letters i 2022, og det er tidsskriftet som gir Wickstrøm prisen. På to år har artikkelen blitt sitert hundre ganger av forskere i hele verden.
Wickstrøm er førsteamanuensis i UiT sin maskinlæringsgruppe. Han har utviklet en ny metode for å lære kunstig intelligens å analysere data uten menneskelig hjelp.
Universitetet i Agder (UiA) har åpnet en av Europas største samlinger av erotisk litteratur på campus i Grimstad. Den kalles Cupido-samlingen og har tilhørt den avdøde redaktøren i Cupido, Terje Gammelsrud.
UiA fikk samlingen i 2020 og siden tildelingen har UiAs bibliotek jobbet med å katalogisere og gjennomgå innholdet i samlingen, som har fått sitt eget rom i biblioteket, ifølge uia.no.
Samlingen består blant annet av tegneserier, erotiske noveller og faglitteratur.
– Dette er en unik samling, både for oss som fagmiljø og for allmennheten. Samlingen består av erotisk litteratur på norsk, dansk, engelsk og fransk, helt fra 1800-tallet av og frem til i dag, sier professor Tor-Ivar Karlsen ved UiA.
Den 22 år gamle studenten Tarald Kongshaug var bassist for bandet For You på konsert i november.
Frontfigur Ed Westwick er verdenskjent for rollen som Chuck Bass i Gossip Girl. Kongshaug sa ja til å spille bass dagen før konserten, og fikk under et døgn på å lære hele repertoaret til bandet. Til vanlig studerer Kongshaug utøvende jazz på jazzlinjen til NTNU i Trondheim.
— Alle i bandet var utrolig hyggelige, og det var veldig gøy å henge sammen etter konserten. Jeg tar med meg masse erfaring om det å lære meg musikk på en effektiv måte, noe som er utrolig viktig når man lever som utøvende musiker, sier Kongshaug til Adresseavisen.
Til vanlig er det nordmannen Hans Kristian Nordin som er bassist for bandet, som har spilt inn og produsert mye av musikken sin i Oslo. Derfor har bandet en spesiell tilknytning til Norge.
Britiske studenter som velger å ta fatt på et utdanningsløp ved University of Birmingham fra og med høsten 2025, vil få et ekstra stipend på totalt 5000 britiske pund fra universitetet, noe som tilsvarer 70.000 norske kroner etter dagens kurs.
Times Higher Education (THE) skriver at universitetet innfører ordningen som et resultat av økningen i skolepenger for britiske studenter.
De 70.000 kronene som nye studenter i Birmingham vil motta skal utbetales over åtte månedlige avdrag i løpet av de to første studieårene, med ytterligere to større utbetalinger det siste året, skriver THE.
Fra og med høsten 2025 vil det være mulig å ta bachelor i byggingeniør-faget ved Universitetet i Agder (UiA), mens du bor og studerer i Listerregionen, skriver NRK.
Tilbudet er et resultat av et nytt samarbeid mellom Studiesenteret Lister Kompetanse og Universitetet i Agder i Grimstad.
Studiet bygges opp som et deltidsstudium som skal gå over fem år.
Nyeste artikler
Første gang dette århundret om alle godkjennes. Og slik ser det ut til å bli
29 unge og lovende forskere får ekstra privilegier
Departementet kan ikkje oppheve mistillit
Skal drøfte omdømme- og merkevarebygging
Rektor Haanes advarer mot politisk styrt nedstemthet
Mest lest
Sjokkmåling: Nær dobling for Frp blant studenter
Kvinner skjuler hvor tøft de har det på jobb etter sykdom. — Jeg lukket døra på kontoret og gråt
Khronos lesere med 37 forslag til Årets navn i akademia 2024
Instituttet sier opp folk, nå slutter instituttleder og får ny jobb utenfor NTNU
1107 årsverk visket bort i akademia i 2024