Styremøte

Framleis for få professorar, sju år etter stiftinga av Nord universitet

Seks av ti har kompetanse som kvalifiserer til stillingar som professor og førsteamanuensis. Det er langt unna målet.

Rektor Hanne Solheim Hansen (i midten) har langt færre professorar og førsteamanuensar på universitetet enn planen var. Bildet er frå ei opning av eit laboratorium i Steinkjer i 2021, med forskar Prabhat Khanal og ordførar i Steinkjer, Anne Berit Lein.
Publisert Sist oppdatert

Universitetet er «relativt langt unna målene som var satt», heiter det i orienteringa som blir lagt fram fram for styremøtet som går av stabelen i Bodø fredag.

Særleg vanskeleg har det vist seg å få nok professorar på plass: Det siste året har talet på årsverk i kategorien «toppkompetanse» stått så godt som stille.

Følg styremøtet direkte frå klokka 08.30

Måla som er sett for andel tilsette med såkalla første- og toppkompetanse, skriv seg frå utviklingsavtalen mellom Nord og Kunnskapsdepartemenet (KD). I avtalane med departementet har måla om fleire professorar og førsteamanuensar stått sentralt heilt sidan Nord universitet vart til gjennom fusjonen av fleire høgskular og Universitetet i Nordland i 2016.

Oppteljinga ved inngangen til 2023 viste at 62 prosent har førstekompetanse, og 17 prosent har toppkompetanse.

«Krevende»

Måla som vart sett i den seinaste utviklingsavtalen, som gjekk ut i 2022, la opp til at 70 prosent av dei fagleg tilsette per i dag skulle ha såkalla førstekompetanse. Andelen med toppkompetanse, som krevst for å kunne bli professor, vart sett til 22 prosent.

Andelen med førstekompetanse auka frå 56 prosent i januar 2017 til 62,3 prosent i februar 2023, ifølgje saksframlegget til Nord-styret.

Andelen med toppkompetanse har derimot gått tilbake: frå 17,3 prosent til 16,7 prosent i dag.

«I perioden for den siste utviklingsavtalen har det vært andelen med ansatte med toppkompetanse som har vært mest krevende å øke», heiter det.

Ifølgje universitetet er fleire førsteamanuensar og professorar noko som må til for «å heve kvaliteten i utdanningene og auke forskningsaktiviteten». Begge delar har vore framheva av Nokut, som fører tilsyn med at institusjonane tilfredsstiller nasjonale krav.

Skulle ha 70 prosent

Etter fusjonen som førte til skipinga av Nord universitet i 2016, gjekk andelen professorar og førsteamanuensar ned til 53 prosent. Dåverande rektor, Bjørn Olsen, slo den gong fast at andelen med førstekompetanse skulle opp til 70 prosent innan 2020. I utviklingsavtalane med departementet har der sidan vore fleire justeringar av måla.

Trass i «et betydelig kompetanseløft med oppstart i 2017», er kompetanseheving «fortsatt en utfordring», konstaterer Nord-leiinga.

Samstundes er der skilnader mellom fakulteta.

Høgast andel med toppkompetanse per fagleg tilsette har i dag Fakultet for samfunnsvitskap. Der har i dag nær 24 prosent av dei tilsette kvalifikasjonar til å vere professor. Dette er dermed det einaste fakultetet som har nådd målet på dette punktet i utviklingsavtalen. Fakultetet har også høgast andel med førestekompetanse med 78 prosent.

Lågast andel med topp- og førstekompetanse har Fakultet for sjukepleie og helsevitskap. Der er andelen tilsette som er eller kan bli professorar på 11. prosent.

Professorprogram

Hausten 2021 sette universitetet i gang eit professorprogram med sikte på å løfte eigne tilsette til første- og toppkompetanse. Så langt har 1 av dei 27 deltakarane fått opprykk til professor. Tre andre har søkt, og dei fleste av dei andre deltakarane planlegg ifølgje Nord universitet å søke opprykk i løpet av 2023. Tre har slutta på programmet.

Blant dei andre sakene på universitetsstyremøtet fredag er campus og infrastruktur, oppgradering av studiestad Namsos og investeringsplanar.

LES SAKSLISTE

Retting, 10.3.2023, kl. 10.03: I saka stod det opphavleg at Fakultet for lærarutdanning, kunst og kulturfag har høgast andel toppkompetanse/professorkompetanse. Dette er ikkje rett. Høgast andel har Fakultet for samfunnsvitskap.

Powered by Labrador CMS