Nytt om folk
Frå Universitetet i Bergen til Folkehelseinstituttet
Professor Guri Rørtveit ved Universitetet i Bergen blir ny toppsjef for Folkehelseinstituttet.
Guri Rørtveit er professor i allmennmedisin ved Universitet i Bergen og instituttleiar ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin.
Ho blei utnemnd til ny direktør for Folkehelseinstituttet (FHI) i statsråd onsdag.
– Eg er svært nøgd med tilsettinga av Rørtveit i denne viktige stillinga. Ho er utan tvil godt kvalifisert med si lange og breie erfaring både som lege og forskar – og som leiar for sterke kunnskapsmiljø. Eg ser fram til eit godt samarbeid med ho og Folkehelseinstituttet framover, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol i ei pressemelding.
Guri Rørtveit tar over toppleiarjobben i FHI etter Camilla Stoltenberg, som i oktober starta i ny jobb som konsernsjef i forskingskonsernet Norce.
Bakgrunn frå UiT og UiB
Rørtveit er utdanna lege ved Universitetet i Trondheim og har doktorgrad frå Universitetet i Bergen i 2004.
Den nye FHI-direktøren har vore forskingsleiar ved Allmennmedisinsk forskingseining i Bergen ved UNI Research Helse. I 2009 blei ho professor, og sidan 2016 har ho leia Institutt for global helse og samfunnsmedisin.
– Samspelet mellom samfunn og individuell helse har alltid interessert meg, og eg gler meg til å arbeide for betre folkehelse saman med dei dyktige fagfolka ved Folkehelseinstituttet. Direktørjobben gir ein unik moglegheit til å bidra til tilrettelegging for god helse, seier Guri Rørtveit.
Ukomfortabel med Borten Moe
Rørtveit har tidlegare vore kritisk til at Ola Borten Moe blei utnemnd til øvste sjef for høgare utdanning. Bakgrunnen var den famøse tekstmeldinga som vart send til Liv Signe Navarsete under ein hyttetur med mannlege senterpartipolitikarar.
I eit lesarinnlegg i Khrono med tittelen «Jonas, vi må snakke om at to av dine ministre var på den hytteturen», skreiv Rørtveit:
«Da Ola Borten Moe ble utnevnt til øverste sjef for mitt fagfelt, kjente jeg det som et slag i magen.»