ny jobb

Frå Stortinget til nyoppretta stilling ved Høyskolen Kristiania

Carl-Erik Grimstad er ny direktør for samfunnskontakt ved høgskulen.

Carl-Erik Grimstad skal kombinere undervisning og samfunnskontakt når han no vender tilbake til Høyskolen Kristiania etter fire år på Stortinget.
Carl-Erik Grimstad skal kombinere undervisning og samfunnskontakt når han no vender tilbake til Høyskolen Kristiania etter fire år på Stortinget.
Publisert Oppdatert

I 2017 tok Carl-Erik Grimstad permisjon frå jobben som førsteamanuensis ved Høyskolen Kristiania for å representere Venstre på Stortinget.

Eigentleg hadde han tenkt å fråtre stillinga den gongen, men seier til Khrono at høgskulen insisterte på at han skulle bli verande.

No er 69-åringen tilbake i rekkene til høgskulen, med giv og motivasjon, og attpåtil i ei heilt ny rolle og og med ny tittel.

— Eg ringde 14. september og sa at no kjem eg tilbake, seier Grimstad.

Fakta

Carl-Erik Grimstad (69)

Grimstad er både statsvitar, kommunikasjonsrådgjevar, forfattar, skribent, politikar og forelesar.

Han har tidlegare vore presseoffiser for den norske UNIFIL-styrken i Libanon (1985-86).

Seinare var han sekretær for H.K.K. Kronprinsessa (1989-91), soussjef ved slottet (1991-93), reporter for TV2 i London (2001-02) og varaordførar i Tjøme kommune (2015-2017).

Dei siste fire åra har han sete som stortingsrepresentant for Venstre og vore medlem av Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget (2017-21).

Grimstad er utdanna cand.polit. ved Universitet i Oslo, og har sidan 2010 undervist i journalistikk ved Høyskolen Kristiania.

Skal ikkje skrape på dørene til myndigheitspersonar

I dialog med leiinga var Grimstad tydeleg på at han kunne vere tilgjengeleg som ein «døropnar».

Likevel kom det overraskande på han då telefonen kom frå administrerande direktør Solfrid Lind med spørsmål om å tre inn i ei heilt nyoppretta stilling som direktør for samfunnskontakt.

— Den kom ganske overraskande på meg og var veldig kjærkomen. Dette er veldig interessant og det er morosamt å få moglegheita til å forme ei slik stilling for ein så framoverlent institusjon, seier Grimstad. Han legg til:

— Eg synest jo at eg sjølv er godt kvalifisert for ein slik jobb. Eg har eit relativt breitt nettverk i og utanfor politikken.

Grimstad er tydeleg på at det ikkje skal vere ein tradisjonell lobbyistjobb som går ut på å skrape på dørene til myndigheitspersonane i dette landet.

— Det er ikkje stilen min. Eg er oppteken av å skape den dialogen kor vi legg premissane i like stor grad som det offentlege gjer det. Det er slik politikk blir utforma. Eg ser jo på universitets- og høgskulesektoren som ein veldig viktig arena for god, norsk samfunnsutvikling. Det er den dialogen som vert skapt i dette møtet som er inspirerande med å ta denne jobben, seier Grimstad.

Siktar mot universitetsstatus

Administrerande direktør Lind er godt nøgd med den nye signeringa.

— Carl-Erik kjenner oss og sektoren svært godt, og med fire år på Stortinget bak seg har han ein unik kompetanse som vil vere nyttig i vårt arbeid med å bygge Noregs første uavhengige universitet, seier Lind i ei pressemelding.

Det er altså der ambisjonane er og dit høgskulen no siktar mot, universitetsstatusen.

Difor meiner Grimstad tida er inne for at høgskulen får ein direktør for samfunnskontakt.

— Dette er heilt i samsvar med skulen og det vi står for. No er vi i en posisjon kor vi er etablerte som ein vesentleg aktør. Vi har auka studenttalet vårt tre gonger frå då eg gjekk ut dørene i 2017. I 2017 hadde ikkje mange trua på ambisjonane om at vi skulle bli eit universitet. Men no har vi det. Til det krevst det nytenking og den er også på plass, men også forholdet til styresmaktene, seier Grimstad.

— Kunne ikkje tenke meg å spa i eit blomsterbedd no

Men den nye rolla og tittelen kjem i tillegg til jobben som førsteamanuensis. Grimstad skal framleis halde fram å undervise studentane ved høgskulen i mellom anna journalistikk og samfunnsfag.

— Ja, det har eg insistert på. Eg synest det er håplaust å fylle rolla som kontaktskapar mot det offentlege dersom ein ikkje har nokon følelse med studentane. Eg skal vere like mykje ein døropnar for studentane som for skulen, seier Grimstad.

— Du sa innleiingsvis at du vurderte å fråtre stillinga di ved høgskulen då du skulle på Stortinget, mellom anna på grunn av alderen. Men no gyv du laus på nye utfordringar?

— Ja, seinast i dag er den diskusjonen komen opp igjen med ei aldersgrense på 70 år. Det er heilt meiningslaust. Den første som seier at eg har restarbeidsevne kjem eg til å smelle til. Det er ikkje det det dreier seg om. Det er uhorvelig mykje eg har lyst til å bruke mi erfaring til. Eg kunne ikkje tenke meg å sette meg ned og spa i eit blomsterbedd akkurat no, seier Grimstad.

Han seier at fire arbeidskrevjande og intensive år på Stortinget, der han har vore nøydd til å vere til stades «heile tida», kan ha noko med saka å gjere.

— Det å skru av knappen er så framandt for meg at eg ikkje har ord for det, seier Grimstad.

Allereie 1. desember var han i gang i sin nye jobb hjå Høyskolen Kristiania.

Powered by Labrador CMS