Høyskolen i Kristiania

Ny styreleiar for Høyskolen Kristiania: — Vi skal vere ein stor og viktig aktør

Det viktigaste er å bidra til målet om å bli universitet. Men når dette kan skje, veit ikkje Høyskolen Kristianias nye styreleiar, Kyrre Lekve.

— Det er ikkje eit spørsmål om kor mange, men kva slags universitet vi bør ha. Politikken bør legge opp til at vi har forskjellige universitet, seier påtroppande styreleiar ved Høyskolen Kristiania, Kyrre Lekve.
Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Onsdag blir Kyrre Lekve utnemnd til ny styreleiar for Høyskolen Kristiania. Lekve er i dag viseadministrerande direktør i forskingsselskapet Simula Resarch Laboratory. Han har tidlegare vore politikar, og var frå 2007-2012 politisk rådgivar og statssekretær for SV i Kunnskapsdepartementet.

Den viktigaste jobben framover blir å etablere Noregs første private universitet.

— Min jobb blir å bidra til at Høyskolen når sine mål, og spesielt målet om å bli eit uavhengig universitet, seier Lekve til Khrono.

Han seier dette er ein langsiktig ambisjon. Men han ønskjer ikkje å seie meir om når det kan bli ein realitet.

— Konsentrere ressursane

— Det handlar om å løfte kvalifikasjonar blant dei tilsette, bygge ein open kultur og konsentrere ressursane på ein god måte, som ikkje går utover grunnutdanningane. Når vi kan bli eit universitet, kjem an på kor godt vi lykkast med dette og på kva slags kriterium styresmaktene har for å kunne bli universitet, seier Lekve.

Marinbiologen har doktorgrad med ei avhandling om variasjonar i fiskeartar i strandsona på Skagerrakkysten, og har ein heilt annan bakgrunn enn avtroppande styreleiar Peter Wesenberg. Han har dei siste siste 15 åra vore direktør i Nokas Cash Handling.

— Peter har mykje sterkare kompetanse på kommersiell drift enn meg. Men eg trur denne delen vil bli godt i ivareteken i ein veldriven organisasjon. Eg kan bidra med sektorkompetanse og akademisk kompetanse. Dette er lagarbeid.

Blir ikkje for mange universitet

— Enkelte meiner det går inflasjon i universitet i Noreg?

— Eg meiner det er feil. Det er ikkje eit spørsmål om kor mange, men kva slags universitet vi bør ha. Politikken bør legge opp til at vi har forskjellige universitet. Dersom lagar eit system der alle skal likne på Universitetet i Oslo, feilar vi.

— Kva er nytt og annleis med Kristiania?

— Vi skal vere arbeidslivsnære og bygge på dei utdanningane vi har. Slik sett liknar vi på ei gruppe av både nye og kanskje snart nye universitet som er sterkt arbeidslivsorienterte.

— Du seier du vil konsentrere ressursane, betyr dette å spisse og prioritere færre fagmiljø?

— I utgangspunktet har høgskulen ganske gode einskapelege fakultet som eg oppfattar eignar seg godt til å bygge breie doktorgradsutdanningar på, seier Lekve.

Høyskolen Kristiania er i dag Noregs største breddehøgskule med cirka 18 000 studentar og 800 tilsette. Høgskulen har utdanningar frå bachelor til masternivå , mellom anna i marknadsføring, kommunikasjon, informatikk, helsevitskap og kunstfag. Det gjer Høyskolen Kristiania til Noregs største breiddehøgskule. Høgskulen har også søkt NOKUT om sine to første doktorgradsstudier.

Powered by Labrador CMS