John-Arne Røttingen i Forskingsrådet er lei av budsjettkutt, men tek sjølvkritikk på at dei sit att med store summar ubrukte midlar kvart år. Foto: SIri Øverland Eriksen

Forskingsrådet ser til Sverige og NRK etter fleire år med kutt

Forsking. 50 viktige forskingsprosjekt risikerer på sikt å ikkje bli finansierte med det nye kuttet regjeringa legg opp til i 2020. Forskingsrådet ønskjer seg no ei ny budsjettordning for å få bukt med kutt-trenden.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Det er naudsynt at tildelingane frå dei 15 departementa framover blir meir føreseielege og langsiktige, for å unngå mellombelse kutt i forskings- og utviklings-investeringane. Difor bør det etablerast eit 4-årig langtidsbudsjett for Forskingsrådet, seier John-Arne Røttingen, direktør i Forskingsrådet, til Khrono. Han legg til:

Fakta

Kort fortalt: Usemje kring investeringar i forsking

Statsbudsjett 2020 inneber ein realnedgang til forsking og innovasjon på 330 millionar kroner, ifølgje Forskingsrådet.

BNP-andelen går ned frå 1,09 prosent til 1,03 prosent frå 2017 til 2020. I kroner utgjer dette om lag ein milliard.

Forskingsrådet får enno eit eingangskutt på 484,3 millionar kroner i 2020. Liknande kutt fekk rådet i 2017 (337 millionar kroner) og i 2018 (105 millionar kroner).

Dei siste åra har Forskingsrådet blitt løyvd rundt 10 milliardar kroner over statsbudsjettet. Av desse har kring 3 milliardar ubrukte midlar blitt overførte til neste års budsjett.

Forsking- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø meiner difor at rådet har likviditet til å handtere kuttet for 2020.

Forskingsrådsdirektør John-Arne Røttingen er usamd og meiner det vil gå utover forskinga på sikt. Han meiner det ligg i forskingsfinansieringa sin natur at midlar må overførast frå eitt år til eitt anna.

På bakgrunn av dette, ynskjer Røttingen seg eit 4-årig langtidsbudsjett for Forskingsrådet.

Politik handlar om at vilja, som Olof Palme sa. Eg trur det er lurt å ville dette.

John-Arne Røttingen

— Dels kan budsjettet vere inspirert av korleis dei gjer det i Sverige og dels av korleis NRK skal finansierast over statsbudsjettet framover.

Detaljane i dette forslaget kjem vi tilbake til. Men kva ligg bak dette ønsket? La oss spole litt tilbake i tid.

Kutt i forskingsinvesteringar: — 50 prosjekt vil på sikt gå i vasken

Fleire uttrykte sterk uro for framtida til norsk forsking då regjeringa la fram forslag til statsbudsjett for 2020 på måndag.

Ikkje nok med at prosentdelen av BNP til forsking og innovasjon går ned frå 1,09 prosent i 2017 til 1,03 prosent i 2020, så har Forskingsrådet fått nok eit eingongskutt på 484,3 millionar kroner knytt til avsettingane sine.

Totalt sett vil forskings- og utviklingsbudsjettet ha ein realnedgang på 330 millionar kroner samanlikna med fjoråret, ifølgje Forskingsrådet sine utrekningar.

Forsking- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø står fast på det ho sa budsjettdagen:

— Den eittårige reduksjonen i bevillingane skal ikkje føre til redusert forskingsaktivitet eller kor mange forskingsprosjekter som får tildelt midlar i 2020. Forskingsrådet skal halde fram med å lyse ut midlar til forskingsprosjekt som om bevillingane ikkje var reduserte. Dette har dei likviditet nok til å handtere. Kuttet kjem fordi Forskingsrådet over tid har bygd opp store avsettingar, seier Nybø til Khrono.

John-Arne Røttingen, direktør for Forskingsrådet, er usamd med Nybø og reagerer på at det vert beskrive som eit teknisk kutt.

— Dette er ei bevisst nedkorting av forsking- og utviklingsbudsjettet. Om vi tek utgangspunkt i at ein gjennomsnittleg kostnad på eit prosjekt er på 10 millionar kroner, så betyr dette at rundt 50 støtteverdige prosjekt på sikt ikkje vil bli finansierte, seier Røttingen til Khrono.

Kva er det som gjer at regjeringa og Forskingsrådet har så ulik oppfatning om kva dette kuttet vil innebere? Og kvifor ser Røttingen mot Sverige og NRK i håp om å snu kutt-trenden?

Forskingsrådet sine inntekter, forbruk, overføringar og kutt

År Totale inntekter Løyve frå departementa Forbruk Ubrukte midlar overført frå tidl. år Kutt
2020Uvisst9,83Uvisst3,20,48
201910,2710,08Uvisst3,00
20189,959,639,872,930,11
20179,779,5410,113,310,34
20169,529,309,323,180
20158,488,278,510

Tal i milliardar. Kjelde: Forskingsrådet

Ting tar tid

Forskingsrådet har blitt løyvd rundt 10 milliardar kroner over statsbudsjettet dei siste åra. Av desse har kring 3 milliardar blitt overførte til neste års budsjett. Dette har Forskingsrådet høve til fordi dei er ei såkalla statleg nettobudsjettert verksemd.

Forsking- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø forsvarer eingangskuttet til Forskingsrådet. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Dermed har Forskingsrådet opparbeidd seg ein reserve på om lag 3 milliardar som flyttar seg frå eit år til neste år. Det er fleire ulike årsaker til at det har blitt slik, men det ligg i forskingsfinansieringa sin natur at ting tar tid, forklarer Røttingen.

Han skisserer eit eksempel:

— Sei at vi får politiske signal om ei forskingssatsing hausten 2019. Då må vi få dette inn i våre system, vi må formulere ei utlysing som vi kanskje først får ut i januar 2020, med søknadsfrist i april. Deretter må vi vurdere søknadene og tildelinga av finansiering vil skje kanskje seks månader seinare. Søkaren som etterkvart vert valt ut kan likevel kanskje ikkje setje prosjektet i verk før i 2021. Dermed blir pengane overførte til neste budsjettår. Slik er det å drive eit forskingsråd og til ei kvar tid har vi forpliktingar på om lag 15 milliarder for åra framover, seier Røttingen.

Difor er det naudsynt med overføringar på ein viss størrelse, for at Forskingsrådet skal klare å ha kapital for å finansiere prosjekta som går over fleire år, meiner Røttingen. Og det har også statsråden forståing for.

— Eg forstår at det tek tid å sette i gang nye prioriteringar og forskingsprogram. Difor vil det framleis vere naturleg at Forskingsrådet overfører nokre midlar frå eitt budsjettår til eitt anna, seier Nybø.

Auka fokus på ubrukte midlar i sektoren

Likevel har Forskingsrådet opplevd eingangskutt både i 2017 (337 millionar kroner), i 2018 (105 millionar kroner) og ventar seg no eitt nytt i 2020 (484,3 millionar kroner).

Røttingen seier at Forskingsrådet i dei siste åra difor har jobba hardt for å prøve å få ned overføringane, men at det nyleg har blitt stukke kjeppar i hjula.

— Dei siste par åra har det blitt auka merksemd i sektoren rundt dette med oppbygging av avsettingar. Universiteta og høgskulane har fått sine forpliktingar i samband med dette. Så dei vil ikkje sitje på ubrukte forskingsmidlar frå oss. Difor ber dei om utsetjing eller så tilbakefører dei ofte pengar til oss mot slutten av året. Vi blir på ein måte banken til institusjonane og det er ein ny realitet vi er nøydde til å ta inn i våre kalkyler, seier Røttingen.

Merksemda kring ubrukte midlar i sektoren kjem nok ikkje til å gi seg med det første. Tysdag retta Riksrevisjonen krass kritikk mot Kunnskapsdepartementet si manglande handtering og styring av ubrukte middel blant høgskulane og universiteta.

Skal ta større risiko framover

Trass i denne nye realiteten Forskingsrådet no opererer i, tek Røttingen sjølvkritikk på at dei framleis sit att med så store summar ubrukte midlar kvart år. Han fortel at det var i åra 2013 til 2015 at avsettingane verkeleg byrja å hope seg opp.

I denne perioden var det store endringar i Forskningsrådet knytt til at mange program vart avslutta og nokre vart gitt ei ny periode. Dette førte til eit lågare aktivitetsnivå i perioden mellom gammalt og nytt program, noko som igjen førte til store overføringar, når inntektene var på same nivå.

— Eg er ikkje fornøgd med at vi ikkje har klart å ta tilstrekkeleg risiko. Dei siste to åra burde vi ha vore meir framsynte, og eg tek sjølvkritikk på at vi ikkje har auka løyvingane utover inntektsnivået, seier Røttingen og legg til:

— På same måte som at høgskulane og universiteta må ta inn fleire studentar enn dei har kapasitet til, fordi fleire ikkje dukkar opp, så må vi seie ja til fleire prosjekt enn det vi eigentleg har pengar til. Dette fordi prosjekt vi har gitt forskingsmidlar kan bli avslutta tidlegare enn planlagt eller dei kanskje har ein lågare kostnad enn venta.

Svensk løysing?

I tillegg til å ta større risiko framover, trur Røttingen at ei meir langsiktig og føreseieleg budsjettordning kan få bukt med overførings-problematikken.

Røttingen hentar inspirasjon frå det 4-årige langtidsbudsjettet for forsking som dei opererer med i Sverige. Der blir dei fire forskingsråda (Vetenskapsrådet, Formas, Forte og Vinova) løyvde pengar over ein fireårsperiode.

Sven Stafström er generaldirektør i det svenske Vetenskapsrådet. Foto: Johanna Hanno

Røttingen sin direktør-kollega i Vetenskapsrådet, Sven Stafström, seier til Khrono at denne budsjettordninga har vore avgjerande for deira arbeid.

— Langsiktigheit i våre tildelingar er avgjerande for at vi kan gjere ein god jobb som forskingsfinansierar. Vi har jobba med finansieringsstrategiar i nokre år no, der vi planlegg korleis vi kan utvikle instrumenta våre og skape enno meir effektiv forskningsfinansiering. For at desse strategiane skal kunne implementerast, må vi ha kjennskap til utviklinga i tildelingane våre, seier Stafström til Khrono. Han legg til:

— Og regjeringane har i dei fleste tilfelle halde seg til prioriteringane i det forskningspolitiske budsjettforslaget, sjølv om det har vore regjeringsskifte i løpet av fireårsperioden.

Eller NRK-løysing?

Forskingsrådsdirektøren viser også til eit eksempel innanfor våre eigne landegrenser. Nemleg korleis NRK skal finansierast framover. Ifølgje Røttingen vil det bli gjort eit budsjettvedtak i Stortinget som, justert for pris- og lønnsvekst kvart år, vil strekke seg over fire år.

Det er ikkje planlagt å vurdere endringar i finanseringa av Forskingsrådet.

Iselin Nybø

NRK får berre tildelingar frå eit departement, medan Forskingsrådet får løyvd pengar frå alle 15 departementa. Røttingen forstår at ei liknande ordning for Forskingsrådet kan verte meir krevjande på bakgrunn av dette, men meiner likevel ikkje at det bør vere eit hinder.

— Politik handlar om at vilja, som Olof Palme sa. Eg trur det er lurt å ville dette, seier Røttingen.

Står fast ved eittårsprinsippet

Men regjeringa vil ikkje, opplyser forsking- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø.

— Det er ikkje planlagt å vurdere endringar i finansieringa av Forskingsrådet. Eittårsprinsippet tilseier at bevillingane blir vedteke av Stortinget kvart budsjettår, og dette vil gjelde også framover for Forskingsrådet, seier Nybø og legg til:

— Eg vil også påpeike at vi nyleg la fram ein Langtidsplan for forsking og høgare utdanning, som har eit tiårsperspektiv. Dei tre opptrappingsplanane på 1,5 milliardar kroner over 4 år gir tydelege signal om kva vi vil prioritere framover.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS