Her er det sittande rektoratet ved OsloMet avbilda i 2015. (F.v.) Morten Irgens, prorektor for FoU, rektor Curt Rice og prorektor for utdanning Nina Waaler. No vil Rice utvide rektorartet og erstatte prorektor for forsking med to nye viserektorar for forsking og innovasjon. Foto: Benjamin Ward, OsloMet
Her er det sittande rektoratet ved OsloMet avbilda i 2015. (F.v.) Morten Irgens, prorektor for FoU, rektor Curt Rice og prorektor for utdanning Nina Waaler. No vil Rice utvide rektorartet og erstatte prorektor for forsking med to nye viserektorar for forsking og innovasjon. Foto: Benjamin Ward, OsloMet

Rektor Rice kuttar prorektor for FoU og vil heller tilsette to viserektorar

Får kritikk. Rektor Curt Rice ved OsloMet kuttar stillinga som prorektor for forsking og ønsker å erstatte den med to viserektorar - ein for forsking og ein for innovasjon. Tillitsvalde og hovudverneombod er sterkt kritiske til prosessen og manglande involvering.

Publisert   Sist oppdatert

Sist fredag blei det kjend, gjennom møteinnkalling til informasjons-, drøftings- og forhandlingsmøte (IDF) mellom leiinga og tillitsvalde, at rektor Curt Rice ved OsloMet vil gjere ei større omorganisering i toppleiinga ved universitetet.

Seint måndag kveld blei papira til OsloMets styremøte som skal haldast på eit hotell i Amsterdam 6. februar, også lagt ut — og der ligg same sak. Universitetsstyret, som avsluttar sin styreperiode til sommaren, arrangerer både styreseminar og styremøte i Amsterdam over to dagar i februar. Møtet, som er årets første, har få saker til vedtak og diskusjon, og er sett opp til å vare i tre timar.

I saksdokumenta kjem det fram at rektor ønsker å lyse ut ei viserektorstilling for forsking, men til Khrono seier han at han etterkvart ser for seg enno ei viserektorstilling, og då for innovasjon.

Varsla endringar i desember

Dette er dårleg handverk, og ein elendeg prosess.
Marthe Eikum-Tang
Hovudverneombod, OsloMet

OsloMet-rektor Rice varsla allereie etter styremøtet i desember i fjor at det kunne kome endringar i toppleiinga. Universitetsstyret skulle etter planen tilsette to prorektorar, ein for forsking og ein for utdanning 14. desember 2018. Etter det Khrono kjenner til, hadde Rice innstilt på å tilsette begge dei noverande prorektorane, Nina Waaler (for utdanning) og Morten Irgens (for forsking) i ein ny fireårsperiode frå 1.august 2019. Men i siste liten trakk han innstillinga på tilsetting av Irgens.

Styret har imidlertid vedteke, i september 2018, å utlyse to prorektorstillingar. Så etter det Khrono kjenner til har ikke spørsmålet om viserektor(ar) vore drøfta i styret heller. Men det blir no lagt fram på møtet i Amsterdam i byrjinga av februar.

Rektor Rice seier til Khrono at han no gjer desse grepa i leiinga, mellom anna for å få ein tydelegare nestkommanderande, i prorektor Nina Waaler.

— Under min eigen tilsettingsprosess kom det fram at styret ønska at eg skulle ha ein tydelegare stedfortreder, seier Rice.

— Er det fordi styret meiner du er for mykje «utanriks» og for lite «innanriks»-rektor?

— Eg ville ikkje har formulert det slik. Men dei var opptekne av dette, seier han.

— Kva legg du i skilnaden mellom prorektor og viserektor?

— Viserektor er ei litt smalare stilling. Og eg har lyst til å dele opp ansvarsområda prorektor for FoU (forsking og utvikling) har i dag, slik at vi også kan få ei tyngre satsing på innovasjon. I alle fall ønsker eg å ha moglegheit til å vurdere dette.

Kritiske tillitsvalde

No kjem endringane, men hovudtillitsvald Erik Dahlgren i Forskarforbundet ved OsloMet og hovudverneombod, Marthe Eikum-Tang, reagerar på ein udemokratisk og lite involverande prosess.

Dei er provoserte over at rektor Curt Rice legg opp til ei omorganisering av toppleiinga ved OsloMet utan å på førhand drøfte og informere dei tilsette sine organisasjonar, og dei som vil bli råka av omorganiseringa.

Uklar organisering

Ifølge saksdokumenta har heller ikkje Rice heilt klart føre seg korleis den endelege organiseringa vil sjå ut. Rice skriv mellom anna:

«En slik endring vil kunne påvirke organisering av de administrative enhetene som i dag ligger under Divisjon for utdanning og bibliotek og Divisjon for FOU, blant annet vil det være behov for å få på plass ledelse av OsloMets arbeid med innovasjon og entreprenørskap. Det kan også være behov for å se på prorektor og viserektors ansvar i forhold til ledelse av disse divisjonene.»

Vidare heiter det at rektor vil kome tilbake til styret i løpet av våren 2019 med forslag til korleis dette kan gjerast, slik at endringane kan skje når åremålsperioden til sitjande prorektor for FoU, Morten Irgens, går ut 31.juli.

Verneombod: Dårleg handtverk

— Eg blei skikkeleg overraska når denne saka dukka opp på innkallinga til informasjons-, drøftings- og forhandlingsmøte (IDF-møte), seier hovudverneombod ved OsloMet, Marthe Eikum-Tang.

Hovudverneombod Marthe Eikum-Tang er overraska over sak om omorganisering av toppleiinga på OsloMet. Foto: Siri Øverland Eriksen
Hovudverneombod Marthe Eikum-Tang er overraska over sak om omorganisering av toppleiinga på OsloMet. Foto: Siri Øverland Eriksen

Ho meiner at framgangsmåten og prosessen som rektor legg opp til, bryt med lova, i og med at så store endringar, som vil få konsekvensar for mange tilsette, er overgripande for heile verksemda.

— Det står at verneombod og tillitsvalde skal inn så raskt som mogleg i slike saker.

Ho kjem også til å ta opp saka på møte i Arbeidsmiljøutvalet i dag, tirsdag.

Eikum-Tang har fått fleire meldingar frå urolege tilsette etter at saka blei kjend internt sist fredag.

— Dette er dårleg handverk, og ein elendeg prosess. Allereie sidan før jul, då det blei kjent at rektor ikkje fremja sak om tilsetting av prorektor for forsking, fordi han ville gå gjennom toppleiinga, har det vore uro i FoU-administrasjonen. Forskingsdirektøren slutta i stillinga for over to og ein halv månad sidan, og stillinga er enno ikkje lyst ut, sier ho, og legg til:

— 40 prosent av dei tilsette i FoU-avdelinga er mellombelse tilsette. Heile avdelinga kjenner seg nedprioritert, sjølv om vi no har blitt universitet og forsking skal prioriterast høgt. Dette er slett ikkje bra, seier Eikum-Tang.

Ho viser også at det er ein debatt ved OsloMet om dagen om universitetsdemokrati. Fredag, same dag som IDF-papira blei lagt ut, sa rektor Rice i Khrono at: Utvikling av universitetsdemokratiet er svært viktig for meg.

Ikkje i demokratiet si ånd

— Slik denne saka er handtert og lagt fram no så er ikkje det i universitetsdemokratiet si ånd, seier hovudverneombodet.

— Kva må gjerast no, meiner du?

— Her må rektor ta eit steg tilbake og sjå på involvering og prosess . Kan hende er denne omorganiseringa ein god ide, det veit ikkje eg. Men det kan vi drøfte og finne ut av, og så kan han kome med ei innstilling til universitetsstyret. No skjer ting heilt i feil rekkefølge, meiner Marthe Eikum-Tang.

Også Erik Dahlgren i Forskarforbundet på OsloMet har fått mange meldingar frå uroa tilsette.

— Det er mange som reagerer på prosessen og manglande informasjon, seier han til Khrono.

Forskarforbundet: Nedgradering av forsking

Han legg til at forslaget ikkje er i tråd med interessa til til OsloMet.

— Heile forslaget er ei nedgradeing av FoU-området, seier han.

Heile forslaget er ei nedgradering av FoU-området.
Erik Dahlgren
Hovudtillitsvald Forskarforbundet, OsloMet

— Vanlegvis brukar dei tilsette å kritisere for mykje satsing på forsking og for lite på undervisning, men her er det motsett?

— Det betyr ikkje at vi meiner at ein ikkje skal satse på undervisning. Vi seier jatakk, begge delar, seier han.

Dahlgren viser også til Rambøll-rapporten om administrasjon for framtida, som meinte det var to område på OsloMet som burde vere skjerma for effektiviseringskutt; nemleg FoU-avdelinga og IT-seksjonen.

— Det ser ikkje ut som om dette gjeld no, seier Dahlgren.

Den foreslåtte omorganiseringa i toppen av det ferske universitetet innber også at prorektor for utdanning endå tydelegare enn før blir rektor sin nestkommanderande.

Khrono gjer merksam på at Dahlgren og Eikum-Tang sine kommentarar gjeld saksdokumenta om den eine viserektorstillingen for forsking. Den andre stillinga var ikkje kjent då Khrono snakka med dei.

Rice skjønar ikkje kritikken

Rektor Rice seier til Khrono at han ikkje forstår kritikken av prosessen no.

— Vi skal jo nettopp informere og drøfte saka i IDF-møte denne veka, seier Rice, som meiner at de tillitsvalde no er informert om saka.

— Eg vil oppmode fagforeiningane til å bruke dei demokratiske organa vi har til å diskutere desse tinga. Det er det vi har lagt opp til her, seier Curt Rice.

Khrono har vore i kontakt med noverande prorektor for forsking, Morten Irgens, og spurt om han var informert om endringane og og han eventuelt vil søke nokre av dei to viserektorstillingane, men han ønsker ikkje å uttale seg om saka.