politihøgskulen
Forsking: — Studentar skuffa over at studiet er såpass teoretisk
Pål Winnæss har følgt eit årskull med politistudentar gjennom tre studieår.
Akademiske studium er det studentane ved Politihøgskulen (PHS) minst ønskjer seg.
Det har førsteamanuensis ved Politihøgskulen, Pål Winnæss, funne ut gjennom doktorgradsarbeidet sitt ved Institutt for kriminologi ved Universitetet i Oslo (UiO).
Det er forskingsmagasinet Apollon som har skrive om Winnæs si doktorgradsavhandling.
— Studentane blei både overraska og skuffa over at studiet var såpass teoretisk, uttalar Winnæss.
Han grunngjev dette med at studentane set den praktiske kunnskapen opp mot teoretisk kunnskap, og meiner funna hans er eit paradoks sett opp mot det offisielle kunnskapssynet til politiet, som legg vekt på forskingsbasert og vitskapleg kunnskap.
Winnæs har også funne ut at lysten til og interessa for å tileigna seg teoretisk kunnskap syn utover i studieløpet til politistudentane, skriv Apollon.