Over 100 studentforeiningar viste seg fram under foreiningsdagane ved OsloMet (bildet) og Universitetet i Oslo sist veke.

Her kan du finna Oslo-flokken din

Foreiningsdagar. Khrono har sjekka ut studentanes tilbod om eit aktivt foreiningsliv ved dei to universiteta i Oslo. Bli med på bildekarusell blant foreiningane ved Universitetet i Oslo og OsloMet.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Sist veke var det foreiningsdagar både på OsloMet og UiO. Her har alle studentforeiningar i Oslo og Akershus høve til å stå på stand og rekruttere nye medlemmar.

Frå OsloMet

3D-printa sykkel. Foto: Runhild Heggem
Anne-Sofie Schulstad prøver seg på 3D-printa labyrint-puslespel. Ho kommenterte til Khrono at det var gøy og interessant. Foto: Runhild Heggem
Nestleiar i Makers, Truls Garder (t.v.) sa dette om foreninga: Ny foreining for kreative sjeler som vil vere sosial, lage ting og lære nytt. Foto: Runhild Heggem
OsloMet Gaming hadde demostrasjon av VR. Her får SP-Tigeren prøve seg. Denne foreininga er med i - forening for alle - som vil si at dei er ekstra gode på inkludering. Foto: Runhild Heggem
Frøya Nyttingnes og Marte Bjørneng frå OSI Dans viste fram ein dansekoreografi for alle frammøtte. Bjørneng, som er styreleiar i foreininga fortalde at dei har eit stort fokus på det sosiale, og det er opent for alle nivå. Mange studentar ser på dette som eit godt avbrekk i studiekvardagen. Foto: Runhild Heggem
Galleri Neuf hadde lagt fram malesaker og fortalde om korleis ein Vernissage hos dei på Chateau Neuf kan foregå. Foto: Runhild Heggem
Simon Chirwa, Klara Flyman og Sotirios Tsolanta frå den nystarta foreininga Insj, forklarte at dei tilbyr unge entrepenørar frå mange ulike felt hjelp med å lykkast med sine prosjekt. Blant anna har dei mentorprogram og kontorplass. Foto: Runhild Heggem
Styremedlemmer Tommy Slinning og Joaquim Tirack frå OsloMet Poker, fortalde Khrono at dei har omtrent 50 medlemmar frå mange ulike studiestader. Foto: Runhild Heggem
Utvekslingsstudentane Maria Clara Medina (Columbia) og Maria-Paz Diaz Lavarello (Chile) var glade for å sjå engasjementet som alle studentane har lagt ned til foreningsdagen. Då vi spurde etter om nokon spesielle foreningar hadde skilt seg ut, nemte dei at dei skal sjekke ut SAIH, OSI Dans og Naturvernsstudentene. Eit enkelt semester her i Noreg gjer at ein vil sjekke ut alt som er interessant og spanande fortalde dei. Foto: Runhild Heggem
Mange frammøtte i Studenthallen i P52.

Denne gongen var det omtrent 100 foreiningar som hadde meldt seg på. Her er det ulike typar spel og leik, kreative hobbyar som 3D-printing, kunst og foto, samt musikk, dans og idrett, i tillegg til politiske og faglig retta interesseforeiningar.

Khrono har snakka med nokon av dei. Og her er to bilete-kavalkade frå to dagar med eit stort studentengasjement i Oslo og Akershus. Over frå OsloMet, under frå Universitetet i Oslo.

Universitetet i Oslo

Eirik Eriksen, Marie Vesterlid og Kristin Mjølnerød frå Samfunnsvitenskapelig Fakultetsforening (SVFF). Foreininga driv ein av kjellarpubene på Blindern, U1. Dei er også med i - Forening for alle - , som seier at dei har stort fokus på å vere open og inkluderande for alle interesserte. Foto: Runhild Heggem
Styremedlemmar Lise Wåsjø og Kristin Botnen fortalde at Futurum jobbar for å arrangere ein uformell møteplass for å diskutere framtida gjennom ulike perspektiv og mangfold. Foto: Runhild Heggem
Dungeons and Dragons Blindern vart starta opp etter at fleire etterlyste ei rollespel-foreining av denne typen. No har dei omtrent 40 medlemmar som møtast annakvar veke i ulike grupper. Ariel Dahlberg Karlsen frå styret i foreininga snakka varmt om eit godt sosialt miljø. Foto: Runhild Heggem
Ingrid Frivoll og Jessica Ernes stilte opp på foreiningsdagen med koreansk hanbok og norsk bunad. Foreininga er eit samlingspunkt for alle som er interessert i Sør-Korea. Foto: Runhild Heggem
Studentforeininga Norsk Start jobbar for å lage ein møtestad for frivillige studentar og flyktningar. Dei har aktivitetar 3 dagar i veka med eit variert tilbod kunne Lars Nesset Romundstad og Lisa Falck fortelje Khrono. Med fokus på det sosiale, gjer foreininga det til ein kosleg møteplass for dei over 100 aktive studentane. Foto: Runhild Heggem
Filologisk Foreining og Uglebo har 25 års jubileum i år og "Ugly" skal sjølvsagt vere med på festen som foreininga sin maskot. Foto: Runhild Heggem
Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS