Omikron

Førebur omikronkrise i undervisninga. Foreslår utveksling av lærekrefter

Omikron kan setje heile semesteret på spel, meiner UiT-rektor Dag Rune Olsen. Han inviterer til utveksling av undervisarar på tvers av institusjonar.

Rektor ved UiT, Dag Rune Olsen, vil ha ein plan for å handtere undervisning dersom omikron-viruset skulle slå ut store delar av undervisningspersonalet samstundes.
Publisert Oppdatert

— I delar av utdanningane er vi sårbare med omsyn til lærekrefter. Det er ikkje lett å skaffe vikarar på kort varsel. Dersom vi får ein veldig auke i smitte og veldig mange undervisarar blir indisponerte samstundes, står vi i fare for å ikkje kunne gjennomføre semesteret som planlagt, seier Dag Rune Olsen, rektor ved UiT Noregs arktiske universitet.

Det er dette som er bakgrunnen for at leinga ved universitetet har diskutert korleis dei skal møte ein eventuell eksplosjon i smitten av den no dominerande omikron-varianten av koronaviruset.

For rammestyrte fagutdanningar, som helse- og lærarutdanningane, kan ei deling av lærekrefter på tvers av institusjonar vere løysinga, trur UiT-leiinga.

Alternativ: skyve på undervisning

Dei vil lansere ideen i Universitet og høgskolerådets (UHR) faggrupper med tanke på ei snarleg avklaring om dette er ein farbar veg.

Olsen seier han tar utgangspunkt i eit worst case-scenario på bakgrunn av Folkehelsesinstituttet sine vurderingar.

— Omikronvarianten ser ut til til å smitte mykje raskare, og det tilseier at situasjonen også kan endre seg mykje raskare enn tidlegare, også frå stad til stad. Vi kan ikkje seie sikkert at dette vil vere eit problem i slutten av januar, men vi må tenke annleis enn tidlegare, seier rektoren.

Det andre realistiske alternativet ved eit eventuelt «mannefall» blant undervisarane vil vere å skyve undervisninga fram i semesteret, meiner han.

— Men dette vil naturlegvis vere krevjande for studentane og er ikkje noko vi ønskjer.

Spørsmålet om eit nasjonalt samarbeid med raskt tilgjengelege vikarar er meir realistisk å få til, er noko av det Olsen håper å finne ut.

— Vi har ikkje mykje tid på oss, om dette skal bli et relevant virkemiddel.

UHR-leiar: — Skal litt til at det klaffar

Leiar i UHR, Sunniva Whittaker, er usikker på om ei nasjonal vikarordning vil fungere. Ho er også rektor ved Universitetet i Agder.

— Dette er defintivt ein interessant tanke. Å stable det på plass på så kort tid, trur eg likevel blir utfordrande. Men det er noko vi i UHR-samanheng kan sjå på, seier Whittaker.

Ho peikar på at sjølv om utdanningar er såkalla rammestyrte, og dermed har eit standardisert innhald, er det likevel forskjellar mellom studiestadene. Universitetet der ho er rektor er blant dei mange som tilbyr både lærar- barnhehagelærar-, sjukepleieutdanning, i tillegg til fleire andre rammestyrte tilbod.

— Institusjonane legg opp undervisninga litt ulikt, og det skal litt til at det klaffar. Men dette må fagpersonane innan dei aktuelle felta vere dei første til å svare på. Vi må heller ikke gløyme at dei fagleg tilsette allereie er under sterkt press på grunn av koronatilpasningar på alle institusjonane, seier Whittaker.

Lite samarbeid i pandemien

Dekan ved Fakultet for helsevitenskap ved OsloMet, Gro Jamtvedt, er einig med Whittaker i at tanken er god. Men ho er også skeptisk.

Dessverre har meir bruk av digitale verktøy under pandemien ikkje ført til meir samarbeid på tvers av institusjonane, meiner dekan ved Fakultet for helsevitenskap ved OsloMet, Gro Jamtvedt.

— Ideen er fin, og det er ei viktig problemstilling som fort kan bli aktuell. Vi har på OsloMet vore opptatt av å dele læringsressursar digitalt, mellom annan gjennom Bokskapet som ligg ope for alle. Pandemien har i stor grad ført til at undervisarar har måtta ta i bruk digitale verktøy, for eksempel Zoom, men dessverre ser det ikkje ut til å ha ført til meir samarbeid på tvers av institusjonane, seier Jamtvedt.

Utfordringane meiner ho, ligg mellom anna i at ulike institusjonar brukar ulike LMS-system, eller læringsplattformer, og at dette er nye måtar å samarbeide på.

— Mykje av ressursane i systema er ikkje tilgjengelege for alle, nokon operer i Canvas, andre i Blackboard. Og sjølv utdanningar som er rammestyrte kan vere ganske særeigne, med ulike programplanar, seier Jamtvedt, som understrekar at ho ikkje avviser ideen.

Eksamen blir digital

Som Khrono tidlegare har skrive, blir undervisninga i hovudsak digital dei første vekene i januar. Det er også situasjonen ved UiT, der det blir eit digitalt løp også forbi 14. januar, då regjeringa har annonsert at den vil gjere opp førebels status og kome med nye retningslinjer.

— Vi har også bestemt at eksamenar for dette semesteret skal vere digitale så langt det lar seg gjennomføre, først og fremst for at det skal vere forutseieleg for studentar og tilsette. Vi trur også vi kan halde noko smitte tilbake med at ikkje alle kjem tilbake til campus no i starten av semesteret, seier Dag Rune Olsen.

Powered by Labrador CMS