Høgskulen på Vestlandet
For få publiseringspoeng per fagleg tilsett
Ris og ros frå departementet, studentopptak, og den økonomiske stoda er mellom sakene som står på saklista når styret for Høgskulen på Vestlandet er samla i Sogndal i dag.
«Utviklingen for doktorgradsstudenter som gjennomfører på normert tid og for publiseringspoeng per faglig årsverk har en negativ utvikling i 2023. Publiseringspoengene er under snittet for både universitetene og statlige høyskoler» skriv departementet i si tilbakemelding til Høgskulen på Vestlandet.
Tilbakemeldingane frå departementet inneheld både ros for utviklinga i studentmobilitet og internasjonalisering og for arbeidet med å gjera utdanningane meir fleksible, men også ei uro over gjennomstrøyminga av p.hd.-kandidatar og for at dei fagleg tilsette publiserer under snittet i sektoren.
Dette er mellom sakene som styret skal diskutera under haustens første styremøte, denne gongen i Sogndal.
Følg styremøtet i Sogndal på zoom
Saksliste til styremøte 5/2024
Vedtakssaker
35/24-B Godkjenning av innkalling og saksliste - styremøte 5/2024
36/24-B Møteplan for Høgskulestyret 2025 – justert forslag
37/24-B Oppnemning av skikkanemnd 1.10.2024 - 30.9.2027
38/24-B Søknad til KD om utviding av unntak frå gradsforskrift - fireårig bachelor i nautikk med praksis
39/24-B Økonomisk rammefordelingsmodell for HVL fra 2025 - bevilgning fra Kunnskapsdepartementet
40/24-B Internrevisjonsrapport våren 2024 - Medarbeidersamtalen som styringsverktøy
41/24-B Fastsetting av lønnsvilkår i tilbud om nytt åremål som rektor for Høgskulen på Vestlandet i perioden 01.01.2025-31.12.2028
Orienteringssaker
O-36/24 Studentopptaket 2024 - status etter studiestart
O-37/24 Oppfølging av verksemdsrapport pr. 1. tertial 2024
O-38/24 Vurdering av styrings- og leiingsstruktur – orientering om prosess
O-39/24 Etatsstyring 2024 - tilbakemelding til Høgskulen på Vestlandet
O-40/24 Om HVLs medlemskap i europeisk universitetsallianse - satsinger og muligheter
Faste orienteringar
0-41-24 Skriftlege orienteringar til styret: Nytt frå Høgskulen på Vestlandet - styremøte 5/2024
0-42-24 Munnlege orienteringar frå rektor - styremøte 05/2024
0-43-24 Referatsaker - styremøte 05/2024 - Årsmelding Forskingsetisk utval
0-44-24 Campusrelevant tema - Campus Sogndal 12. september 2024
Eventuelt
E-5/24 Eventuelt - styremøte 05/2024