Hajer Sharief vil få utdelt Studentenes fredspris under Den internasjonale studentfestivalen i Trondheim (ISFiT) i februar 2017. Foto: Studentenes fredspris

Sharief får fredspris for kampen sin for Libya

Etter sjølv å ha vore tett på borgarkrigen i Libya meldte jusstudenten Hajer Sharief (23) seg til fredskamp. Slik blei ho vinnar av Studentenes fredspris. Ho ser stor pris på at norske studentar står saman med ho i kampen for fred.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

(Saka er oppdatert med kommentar frå fredsprisvinnaren).

— Årets fredsprisvinnar er ei ung kvinne med eit enormt mot og evne til å skape endring. Gjennom sitt arbeid bidrar Sharief til dialog mellom ulike parter i Libya og byggje bru mellom den libyske grasrota og det internasjonale samfunnet. Ho er eit eksempel til etterfylging for studentar over heile verda, og eg håpar norske studentar blir inspirerte til å gjere meir for internasjonal solidaritet, seier Inga Marie Nymo Riseth, leiar i SAIH (Studentenes og akademikernes internasjonale hjelpefond) og leiar for årets fredskomité, på SAIH sine nettsider.

Til Khrono utdjupar ho grunngjevinga med at Sharief symboliserer håp og at ho er eit godt eksempel på at ungdom kjempar for ei betre verd.

— Ho var ein utruleg verdig kandidat, som har klart å gjere ord om til handling og å bidra til positiv endring. Ho er ein ordentleg fredsaktivist, seier Nymo Riseth.

Står sammen

Ho er eit strålande eksempel på at studentar står opp for menneske-rettigheiter og demokrati.

Marianne Andenæs

Ho var ein utruleg verdig kandidat, som har klart å gjere ord om til handling og å bidra til positiv endring. Ho er ein ordentleg fredsaktivist.

Inga Marie Nymo Riseth,

I ein epost til Khrono skriv Sharief at denne prisen viser at både norske og libyske ungdommar står saman for å etablere et fredelegare samfunn.

— Det eg er mest nøgd med når det gjeld denne prisen, er at den kjem frå studentar i Noreg og at den kjem frå ungdom. Det eg jobbar med er å fremje fred, bekjempe valdeleg ekstremisme og redusere vald på alle nivå. Det å bli belønna frå norske studentar viser at vi står saman og deler same visjon om eit fredlegare samfunn, skriv og.

Også på eit personleg plan er prisen viktig for Sharief.

— På eit personlig plan beviser denne prisen for meg at til tross for innsatsen til alle de som vil rive verda frå kvarandre ved å spreie frykt og hat, så står vi som ungdom saman, og støtter kvarandre uavhengig av om vi er frå Libya, Noreg eller andre land, meiner ho. 

Travel dame

Hajer Sharief fekk sjølv kjenne krigen på kroppen, då bombene fall i Libya i 2011. Ho har sidan etablert nettverket «Together We Build It » som støttar kvinner og ungdom i å delta i den politiske og offentlige sfæren. Dei legg spesielt vekt på unge og kvinners rolle i fredsprosessen.

No er ho prosjektleiar for «1325 Project Libya»som arbeider for kvinners sikkerheit i landet etter FN sin resolusjon 1325. Resolusjonen bekreftar kvinna si rolle i førebygginga og løysinga av konfliktar. I haust vart ho utnemnd av FN sin generalsekretær Ban Ki-Moon til ei arbeidsgruppe som skal vidareutvikle resolusjon 2250 om ungdom, fred og sikkerheit.

I tillegg arbeider Shareif for Kofi Annan Fondation United Network of Young Peace builders. Under One Young Worlds toppmøte i Ottawa denne veka snakka ho om ekstremisme saman med Kofi Annan og andre unge leiarar.

Kvinners rolle i fredsarbeid er viktig

— Sharief er eit strålande eksempel på at studentar står opp for menneskerettigheiter og demokrati, seier leiaren for Norsk studentorganisasjon, Marianne Andenæs.

Ho meiner tildelinga er viktig for å skape nødvendig merksemd rundt unge kvinners deltaking i bygginga av fred i Libya og resten av verda.  

— Vi er takknemleg for den jobben Studentenes fredspris gjer for å anerkjenne studentars rolle i kampen for eit meir demokratisk og fredelig samfunn verda rundt, seier NSO-leiaren, som meiner det arbeidet er uvurderleg.  

— Ei modig stemme

Utanriksminister Børge Brende er glad for at årets pris går til Sharief.

— I eit Libya prega av politiske motsetningar, valdeleg konflikt og tradisjonelle kjønnsrollemønstre er innsatsen til representantar for det sivile samfunn avgjerande, seier Brende til SAIH.

— Ho arbeider målretta for å sikre ungdoms og kvinners plass og rolle i oppbygginga av landet, seier ministeren som meiner Sharief er ei modig stemme i kampen for eit fredlegare og meir demokratisk Libya.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS