Nord universitet
Flyttar hypermoderne medieutdanning: — Vi blir sett fleire år tilbake
Nord universitet har flytta mediefag frå prestisjebygg i Steinkjer til Levanger. Der manglar både fasilitetar og plass, og dyrt utstyr blir køyrd rett på lager.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
— Vi er hamna i ein limbo som set oss fire-fem år tilbake, seier Trond Olav Skevik, som underviser i spel- og opplevingsteknologi.
Det er Nord universitets langvarige arbeid med å endre studiestadstrukturen som ligg til grunn for flyttesjauen som no går føre seg i Trøndelag. Prosessen har skapt langvarig strid, særleg i Nesna på Helgeland der lærarutdanninga blir lagd ned.
Men også lenger sør i det langstrekte universitetet har det storma.
Frå hausten 2021 er det slutt på multimedieutdanning i Steinkjer. Då skal studentar og lærekrefter til Campus Røstad i Levanger, der universitetet ønskjer å samle medie- og kulturfaga. Også sosiologi og geografi blir flytta til Levanger og skal samlokaliserast under Fakultet for samfunnsvitskap.
Problemet, ifølgje Skevik, er at det i dag ikkje finst brukbare lokale og fasilitetar for multimediefaga i Levanger, som i tillegg til spel- og opplevingsteknologi og 3D omfattar film og TV-produksjon.
Fleire år til nybygg
— Vi er lova minst like bra fasilitetar i Levanger som i Steinkjer. Vi har fått fint lite informasjon om korleis det skal skje, seier han.
Nord universitet leiger lokale utanfor campus i Levanger. Dei er i beste fall tilfredsstillande i ein kort overgangsfase, meiner Skevik.
— Med 20 studentar i året, kunne det gått, men vi skal opp i 100. Tilbodet, i alle fall for spelfaget, blir betydeleg redusert i forhold til det vi ville hatt på Steinkjer. Vi må starte framanfrå og bygge opp alt på nytt. Konsekvensen er eit dårlegare studietilbod.
Konsekvensen blir, ifølgje Skevik, at studentane blir tilbydde ei dårlegare utdanning i åra framover enn dei ville ha fått om ikkje utviklingsarbeidet i Steinkjer vart stansa.
Tilbake i Steinkjer står topp moderne studio tomt og andre fasilitetar. Nytt og kostbart utstyr som skulle takast i bruk blir køyrt på lager i mangel på plass til å bruke det.
— Det er køyrd til Levanger, men det er ingen plass å gjere av det. Eg ser ikkje korleis det i overskueleg framtid skal vere mogleg å tilby studentane like gode fasilitetar i Levanger, seier Skevik.
Nord har planar om eit nybygg for kunst- og kulturfag i Levanger, men realiseringa ligg fleire år fram i tid.
Frå spelteknologi til husdyr
Etter planen skulle multimedieutdanninga i Steinkjer, etter to års byggearbeid og unntakstilstand, flytte inn i eit av Noregs mest moderne undervisningslokale. Det er berre halvtanna år sidan InnoCamp blei opna i Steinkjer, nybygget Nord universitet omtalar som «kunnskapens katedral», med ein prislapp på ein halv milliard kroner. Ideen er å spleise næringsliv, forsking og studentar i eit nyskapande entreprenørskap.
I dette landskapet skulle også medieutdanninga ha plass, og særleg spelteknologiutdanninga er tett knytt til kommersiell næringsutvikling. Etter at faget vart kategorisert som eit internasjonalt studium, har fleire hundre søkarar frå heile verda årleg konkurrert om plassane.
Kort tid før opninga bestemte Nord seg for å endre planen.
I staden for mediefag og samfunnsvitskap vil universitet no heller gjere Steinkjer til tyngdepunkt for bioøkonomi. På bachelornivå er det faga husdyrproduksjon, naturforvaltning og økonomi blir tilbydd studentane.
For Skevik og mange av kollegaene hans fortona kuvendinga frå universitetet seg som eit løftebrot.
Han seier han er innstilt på å gjere det beste ut av situasjonen slik det er blitt. Universitetslektoren er likevel frustrert over mangelen på dialog med universitetsleiinga. Han viser også til at mediefaga det dreier seg om krev eit høgt teknologisk nivå og kostbare investeringar.
— Vi har ein god dialog med Levanger. Men vi har sett lite vilje frå universitetsleiinga si side til å legge forholda til rette. I fagmiljøet er det frustrasjon over mangelen på informasjon og oppfølging. Det er ikkje særleg bra for motivasjonen til dei tilsette at vi stadig vekk ikkje blir høyrde, seier Skevik.
Dragkampen mellom Steinkjer og Levanger har etter det Khrono forstår også sådd splid internt i mediefagmiljøet.
Khrono har kontakta Håvard Sørli, som er studieprogramansvarleg for bachelorutdanningane film, tv-produksjon og 3D art. Han ønsker ikkje å uttale seg i saka og viser til leiinga for kommentarar.
Rektor avviser kritikken
Rektor ved Nord universitet, Hanne Solheim Hansen, avviser at flyttinga vil gå utover fagtilbodet. Ho stiller seg også uforståande til påstanden om at fagleg utvikling blir sett fleire år tilbake i forbindelse med flytting til Levanger.
— Flyttinga til Levanger handlar om å bygge eit større kunstnarisk og kreativt fagmiljø i Levanger. Det vil vi får større nytte av på sikt. Det finst alt eit stort fagmiljø for musikk og andre estetiske fag i lærarutdanninga i Levanger. På sikt skal vi sikre at dei blir meir robuste og har meir å spele på i lag. Men det vil ta tid før dette får effekt, seier ho.
Rektoren seier ho forstår at ting kan vere vanskeleg i ein overgangsfase, det vil seie fram til siste kullet er ferdig på Steinkjer og alle kull blir samla i Levanger til hausten.
— Men eg kan ikkje forstå at flyttinga skal gå utover det faglege og studietilbodet vidare. Det er to viktige grunnlag i utdanninga. Det eine er fagmiljøet, det andre er infrastrukturen. Vi meiner vi har jobba for å få til infrastrukturen som dekker behova også når miljøet blir flytta til Levanger.
— Kva seier du til kritikken om dårleg informasjon og dialog frå universitetsleiinga si side?
— Vi har mange endringsprosessar gåande, og vi har system for medverknad som vi følgjer. Men det kan hende det har vore situasjonar der vi ikkje er blitt involverte tidleg nok.