rettsmedisin
Flyttar ansvaret for rettsmedisin frå UiB
Universitetet i Bergen har lenge ønskt at Helse Bergen skal ta ansvar for rettsmedisin. No har partane inngått ein avtale om dette.

— Eg er veldig nøgd med at me har fått dette til, seier Per Bakke til Khrono.
Han er dekan ved Det medisinske fakultetet ved Universitetet i Bergen (UiB), og har lenge ønskt at Helse Bergen skal ta over ansvaret for rettsmedisin. No skjer dette frå nyttår.
Mellom andre Bergens Tidende har meldt at det har vore lange obduksjonskøar i Bergen. UiB har hatt berre ein rettsmedisinar i full stilling, og nokre tilsett i mindre stillingar.
— Me har hatt problem med å levera det politiet treng, seier Bakke, og viser til at UiB fleire gongar har lyst ut stillingar, utan å få søkjarar. Han peikar på at det ikkje finst ei eiga spesialisering i rettsmedisin.
Direktør for Laboratorieklinikken ved Haukeland universitetssjukehus, Gunnar Mellgren, seier i ei pressemelding at sjukehuset ser fram til å ta over rettsmedisin.
— Me har eit tett og godt samarbeid med UiB, og vil så snart som mogleg og saman med dei planlegga innføringa av rettsmedisin til oss, seier han.
Sjølve overføringa av fagområdet til sjukehuset vil skje som ei verksemdsoverdraging.
Det er berre i Bergen at rettsmedisin ligg ved universitetet. I Oslo, Tromsø og Trondheim er det universitetssjukehusa som gjennomfører obduksjonar, også dei som er knytt til rettsmedisin.
— Det er fleire patologar ved sjukehuset enn det er hos oss, seier Bakke.
Nyeste artikler
Valgkamp i Ås om parkering, oppsigelser og ledermodell
Fem år siden Norge stengte ned. Hvordan har akademia endret seg?
Elon Musk blir ikke kastet ut av vitenskapsakademi
Udokumenterte påstander om utviklingen innen vitenskapelig publisering
Kan KI svekke likestillingskampen?
Mest lest
Student brukte KI og fikk tidenes strengeste fuskestraff
Sjefene som tjener over en halv million på ekstrajobber. — Flott og sunt
Åpner for lønnet praksis og avvikling av masterkrav i lærerutdanningen
Kritisk til historisk stort rektorteam: — Et sjuhodet troll
Det hjelper ikke å pynte seg med dannelse