Europeiske særordningar for studentar på flukt
— Universitet i Bergen (UiB) vil gjerne vere med og bidra, seier viserektor Anne Christine Johannessen.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Omlag åtte millionar syrarar har forlate heimane sine. Fire millionar har flykta frå det borgarkrigsherja landet. Kvar dag kjem flyktningar i flytande farkostar via ulike ruter til Europa. For mange er Hellas det første landet dei kjem til, skriv På Høyden.
No har University of the Aegan, som har filialar på øyane Lesbos, Samos, Chios, Rhodos, Syros og Lemnos, skrive eit brev til greske utdanningsmyndigheiter der dei ber om løyve til å ta opp fleire studentar enn den offisielle grensa tilseier, melder Times Higher Education.
Dette vil i så fall bety ei ytterlegare økonomisk belastning på eit av dei mange greske universiteta, som til saman har fått løyvingane sine kutta med 54 prosent i perioden 2008-2014.
Eigne utdanningsprogram for flyktningar
Fleire europeiske universitet har endra praksis for at studentar som har flykta frå krigar og humanitære katastrofer skal få halde fram med utdanninga si.
— Migrasjon er heile samfunnet si oppgåve, og universiteta må løfte sin del.
Dette sa Wolfgang-Uwe Friedrich, rektor ved det tyske Universität Hildesheim då han blei intervjua av avisa Handelsblatt.
Universitetet han leiar er eitt av 60 tyske universitet som har oppretta eigne utdanningsprogram for flyktningar, ifølge danske Universitetsavisen.dk.
I Trondheim har førsteamanuensis Jonas Persson foreslått at NTNUtek inn flyktningar.
Ei rekke tyske universitet har oppheva administrasjonsavgifta for studentane. Andre tilbyr stipend som skal dekke utgifter til bøker. Mange tilbyr også psykologisk og juridisk bistand til studentar som treng dette.
Fjernar byråkrati og skulepengar
Også i Østerrike og Sveits har fleire universitet redusert byråkrati og studieavgifter for å gjere det enklare for studentane å starte på universitetet. Også Frankrike er i ferd med å gjere det enklare for studentar å halde fram med utdanninga si sjølv om dei har flykta.
I Storbritannia har ei gruppe akademikarar skrive eit ope brev der dei oppmodar universiteta om å opprette eigne stipend for studentar på flukt. University of East London har alt oppretta ti stipend for syriske flyktningar i flyktningeleirar. University of Sheffield gir stipend til syriske flyktningar som viser exceptional academic potential. Dette melder iol news.
UiB: Avventar tilbakemelding
Viserektor for internasjonalisering, Anne Christine Johannessen (bilete under), seier at UiB har retta ein forespørsel til Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) om korleis UiB kan vere med og legge til rette for studium for syriske flyktningar.
— Svaret frå SIU var at dette er noko dei diskuterer og er i dialog med Univeristets- og høgskolerådet om. UiB vil gjerne vere med og bidra her, dersom det vert gjeve moglegheit, skriv Anne Christine Johannessen i ein epost til På Høyden.
— Fleire universitet internasjonalt diskuterer om dei skal redusere byråkrati, opprette stipend og senke studiegebyret for å gjere det enklare for flyktningar å studere. Kva tiltak kunne vore aktuelle for Norge?
— Ei moglegheit er å lage ei eiga stipendordning for syriske flyktningar, eventuelt også for andre flyktningar som er komne til Europa. Eit vilkår som må ligge i botn er deira faglege kvalifikasjonar. I Norge har vi jo ikkje studiegebyr slik som dei fleste andre land har, så stipenda vil gå til å dekke livsopphald, seier Anne Christine Johannessen.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!