Tog og buss er ikkje integrert i bestillingssystema hos reisebyråa staten har rammeavtalar med. Det er derimot fly og bil. Foto: Njord V. Svendsen

Klima og reiser: Tog og buss står ikkje på tilbodslista når statstilsette skal bestille reiser

Klima. Statsråd Iselin Nybø vil at universiteta skal konkurrere om å flyge minst, men dei klimavennlege alternativa tog og buss er ikkje integrert i bestillingssystema hos reisebyråa staten har rammeavtalar med.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Strammare retningslinjer for reising og omfattande planar for å redusere utslepp – klima og miljø står høgare på dagsorden ved universitet og høgskular en nokon gong før. Men medan statsråd Iselin Nybø har invitert til dugnad og konkurranse for flykutt, må statstilsette fortsatt gå omvegar for å bestille billett på det i særklasse mest klimavennlege alternativet – tog.

FAKTA

Klima i akademia

Universitetet i Oslo (UiO), Universitetet i Bergen (UiB) og NTNU har publisert detaljerte klimarekneskap i 2019. Indirekte klimagassutslepp frå fly er kring 20 prosent ved alle institusjonane.

NTNU har lansert Reiseløftet, som blir kalla «tidenes reiseutfordring» for å få heile universitetet til å reise mindre og meir miljøvennleg.

Både ved UiB og UiO har fleire hundre tilsette skrive under på opprop for å få leiinga til å regulere og kutte flyreiser.

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) har tatt initiativ til ein konkurranse mellom institusjonane i universitets- og høgskulesektoren om å kutte mest i sine klimagassutslepp.

Ein tredel av dei statstilsette jobbar i kunnskapssektoren.

Buss, som rangerer som det nest mest miljøvennlege alternativet målt i klimagassutslepp, finst ikkje i bestillingsopplegga til statens reiseoperatørar.

Berre fly og bil

G Travel vart i 2018 ein av to reiseoperatørar som fekk oppdraget med å levere reiser til staten. Selskapet har hand om noko under halvparten av reisene i staten i det som er tidenes største reisebyråkontrakt i Noreg med ein verdi på 1,3 milliardar kroner i året.

Vi bør bli den grønaste sektoren av alle

Iselin Nybø

Egencia er det andre selskapet som leverer til staten. Saman leverer selskapa reiser til alle dei kring 166.000 statstilsette, blant dei tilsette i universitets- og høgskulesktoren.

Berre fly og leigebil er direkte klikkbare alternativ i portalen til G Travel. Lenker til Vy og Flytoget sine nettsider er lagt inn portalen, men det er ikkje mogleg å bestille togbillettar gjennom portalen eller appen.

Egencia, har tog som eigen fane i portalen og appen sin, på lik linje med fly. Men direktebestilling av togbillettar er ikkje integrert i systemet. I realiteten er det derfor ikkje særskilt mykje lettare å bestille tog for dei statstilsette som skal bruke Egencia enn for dei som nyttar G Travel.

Pressar på for klimatiltak

Det var På Høyden som først omtalte det manglande togtilbodet i statens reisebyrå i januar i år. Då kom det fram at Difi/Statens innkjøpssenter i anbodsrunden stilte krav om bestillingsalternativ for fly, hotell og leigebil. Verken tog eller buss stod på kravlista.

Forklaringa frå Difi, via e-post, var den gongen: «Da denne avtalen ble utlyst kunne vi dessverre ikke stille adgang til togbestilling som et absolutt krav til leverandørene, rett og slett fordi bare èn leverandør kunne tilby det».

Sidan den tid har presset for å redusere klimafotavtrykket i den akademiske sektoren auka betrakteleg. Flyreiser står for kring 20 prosent av indirekte kllimagassutslepp ved fleire av dei største universiteteta. For å kunne nå vedtatte klimamål er innføring av strammare retningslinjer for reising innført eller på trappene ved institusjonane.

Tilsette ved universiteta har også stått bak fleire initiativ og opprop for raskare tiltak for å redusere fotavtrykket frå flyreiser. Seinast tok direktøren og nestleiar ved Bjerknessenteret for klimaforsking i Khrono til orde for ein «nedrustningsavtale» som kuttar reiseverksemd ved universiteta.

Tidlegare i sommar inviterte Nybø sjølv til konkurranse mellom universitet og høgskular om å kutte mest i sine klimagassutslepp, inkludert dei som knyter seg til flyreiser.

— Vi bør bli den grønaste sektoren av alle, uttalte ministeren til VG.

Mange aktørar

Det har tidlegare vist seg vanskeleg for ulike aktørar å saman få til eit bestillingssystem som inkluderer tog. Då På Høyden i januar bad G Travel forklare kvifor tog ikkje var del av bestillingssystemet, la dei skulda på NSB, som dei meinte ikkje har ønskt å legge togbillettane inn i det globale distribusjonssystemet Amadeus. NSB, som sidan er blitt til Vy, meinte derimot ansvaret låg hos det statlege selskapet Entur AS, som har ansvaret for å finne meir saumlause bestillingssystem. Entur AS sparka ballen tilbake til NSB og meinte jernbaneselskapet først måtte gjere billettane sine tilgjengelege for reisebyråa, før dei kunne tilby tekniske løysingar.

Då G Travel og Egencia vart tildelt oppdraget som reisebyrå for staten, medførte det ei samling av tenestene. Fram til då var det opp til institusjonane å lage sine eigne rammeavtalar. På jernbanen er det no motsett med strekningar fordelt mellom Vy, det britiske selskapet Go-Ahead og svenske Statens Järnvegar.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS