Storbritannia
Fleire universitet stenger oljeindustrien ute
Talet på universitet som ikkje vil la oljeselskapa sleppe til for å rekruttere studentar auka med 30 prosent frå 2023 til 2024.

I ei britisk undersøking kjem det fram at 30 prosent fleire universitetet har innført reglar som stenger produsentar av fossil energi ute frå utdanningsmesser og tilgang til å rekruttere arbeidstakarar blant studentane.
Det er ei årleg oversikt over tilstanden for berekraft og etikk ved britiske universitet som viser dette, ifølge avisa The Guardian.
Det er studentar i «People and Planet», ein organisasjon som jobbar for å gjere britiske universitet miljøvennlege og kutte alle band til oljeselskapa, som står bak undersøkinga.
Dei nye er flinkast
Ifølgje organisasjonen har meir enn halvparten av britiske universitet implementert etiske retningslinjer som hindrar universiteta å investere i fossilindustrien.
Den årlege undersøkinga rangerer 149 universitet etter kor godt dei scorar på tiltak for klima og sosial rettferd.
Undersøkinga viser også at det er dei «nye» universiteta i Storbritannia, etablert etter 1992, som gjer det best med sju av dei ti topplasseringane. Heilt på topp er University of Bedfordshire.
Sponsar norske universitet
I Noreg sponsa olje- og energiindustrien forskings- og utdanningsinstitusjonane med opp mot ein milliard kroner i løpet av ein femårsperiode, frå 2018—2022. Det kom fram i ei kartlegging Khrono gjorde i 2023.
Den største mottakaren var NTNU, som i 2022 åleine fekk 73 millionar kroner frå 20 forskjellige selskap knytt til oljeindustrien. 50 av desse millionane kom frå Equinor.
Nyeste artikler
«En for alle og alle for en»-pakt for universiteter mot Trump
Saksøker universitetet etter KI-utestengelse
Det han såg som lektor vart utgangspunkt for doktorgraden
130 upopulære studier. Flere kan bli trukket
Ny studie: Gollum lever — i akademia
Mest lest
Fransk kjendisfilosof om Trumps utdanningspolitikk: — Rent ut latterlig
Mener Langeland bør få jobbe i akademia. — Han fortjener en ny sjanse
To små streker ødela for Victorias eksamen. Nå beklager Kristiania
Medisin, sykepleie og juss blant de mest populære
Etikkutvalg: «Stipendiaten er berettiget en unnskyldning fra veileder»