Internasjonalt
Fleire universitet satsar på samarbeid i Singapore
UiT Noregs arktiske universitet og OsloMet signerte nye avtalar med partnarar i Singapore.

UiT Noregs arktiske universitet utvidar
samarbeidet med partnarar i Singapore.
To nye intensjonsavtalar er signert, melder UiT Noregs arktiske universitet. Begge dreier seg om forskingssamarbeid innan hav og energi med to av Singapores leiande universitet.
Den eine avtalen har UiT underteikna med National University of Singapore (NUS) og er retta mot internasjonal havrett, ifølgje ei pressemelding frå UiT.
NUS er i fleire internasjonale rangeringar rekna som eitt av dei beste universiteta i verda.
Hav og helse
Singapore er observatørstat i Arktisk Råd, som har sitt sekretariat i Tromsø, og følgjer nøye med på blant anna dei juridiske rammene for skipsfart i
Arktis. Noreg tok i år over leiarskapet i Arktisk Råd.
Frå før har UiT-forskarar samarbeid med kollegaer i Singapore innan helse, akvakultur, marin teknologi, jordobservasjon og energi.
Dei nyaste avtalane vart signerte under Norway-Singapore Science Week i september, i regi av Innovasjon Noreg og den norske ambassaden i Singapore. UiT hadde ein delegasjon på 18 forskarar og andre tilsette på arrangementet.
OsloMet og NTNU
På Science Week i Singapore var også representantar frå OsloMet, NTNU og SINTEF for å knytte band og fornye eksisterande samarbeid.
Under opphaldet signerte Fakultet for helsevitskap (HV) ved OsloMet ein ny samarbeidsavtale med Faculty of Medicine ved NUS. Målet er ifølgje OsloMet å styrke kunnskap og utdanningar innan blant anna jordmorfag og helsesjukepleie, og helseteknologi.
UiT underteikna i tillegg ein ny avtale om studentutveksling, som i utgangspunktet skal gjelde bachelorstudentar på fiskeri og havbruk.
Nyeste artikler
Høyres gamle oppskrift er dårlig nytt for lærerutdanningene
Tidligere studentleder dømt til ti måneder fengsel
Solve Sæbø ny rektor ved NMBU
Samarbeid mellom UiB og amerikansk universitet skrinlagt: — Svært alvorlig
NHO Elektro tar feil om finansieringssystemet for fagskolene
Mest lest
«Ment som en spøk», sa søkeren. Universitetet svarte med utestengelse i ett år
Ble avkrevd 190.000 kroner midt i semesteret. Måtte avbryte studiet
Ragnhild Hennum er ny rektor ved Universitetet i Oslo
Disse to jobber gjerne til de blir 72, hvis Stortinget rekker å bestemme seg
Tidligere studentleder tilstår underslag av 1,1 millioner kroner