Kortnytt

Fleire smitta ved Bjørknes høyskole

Sidan fredag er fem nye studentar ved Bjørknes høyskole registrert smitta med covid-19, skriv VG.

Til no er 26 studentar ved høgskulen koronasmitta.

150 studentar og to tilsette sit i karantene.

Administrerande direktør ved høgskulen, Morten Danielsen seier til VG at dei nye tilfella er oppdaga hos personar som alt sat i karantene, og han meiner at dei har situasjonen under kontroll.

(Ragnhild Bjørge / Khrono)

Kortnytt
Powered by Labrador CMS