Kunst og utdanning
Byråkrati og ubrukelege nybygg. Kunstutdanningane fjernar seg frå kunsten, meiner professor
Det går på ytringsfridomen laus, ifølgje Ane Hjort Guttu.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Rapportering, relevans, innovasjon, målstyring – reformene har lenge ridd forskings- og utdanningssektoren, enkelte vil seie som ei mare. Kunstutdanningane er ikkje lenger noko unntak.
Men det er nettopp det dei burde vere, meiner Ane Hjort Guttu, kunstnar og professor ved Kunsthøgskolen i Oslo (KhiO).
— Utviklinga er prekær for kunstfeltet, som er ei utprega ikkje-målbar verksemd. Utviklinga kan i siste instans vere øydeleggande for studentane, for miljøet på kunsthøgskulane, for kunsten og rolla den skal ha i samfunnet, seier ho.
Professoren meiner det er på tide å protestere mot ei utvikling ho har sett akselerere heilt sidan ho begynte å undervise for meir enn 20 år sidan.
Satire på seminar
Det har murra ei stund, på institusjonane som utdannar framtidas kunstnarar, i takt med at dei gamle og meir einerådande akademia og høgskulane er blitt fusjonert inn i universitet, fakultet og institutt – og med det gitt reglar og rammeverk som alle andre i sektoren.
Det mange no opplever, er at grensene blir sterkare og sterkare og meir og meir diktert av folk som ikkje veit så mykje om kunst.
Ane Hjort Guttu, kunstnar og professor i samtidskunst
Tidlegare i sommar hadde kulturavisa Subjekt ein artikkel der studentar ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) ved Universitetet i Bergengir uttrykk for at dei kjenner seg både ufrie og at universitetet ikkje forstår kva studentane driv med. Ein student som er intervjua i studentavisa Stoff kallar nybygget til KMD for «menneskefiendtlig» og «lite tilrettelagt for kunstproduksjon».
1. september er Hjort Guttu ein av bidragsytarane på eit seminar ved same fakultet. På dagsorden står mellom anna filmen hennar, «Manifest», som ho vann kritikarprisen for ved filmfestivalen i Rotterdam tidlegare i år. Den er ein kunstnarisk satire i dokumentarform over kunstutdanningane i dag.
Blant dei andre bidragsytarane er historikaren og forfattaren Ola Innset og kunstnar og professorkollega til Hjort Guttu ved KhiO, Lotte Konow Lund.
— Meir og meir diktert
— Kunsten skal kunne utfordre gjengse idear om pedagogikk og utdanning. Kunsten er institusjonskritisk og må også vere det, seier Hjort Guttu.
Standardiseringa av utdanningssektoren er derimot i ferd med å rive rommet for å skape kunst, skal ein tru Hjort Guttu og andre som har markert motstand mot utviklinga.
Ein av dei er stipendiat i Bergen, Sveinung Unneland. I februar stod han saman med Hjort Guttu og kunststudentar bak utstillinga «Ghost in the Machine» – med ein gedigen kjøkkenkullisse.
Kjøkkenet spelar ei sentral rolle i Hjort Guttus film, som fortel ei fiktiv historie om ein hemmeleg undergrunn på eit universitetet. Under overflata finst ein uoffisiell rektor, ei anna undervisning. Fiktive kurs blir booka inn i digitale læringsplattformer, men bak kamuflasjen foregår hemmelege prosjekt som berre studentar og lærarar kjenner til.
I det verkelege livet blei det umogleg å lage mat for kunststudentane og lærarane i Bergen i 2017. Då flytta det fusjonerte kunstakademiet i Bergen og kunstfakultetet ved universitetet i inn i nytt stasbygg, teikna av Snøhetta.
Utan kjøkken.
— Det kan kanskje verke rart å vere så opptatt av akkurat dette. Men i kunstfeltet kan også mat vere metodikk, del av kurs og sjølvsagt ein sosial faktor. Mat skaper uformelle møteplassar — som no er eliminert, seier Hjort Guttu.
For henne er dette ein realitet som illustrerer det hårfine skiljet mellom satiren i filmen ho har laga og den verkelege arbeidskvardagen.
Ho meiner straumlinjeforminga fører til at den kunstnariske fridomen, og ytringsfridomen, blir skadelidande.
— Kunsten søker ulike former for overskriding og opposisjon, medan det mange no opplever er at grensene blir sterkare og sterkare og meir og meir diktert av folk som ikkje veit så mykje om kunst. Vi kan godt seie at vi har ein avgrensa ytringsfridomsdebatt dersom den berre skal handle om å få lov til å sleppe diskusjonar om avkolonisering.
På hennar eigen institusjon, KhiO, har diskusjonen om ytringsfridom i seinare tid mest krinsa kring avkolonisering, rasisme og såkalla identitetspolitikk.
Guttu seier ho opplever den stadig sterkare kontrollen av kunstutdanninga som ein større trussel mot ytringsfridomen.
— Kunsten er institusjonskritisk, og då må utdanninga også vere det. Kunst, og dermed kurs, må kunne operere utan tronge rammer. Kurs må for eksempel kunne gjennomførast om natta like gjerne som dagen. Dei må like gjerne kunne haldast framfor Stortinget som i eit seminarrom, eller haldast av studentar og ikkje av professorar, dersom det er naudsynt.
Kjøkkenet i Hjort Guttus film, og installasjonen i Bergen, er ein bit av eit større heile. Djevelen bor i arkitekturen.
«Dens forenende misjon»
I heile Norden og i Noreg er trenden den same: Kunstutdanninga i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø har flytta inn i nye signalbygg eller påkosta renovasjonar av gamle fabrikkbygg. Kanskje pene å sjå på, men på mange måtar ubrukelege, meiner Hjort Guttu.
— Det er interessant, og utruleg, korleis ein for eksempel i Bergen har enda med bygge eit hus som ingen er fornøgd med. For eksempel har ein ikkje fått med det aller viktigaste for ein kunstnar, det å ha eigne rom å arbeide i. Snøhetta ville heller bygge store åpne landskap, enn mange små og lukka. Mens studentane og kunstnarane berre vil ha eit funksjonelt bygg å jobbe i. Der det er mogleg å sette på ein kaffi.
Snøhettas bygg i Møllendalsveien i Bergen, som skulle samla all kunstutdanning byen under same tak er konstruert med ein diger prosjekthall i midten, «dens forenende misjon», med Snøhettas ord. Golvet er delvis gjennomsiktig, som sørger for direkte innsyn til dei som arbeider i etasjen under.
— Berre det i seg sjølv, at du kan bli fysisk overvaka i arbeidet ditt, er med på setje grenser for korleis du oppfører deg. Det gjer at ein begynner med sjølvregulering og sjølvsensur i ein situasjon der ein bør kjenne seg fri, seier Hjort Guttu.
I tillegg kjem all registrering og dokumentasjon gjennom alt frå digitale undervisningssystem til nøkkelkort, som kanskje held seg innanfor personvernet, men som akkurat i ei utdanning i kunst bidrar til å redusere og stramme inn, i staden for å opne og utvide.
Det er interessant, og utruleg, korleis ein for eksempel i Bergen har enda med å bygge eit hus som ingen er fornøgd med
Ane Hjort Guttu, kunstnar og professor i samtidskunst
«Parallelt med den arkitektoniske tilretteleggingen for overvåking og dermed selvkontroll, har det blitt implementert utallige andre kontrollmuligheter på alle nivåer i institusjonene», skriv Hjort Guttu i «Farvel til kunstutdanningen slik vi kjente den», på nettstaden Kunstkritikk.
Ho fyrer også laus mot byråkratisering, og viser til ein veldig auke i talet på administrativt personale i takt med fusjonar og samlokalisering av kunstutdanningane: «I de sammenslåtte institusjonene er kjernefunksjoner som IT, renhold og drift blitt outsourcet, og det må stadig flere nivåer til for å administrere samhandlingen. Det oppstår ledelsessjikt som skal styre fagavdelinger, uten direkte kjennskap til feltet, men med desto større affinitet til departementenes dokumentasjons- og evalueringskrav».
Kunstverda ikkje særleg interessert
Hjort Guttu trur konsekvensen av ubrukelege nybygg og byråkratisering kan bli at dei offisielle utdanningsinstitusjonane gjer seg irrelevante i kunstverda.
Den same vegen trekker den sterkare vektlegginga av akademisk forsking målt etter tradisjonelle kriterium som publikasjonar og formelle kvalifikasjonskrav. For sjølv om fleire doktorgradsstipend kan gi fleire rom til å utforske eit prosjekt over tid, meiner ho at «verken kunstmarkedet, museene eller det kunstnerdrevne og alternative feltet (…) er særlig interesserte».
— Når forskinga går ut på at dette er noko som skal kunne målast på ein spesifikk måte, må også kunstfeltet tilpasse seg dette for å kunne få midlar. Publisering av artiklar tel, utstillingar tel ikkje. Ein tvingar eigentleg kunstnarar inn i noko dei ikkje er utstyrt for. Jo meir ein prøver å få kunstnarisk forsking til å likne på vanleg akademisk forsking, jo dårlegare vil den bli.