styremøte
Fleire fakultet styrer mot minus
Universitetet i Bergen går totalt sett godt. Men fleire fakultet ser ut til å gå i minus i 2024.
Fleire fakultet ved Universitetet i Bergen (UiB) slit med økonomien.
Khrono har tidlegare skrive om Det samfunnsvitskapelege fakultetet, som drøftar tiltak som tilsetjingsstopp.
Men også Det psykologiske fakultetet ser ut til å gå i minus, og Fakultet for Kunst, musikk og design får ekstra oppfølging frå universitetsleiinga. Det kjem fram i sakspapira til torsdagens universitetsstyremøte.
Møtet vert digitalt sidan demonstrantar har barrikadert inngangar på universitetet og med det stenger styret ute.
Møtet ser du direkte her frå klokka 10:
Satsar på å overføra
Totalt sett har UiB ein sunn økonomi og planlegg ifølgje saksframstillinga å overføra 100 millionar kroner til neste år.
— Men me har enkeltmiljø som slit, seier økonomidirektør Per Arne Foshaug.
Han seier at økonomien hos einingane vil variera. For nokre år sidan hadde Det humanistiske fakultetet økonomiske problem, og Khrono har skrive om det store Institutt for biovitskap, som vart sett under administrasjon av fakultetet.
— Men når UiB har pengar, kunne de ikkje hjelpt fakulteta som slit?
— Me vert målt på totaliteten, og me har kontroll på økonomien. Men økonomimodellen vår er slik at einingane må handtera sin eigen økonomi. Dersom UiB sentralt skulle gått inn måtte me tatt pengar frå andre einingar, seier Foshaug.
— Men det at me totalt sett går i pluss, gjer at enkeltfakultet kan bruka lenger tid på å få kontroll.
Justerer aktivitet
I økonomirapporten heiter det at strammare rammer, som er ein konsekvens av reduserte løyvingar og låg kompensasjon for løns- og prisvekst, gjer at det er grunn til å rekna med at det vert ein nedgang i overføringar. Fleire av fakulteta hadde med seg pengar frå 2023, men rapporterer at dei reknar med å overføra mindre frå 2024.
Nokre einingar har utfordringar knytt til å ta ned kostnadane etter at dei studieplassane universiteta og høgskulane fekk under pandemien no er trekt tilbake. Men fleire einingar har òg byrja å justera ned aktiviteten sin, heiter det.
—Er du uroa over UiB-økonomien?
— Nei, førebels er økonomien under kontroll. Men eg vert uroa dersom det er mange som får problem, då må me vurdera å setja i gang tiltak som treffer alle, seier Per Arne Foshaug.
Namnebyte og studieforskrift
Dette er det siste styremøtet i vårsemesteret, og her er sakslista:
- S 43/24 V-sak Godkjenning av innkalling og saksliste
- S 44/24 V-sak Godkjenning av protokoll fra møte i universitetsstyret 2.5.2024
- S 45/24 O-sak Økonomirapport per 1. tertial 2024
- S 46/24 O-sak Regnskap for Universitetet i Bergen første tertial 2024
- S 47/24 V-sak Gjennomgang av universitetets husleiemodell
- S 48/24 O-sak Internrevisors halvårsrapport våren 2024
- S 49/24 V-sak Livslang læring og fleksibel utdanning
- S 50/24 V-sak Justeringar i studieforskrifta
- S 51/24 V-sak Endring av navn for Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet til Fakultet for naturvitenskap og teknologi
- S 52/24 V-sak Etablering av akademisk spin-out fond
- S 53/24 O-sak Orienteringssaker
- S 54/24 O-sak Fullmaktssaker
- S 55/24 O-sak Universitetsledelsen informerer
- Eventuelt