Havforsking

Fiskarane sviktar forskarane

Forvaltninga av viktige fiskeressursar står på spel fordi fiskefartøya ikkje leverer fangstprøver til forskarane som avtalt.

Forskar ved Havforskingsinstituttet, Håkon Otterå, er bekymra over mangel på data som er grunnlag for forvaltninga av viktige fiskeslag som makrell og sild.

Manglande data som er bestilt frå fiskefartøy og fiskemottak er blitt eit problem for forvaltninga av ressursane i havet.

— Fangstprøvene er heilt avgjerande, og den viktigaste delen av data for å kunne gjere mest mogleg presise estimat av bestandar og dermed kunne gi råd om kvotar, seier forskar Håkon Otterå til Khrono.

Han er ansvarleg for det såkalla fangstlotteriet ved Havforskingsinstituttet. Det går ut på at fiskefartøya etter førespurnad forpliktar seg til å hente ut fangstprøver og sørge for at dei blir levert til havforskarane.

Berre 60 prosent av bestillingane har i 2022 funne vegen til Havforskingsinstituttet.

Dersom ikkje fangstprøvene kjem inn tidleg i januar, blir resultatet vesentleg redusert kunnskap om kor mykje fisk det er i havet. Dette fører i sin tur til mindre presise råd om kor mykje det er forsvarleg og fiske. Ifølgje Otterå må forskarane få inn opp mot 90 prosent av prøvene for at utrekningane som er grunnlaget for forvaltninga av ressursane skal fungere optimalt.

Kring 200 fiskefartøy er inkludert i ordninga som skal sørge for prøver og data til havforskarane.

Dugnad og kutt

Fangstlotteriet vart innført i 2018, nettopp for å skaffe meir presise data til havforskarane sitt arbeid med rekne ut bestandane av makrell, sild, tobis, øyepål og andre pelagiske fiskeslag. Sidan starten har det vore eit problem å få fiskarane til å pakke og sende dei nødvendige prøvene frå havet. Ordninga vart gjort obligatorisk frå 2021.

Havforskingsinstituttet trur problemet både er at fiskarane ikkje gjer jobben, og at prøver blir liggande på fiskemottak utan å bli sendt vidare.

Samstundes med at datadugnaden i fiskeflåten slår sprekker, har Havforskingsinstituttet varsla kutt og oppseiingar. Dette fører mellom anna til færre tokt der forskarane sjølv hentar data. Data frå tokta blir i denne samanhengen brukt til å korrigere og justere utrekningane basert på fangstprøvene frå fiskarane.

Før fangstprøvelotteriet vart innført i 2018, vart prøver bestilt direkte frå kvart enkelt fartøy og fiskemottak. Det gav eit langt smalare statistisk grunnlag for forskarane å rekne på.

I tillegg var det vesentleg meir tidkrevjande, og dermed dyrare.

— Blir endå viktigare

— Det er billigare å få data frå fiskarane enn å hente dei sjølve. I framtida vil prøver frå fiskarane, som vi kan kombinere med eigne data, bli endå viktigare., seier Otterå.

Ordninga med eit tillits- og dugnadsbasert samarbeid om fangstprøver av denne typen er unikt for Noreg. Havforskingsinstituttet har ønskt at også andre land skal innføre ordninga, for å bidra til ei sikrare forvaltning av fiskebestandane. Noreg fiskar cirka 20 prosent av all makrell som årleg blir fiska internasjonalt.

— Manglande levering av fangstprøver frå fartøy og mottak slår tilbake på fiskarane, fordi vi ikkje vil kunne gi like gode kvoteråd, seier Otterå.

Det er leiar i Pelagisk foreining, Mariann Frantsen, einig i. Pelagisk foreining er ein interesseorganisasjon for fiskebåtreiarar.

Fiskeflåten: — Vinn-vinn

— Ordninga er vinn-vinn for begge partar, fiskarar og forskarar. Vi ønsker å få best mogleg forsking, seier ho.

Frantsen meiner likevel ikkje det primært er fiskarane som har vore for slappe, men at Havforskinga sjølv må ta ein vesentleg del av ansvaret.

— Dette er eit samarbeid mellom organisasjonar, forsking og forvaltning. Vi formidlar vidare den informasjonen vi får frå Havforskingsinstituttet.

Ho seier dei vil prøve å bli flinkare til å nå ut til flåten.

— Det vil ta tid å implementere denne ordninga, framleis er dette ganske nytt, seier Frantsen.

Powered by Labrador CMS