forskingsetikk
Fire søkte på ph.d.-stilling med falske forskingsartiklar
4 av 25 søkarar til ei stipendiatstilling i matematikk ved Universitetet i Bergen hadde falske forskingsartiklar på publikasjonslista.
I slutten av november i fjor hadde Inga Berre, etter ein første gjennomgang, 25 søkarar til ei stipendiatstilling liggande igjen på pulten.
Då matematikkprofessoren ved Universitetet i Bergen (UiB) kika nærare på publikasjonane vedlagt søknadene, oppdaga ho at fire av dei hadde falske artiklar på lista, truleg produsert av illegale artikkelfabrikkar.
— Artiklane eg oppdaga liknar til forveksling normale forskingsartiklar. Struktur og innhald ser tilforlateleg ut. Fleire var godt siterte og publiserte på kjende forlag som Springer, Wiley og Elsevier — og i tidsskrift registrert i det norske Kanalregisteret.
Det er først når ein begynner å lese nærare at det ikkje gir meining, fortel Berre til Khrono.
Ein av dei 25 søkarane til ph.d.-stillinga ved Matematisk institutt presenterte ei liste med 12 vitskapelege artiklar til søknaden. Då Berre undersøkte dei, oppdaga ho at alt var svindel.
Artikkelfabrikkar, eller «paper mills», er illegale verksemder som leverer forfalska vitskapelege artiklar tilrettelagt for publisering i anerkjende tidsskrift. Dette er eit aukande problem i den akademiske verda.
Nyleg avdekte Khrono at ein professor ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) skal granskast etter påstandar om at han skal ha publisert falske artiklar.
— Ressurskrevjande
Inga Berre melde frå til fakultetet si HR-avdeling, men har så langt ikkje fått tilbakemelding om at dei har sett andre tilfelle av denne typen forskingsjuks, eller annan informasjon om problemet.
— Det tar ei viss tid å identifisere slike artiklar, dermed blir det også noko meir tid- og ressurskrevjande å gjennomføre tilsetjingar, seier Berre.
Matematikkprofessoren peikar også på at det som regel krev at lesaren er godt kjende i det spesifikke fagområdet for raskt å kunne avsløre juks i forskingsartiklar.
Faren for å tilsetje kandidatar som fyller heile publikasjonslista med falske artiklar, tru ho likevel det er relativt lett å luke ut, ved god kvalitetssikring i sakkunnig vurdering og intervju.
— Eit større problem kan vere kandidatar som «pumpar opp» si eiga publikasjonsliste og H-faktor med denne typen artiklar.
H-faktoren er ein indikator som måler publiseringsaktivitet etter talet på både publikasjonar og siteringar.
To prosent falske
Direktør i dei nasjonale forskingsetiske komiteane, Helene Ingierd, har ikkje høyrt om at falske forskingsartiklar har dukka opp i samband med tilsetjingar.
Granskingsutvalet, som handterer brot på forskingsetiske normer, har ikkje behandla saker knytt til falske artiklar eller «paper mill»-produkt.
— Internasjonalt finst det fleire undersøkingar som understrekar problemet, og at anslagsvis to prosent av artiklane som er i omløp er falske. Vi har ikkje tal på omfanget i Noreg. Men det er grunn til å tru at tilstanden er ganske lik, seier Ingierd.
I ei landsomfattande undersøking frå 2018 svarte fem prosent av forskarar i Noreg at dei hadde brote med god forskingsskikk minst tre gonger dei siste fem åra.
Etter at forskingsetikklova kom i 2017, er kravet om å følgje opp og avdekke forskingsjuks blitt skjerpa.
— Det er eit lovpålagt ansvar institusjonane har for opplæring og nødvendige tiltak for å sikre forskingsetisk praksis og tiltak for å avdekke forskingsjuks, seier Ingierd.
I 2021 viste ein rapport frå Riksrevisjonen at forskingsinstitusjonane ikkje hadde etablert system for opplæring i forskingsetikk. Dei hadde heller ikkje gode nok system for å fange opp moglege brot på anerkjende forskingsetiske normer.
Ukjent for UiB-leiinga
Matematikkprofessor Inga Berre seier ho reknar med at ho ikkje er den einaste som har oppdaga falske artiklar blant søkarar til forskarstillingar på universitetet.
Prodekan for forsking og innovasjon ved Det Matematisk-naturvitskapelege fakultet ved UiB, Øyvind Frette seier derimot at han ikkje kjenner til saker der falske artiklar er blitt avslørte på hans fakultet.
— Eg er ikkje kjent med at vi har hatt denne typen utfordringar. Men det er eit problem som vi må ta stilling til. Denne saka aktualiserer det, seier Frette, som også er leiar for redelighetsutvalget på fakultetet.
Prorektor for forsking ved UiB, Benedicte Carlsen, er heller ikkje kjent med saker ved universitetet der falske artiklar er avdekt, verken i tilsettingssaker eller andre samanhengar.
Matematikkprofessor Berre seier ho også tidlegare har oppdaga falske artiklar, men aldri så mange.
— Eg kjem nok til å vere endå meir merksam på dette no, og særleg når det er snakk om søknader til stillingar, seier Carlsen, som også Redelighetsutvalget ved UiB.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut