Kortnytt

Fem nye studentar smitta ved UiB

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Statsråd Henrik Asheim møtte studentar i Bergen for å høyra deira røynsler frå koronautbrotet. Her Lise-May Sæle frå NHH.

Også i helga har det kome melding om mange nye smitta i Bergen. Ved fleire skular er det no meldt om smittetilfell. Også Universitetet i Bergen har fått fleire nye smittetilfelle; fem nye studentar har fått påvist koronavirus i løpet av helga. Det betyr at totaltalet på koronasmitta UiB-studentar har stige til 55.

Både NHH og Høgskulen på Vestlandet har hatt utbrot der mange studentar har vore sjuke samstundes. Desse to har ikkje meldt om nye smittetilfelle i helga.

Khrono si oversikt over smitta studentar i heile landet kan du sjå her.

(Hilde Kristin Strand / Khrono)

Powered by Labrador CMS