Korona i instituttsektoren
Fekk lønnskompensasjon frå staten til 21 av 55 tilsette
Møreforsking fekk kompensasjon for lønn til nær ein tredel av stillingane etter permitteringar under koronakrisa. Også Sintef og Norce fekk hjelp.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Totalt 6 forskingsinstitutt og -konsern med grunnløyvingar frå Forskingsrådet fekk innvilga støtte gjennom den ekstraordinære lønnskompensasjonsforskrifta som vart oppretta i samband med korona-pandemien.
Mest fekk Sintef, fordelt på sine ulike avdelingar, med kompensasjon for å lønne 46 stillingar. Ved Sintef Norlab i Mo i Rana innvilga NAV lønnskompensasjon til 9 stillingar. Sintef har 2000 tilsette.
Forskingsinstituttet Norce, som har halvparten så mange tilsette som Sintef, har fått lønnskompensasjon for 36 tilsette, 17 av dei i Bergen.
Sett i forhold til talet på tilsette er det Møreforsking som har fått klart mest frå staten for å lønne sine permitterte medarbeidarar. Møreforsking, som har avdelingar i Ålesund, Molde og Volda, fekk innvilga kompensasjon til heile 21 av 55 tilsette.
— Spesiell verksemd
Direktør Agnes C. Gundersen i Møreforsking seier verksemda er spesiell.
— Vi er eit samfunnsvitskapeleg institutt, men ein del av verksemda er retta mot næringsliv og teknologi. Fleire jobbar tett med næringslivet og har feltarbeid ute i bedriftene, også i andre regionar. Permitteringane var ein direkte konsekvens av nedstenginga av samfunnet som gjorde at vi ikkje kunne utføre oppdrag, seier Gundersen, og legg til at det i hovudsak var tilsette på deltid som vart permitterte.
Den tidsavgrensa forskrifta for lønnskompensasjon i samband med covid-19 vart vedteken i slutten av mai. Nav har betalt ut kompensasjon til meir enn 70 000 verksemder.
Uro i Norce
Norce har vore i søkelyset etter at det vart klart at instituttet skulle gjennom omfattande omorganiseringar. I slutten av juni blei det klart at 20 tilsette mistar jobben, og ytterlegare 30 skal omplasserast gjennom såkalla endringsoppseiingar.
Leiinga sendte i mars ut kring 40 permitteringsvarsel, og grunngav dette med koronakrisa. Det vart av dei ni fagforeiningane oppfatta som eit mogleg vikarierande motiv. Fagforeiningane stilte i eit brev spørsmålet om det var ein reell samanheng mellom epidemien og permitteringsvarsla, noko som førte til at Norce gjekk gjennom permitteringane på nytt.
Kort tid etter vart 13 av permitteringsvarsla trekte tilbake.
Blant dei 6 forskingsinstitutta som har fått lønnskompensasjon er også FAFO som har motteke støtte for 9 tilsette, og miljøinstitutta NILU (Norsk institutt for luftforskning) som har fått lønn for 3 stillingar og Cicero, som har fått for 2.
Nyeste artikler
Forskjellen må utgjøre en forskjell
NTNU stenger populær fritidsbolig for utleie. — Veldig lei meg
Første gang dette århundret om alle godkjennes. Og slik ser det ut til å bli
29 unge og lovende forskere får ekstra privilegier
Departementet kan ikkje oppheve mistillit
Mest lest
Sjokkmåling: Nær dobling for Frp blant studenter
Kvinner skjuler hvor tøft de har det på jobb etter sykdom. — Jeg lukket døra på kontoret og gråt
Khronos lesere med 37 forslag til Årets navn i akademia 2024
Instituttet sier opp folk, nå slutter instituttleder og får ny jobb utenfor NTNU
1107 årsverk visket bort i akademia i 2024