Mona S. Mehus og Eivind Rindal har sett i gang ein underskriftskampanje for å behalde Barbara Krawcowicz ved NTNU. Foto: Privat

Studentar krev fast stilling for populær forelesar ved NTNU

Fast stilling. 100 studentar har skrive under på eit opprop der dei krev at postdoktor Barbara Krawcowicz får fast stilling ved Institutt for filosofi og religionsvitskap ved NTNU.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Barbara Krawcowicz er inne i sitt tredje år som postdoktor ved NTNU og kontrakta hennar går ut våren 2020. No har 100 studentar engasjert seg for å behalde den populære foreleseren, skriv Universitetsavisa.

Studentane har skrive under på eit opprop der dei krev at Krawcowicz får fast stilling. Oppropet vart overlevert til administrasjonen ved Det humanistiske fakultet (HF-fakultetet) tysdag.

Underskriftskampanje er kanskje uortodoks, men den viser kor stort engasjement det er blant studentane.

Eivind Rindal

Eivind Rindal er ein av studentane som har stått i bresjen for underskriftskampanjen.

— Denne saka må sjåast på som ei unik moglegheit for fakultetet og instituttet til å satse på kvalitet innan utdanning. Generelt er det inga anna verksemd utanfor akademia som ville ha unnlate å tilby fast stilling basert på resultata og tilbakemeldingane som har kome fram i denne saka, skriv Rindal i ein SMS til Khrono.

Unison tilbakemelding frå studentane

I oppropet som no er levert til HF-fakultetet, skriv studentane blant anna at Krawcowicz har bidrege til at fleire studentar som elles ville ha droppa ut, har valt å gå vidare med faget.

Vidare i brevet står det at Krawcowicz har kritiske perspektiv på kjønn, og studentane meiner dette er særleg positivt på eit institutt som har hausta kritikk for å ha hatt ein skeiv kjønnsbalanse.

— Underskriftskampanje er kanskje uortodoks, men den viser kor stort engasjement det er blant studentane. Om ein meiner alvor når ein seier at ein skal satse på kvalitet innan utdanning kan ein ikkje ignorere studentane si unisone tilbakemelding, seier Rindal til Khrono.

Ønskjer fleire kvinnelege medarbeidarar

Dekan ved HF-fakulutetet, Anne Kristine Børresen, stadfestar til Universitetsavisa at ho har motteke brevet frå studentane.

Ho seier til avisa at dei er i ferd med å lyse ut ei stilling i religionsvitskap og at det på grunn av den skeive kjønnsbalansen er ønskjeleg med fleire kvinnelege medarbeidarar.

Krawcowicz skriv i ein e-post til Universitetsavisa at ho er djupt rørt over brevet frå studentane.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS