<p>Norges Farmaceutiske Forening håper og trur at fleire farmasøytar med bachelorgrad vil ta master i farmasi etter omlegginga til 3-2-modellen.</p> Foto: Janne Veirud/HiOA

Norges Farmaceutiske Forening håper og trur at fleire farmasøytar med bachelorgrad vil ta master i farmasi etter omlegginga til 3-2-modellen.

Foto: Janne Veirud/HiOA

Farmasiutdanninga blir lik alle dei andre masterprogramma

For farmasøytar med bachelorgrad er vegen mot ein master spesielt lang. No vil regjeringa gjera utdanningsløpet enkelt og likt. Studentane jublar, andre er uroa over kompetansenivået.

Publisert   Sist oppdatert

I dag må ein farmasøyt med bachelorgrad bruke 3 - 3,5 år på sin master, medan normert tid på andre fag er 2 år. Ein bachelorfarmasøyt bruker kortare tid på å ta master i kva som helst anna fag enn sitt eige.

Regjeringa har pålagt farmasiutdanningane å tilpasse seg hovudmodellen i den norske gradstrukturen, nemleg 3 år bachelorstudium og 2 år masterstudium (3+2-modell). Dette kjem fram av Stortingsmelding nr 13, Utdanning for velferd. Med omlegging til 3+2-modellen vert det mogleg for farmasøytar med bachelorgrad å ta master i eige fag utan ekstra tidsbruk.

Uro over kompetansenivået

– Mange i den farmasøytiske profesjonen er skeptiske til kva ei slik omlegging kan gjera med nivået på farmasøytar med mastergrad, seier leiar i Norges Farmaceutiske Forening (NFF), Tove Ytterbø (bildet under).

Dette vil auke kompe=tanse=nivået på farmasøytar 
generelt.

Tove Ytterbø
Leiar i Norges Farmaceutiske Forening (NFF)

– Debatten rundt kva som skal inn av fag og praksis på bachelor- og masternivå i utdanninga er svært viktig, og ulike aktørar utanom utdanningsinstitusjonane må òg delta i denne debatten. Eg forventar at utdanningsinstitusjonane samarbeider, slik at det blir utdanna dyktige farmasøytar som samfunnet har bruk for, seier Ytterbø, som sjølv er høgskuleutdanna farmasøyt.

Ho har god tru på at dette blir ei positiv endring når det gjeld farmasøytisk profesjonsutdanning i Noreg.

– Dagens system pålegg farmasøytar med bachelorgrad unødig ressursbruk når dei ønsker å ta master i sitt eige fag, og systemet er òg lite gunstig for dei som vel å avbryte eit integrert masterstudium utan å få utteljing, seier Ytterbø.

Ho presiserer at det er viktig for NFF at kvaliteten på studentane ikkje blir dårlegare med denne omlegginga, og at NFF stiller seg opne til om opptakskrava bør bli lagt på same nivå som til dagens 5-årige integrerte masterstudium i farmasi i den nye 3+2-modellen.

Ho fortel at NFF håper og trur at fleire farmasøytar med bachelorgrad vil ta master i farmasi etter omlegginga til 3+2-modellen.

– Dette vil auke kompetansenivået på farmasøytar generelt, noko som bør roe skeptikarane. No kan vi endeleg sjå fram imot ei modernisering som tek omsyn til både student og samfunn, seier Ytterbø.

Behov for auka kvalitet

– Farmasistudiet skal framleis vere ei profesjonsutdanning, og det blir viktig å sikre at dei ferdige kandidatane har god forståing for kva det betyr å arbeide som helsepersonell, seier fagdirektør Per Kristian Faksvåg i Apotekforeningen.

Dei støtter omlegginga til ein nasjonal 3+2-modell, og gir innspel til utvalsarbeidet som går føre seg. Apotekforeningen ser eit auka behov for kompetanse i mellom anna klinisk farmasi og kommunikasjon blant farmasøytar i framtidas apotek.

– Apotekforeningen er opptatt av at omlegginga må halde oppe eller auke kvaliteten på både bachelor- og masternivå. For å sikre høg grad av gjennomføring og at kvaliteten på ferdig utdanna master blir held oppe, ser vi ikkje bort ifrå at det kan bli nødvendig å auke opptakskrava til bachelorstudiet, seier Faksvåg.

3+2-utval i fullt arbeid

– Akkurat det med opptakskrav er det mykje diskusjon om i den farmasøytiske bransjen, og 3+2-utvalet har ei stor oppgåve framfor seg i vår, meiner Vigdis Aas, førsteamanuensis ved farmasiutdanninga ved HiOA.

Aas (bildet) er nestleiar i ei arbeidsgruppe som i løpet av dette semesteret skal utarbeide forslag til felles læringsutbytte for bachelor- og mastergrad i ein 3+2-modell. Arbeidsgruppa skal òg foreslå felles, nasjonale opptakskrav. Arbeidsgruppa er etablert av Universitets- og høgskulerådet (UHR), ved Nasjonalt profesjonsråd for farmasiutdanning.

– Det er viktig at opptakskrava er høge nok til å kunne meistre heile studiet og utdanne kompetente farmasøytar med mastergrad, men må samtidig ta omsyn til samfunnet og den farmasøytiske bransjen sitt behov for farmasøytar med bachelorgrad, forklarer Aas, som sjølv har si farmasøytutdanning frå Universitetet i Oslo (UiO).

Arbeids- og styringsgruppa arbeider òg med spørsmål om praksistid og finansieringskategoriar.  Den nye, samordna studiemodellen i farmasi er truleg klar frå 2015.

Universitetet i Tromsø går føre

Farmasiutdanninga ved Universitetet i Tromsø (UiT) er godt i gang med første studieåret med 3+2-modellen.

– Utdanningsinstitusjonane styrer i stor grad seg sjølve, og her ved UiT hadde vi allereie før Stortingsmeldinga kom i fjor, gjort vedtak om å starte ein 3+2-modell for bachelor og master i farmasi, fortel leiaren av Institutt for farmasi, Thrina Loennechen, som òg er leiar i styringsgruppa for 3+2-utvalet.

– Nokre av erfaringane vi har gjort oss til no, kan sikkert bli med inn i det nasjonale arbeidet med 3+2-modell, ikkje minst med tanke på at vi med denne omlegginga nytter opptakskrava som gjeld for farmasiutdanningane ved høgskulane.

Ho fortel at dei foreløpig ikkje er meir uroa for korleis bachelor-studentane skal gjera det enn dei har vore for studentane på det integrerte masterprogrammet tidligare.

– Når det gjeld masterfarmasøytane som blir utdanna ved UiT framover, vil alle først måtte kvalifisere seg og ha minimum gjennomsnittskarakter C, i motsetning til kva dei må om dei går eit integrert løp i 5 år, forklarer Loennechen.

Ueinig universitetsmiljø

Farmasøytisk institutt (FI) ved UiO tykkjer det er uheldig at UiT starta med ei 3+2-ordning før den var samkjørt med dei fire andre institusjonane for farmasi i Noreg.

– Det er òg uheldig at dei senka opptakskrava til eit lågare nivå før prosessen kring oppfølging av stortingsmeldinga var starta med dei andre institusjonane, seier instituttleiar Henrik Schultz ved FI.

Ei vellykka 3+2-ordning med direkte opptak til masterstudiet for studentar med bahcelorgrad frå høgskulane føreset at høgskulane justerer sine opptakskrav og gjennomfører ei akademisering av sine utdanningar, skreiv FI i sitt høyringssvar til UiT i samband med planane om iversetting av 3+-2-løp der frå 2012.

– Vi ynskjer å halde på dagens opptakskrav, stadfester Schultz.

– Reduserte opptakskrav vil medføre eit generelt fall i kvaliteten på den ferdige master, og det ynskjer vi ikkje. Samfunnet har bruk for dei beste farmasøytar vi kan utdanne, seier Schultz.

Avventande i Bergen

Universitetet i Bergen (UiB) er positivt innstilt til å innføre 3 + 2- modell for farmasiutdanninga, og reknar med å kunne starte frå hausten 2015.

– Vi forstår at det opplevast urimeleg for ein bachelor i farmasi å måtte bruke 3 år på å byggje på til en mastergrad, men av di utdanningane til no ikkje har vore koordinert, har vi ikkje hatt andre moglegheiter. Det vi er opptatt av, er sluttkompetansen, seier Lone Holst, førsteamanuensis og leder for programutvalet for farmasi ved UiB.

– Umiddelbart ser vi det ikkje som hensiktsmessig å senke krava til inntak frå
vidaregåande skole, sjølv om det vil bli krav om C i gjennomsnitt frå bachelor for opptak til mastergrad. Ho seier vidare at dei venter på utspillet frå det nasjonale 3+2-utvalet før dei gjer endelege vedtak.

Studentar applauderer

Både universitets- og høgskulestudentar ønsker omlegginga varmt velkommen.

– Eg er positiv til omlegginga, seier Irene Gjertsen, farmasistudent ved Høgskulen i Nord-Trøndelag (HiNT) og bachelorstudentane sin representant i 3+2-utvalet. Det blir kanskje nødvendig å stille høgare krav til opptak på bachelor i den nye studiemodellen fordi det mest sannsynleg blir meir realfag enn det er i dag, men dette er spørsmål utvalet skal arbeide med, seier Gjertsen.

Merete Kveli Moen er masterstudentane sin representant i uvalet. Ho er i gang med første året på det to-årige masterprogrammet ved UiT. Frå før er ho utdanna bachelor i farmasi ved Høgskulen i Oslo i 1999.

– Personleg synest eg omlegginga er heil genial, seier Moen, og legg til at målet må vera å utdanne minst like gode farmasøytar som med dagens system.

Ho meiner det er på høg tid at utdanninga blir lik og fleksibel, og meiner det er spennande å vere med på å forme framtidas farmasøytutdanning.

– Eg har familie, og for meg betyr det svært mykje, både praktisk og økonomisk, å ikkje måtte bruke 1 – 1,5 år ekstra på masteroppgåva, seier Kveli Moen.

Les meir i Stortingsmelding nr 13 (2011 – 2012), «Utdanning for velferd», kap 9.7.4 Farmasi.