Konferanse om norsk fagspråk i forskning og høyere utdanning i vinter. I panelet f.v. Johan Tønnesson, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, Curt Rice, Marit Kristiansen og Åse Gornitzka i panelsamtale om norsk fagspråk. Foto: Runhild Heggem

Språkpolitikk for studentane

Parallellspråkleg praksis. Det er behov for ein språkpolitikk som fokuserer på kva rolle språket spelar i læringa av eit fag og korleis ein best oppnår god læring gjennom målretta tiltak, skriv stipendiat og høgskulelektor Trude Bukve.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Språkpolitikken ved dei to største utdanningsinstitusjonane på Vestlandet har vore i fokus den siste veka, og i Bergens Tidende har ein kunne følgt debatten om korleis desse institusjonane skal røkta språka som ein møter i akademia.

Medan Georg Arnestad ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) etterspør ein språkpolitikk ved Universitetet i Bergen (UiB), legg Dag Rune Olsen, rektor ved UiB, vekt på at internasjonaliseringa krev auka bruk av engelsk og at også det språklege mangfaldet er ein styrke. Det bør det ikkje vere tvil om. Likevel er det viktig å understreke at for at språket skal verte ein styrke, så lyt ein meistre det.

Studentar med låg språkleg sjølvtillit i engelsk hadde sjeldnare planar om å reise på utveksling.

Trude Bukve

Eg har ein fot i begge utdanningsinstitusjonane. Eg er tilsett ved HVL, og har dei siste åra arbeidd med doktorgraden min ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved UiB. Fokuset i avhandlinga mi har vore korleis studentar opplever språket dei møter i løpet av utdanninga.

Verken Arnestad eller Olsen brukar mykje tid i sine innlegg på studentane sine møte med språket, og dette temaet er ofte fråverande i språkpolitikkane til utdanningsinstitusjonane.

I dei fleste norske språkpolitiske dokumenta eg har gjennomgått, skriv ein om den aukande internasjonaliseringa som ei årsak til den utstrekte bruken av engelsk. Norsk vert i hovudsak omtala som noko det er viktig å ta vare på.

At det norske språket er ein viktig kulturberar er eg sjølvsagt samd i, men det er ikkje statusen til det norske språket studentane er mest opptekne av. Dei er derimot svært opptekne av rolla språk spelar i deira eiga læring.

Ei viktig oppgåve for språkpolitikken ved universitet og høgskular bør vere det å leggje til rette for at studentane har tilgang til godt språk, både norsk og engelsk, og at læringa av språk inngår som ein naturleg del av utdanninga.

I doktorgradsprosjektet mitt har eg gjennomført ei spørjeundersøking om språkbruken ved høgare utdanningsinstitusjonar som henta inn svar frå om lag 1300 studentar frå dei fem nordiske landa. Undersøkinga omfatta studentar frå svært ulike utdanningar: Naturvitskaplege fag, juss og filosofi. Dette er studentgrupper som opplever svært ulike språklege praksisar på utdanningane sine, men alle møter dei det lokale språket (som til dømes norsk, dansk eller finsk) og engelsk i større eller mindre grad, og alle har dei meiningar om språka dei møter i undervisninga.

Dei fleste studentane, uavhengig av kva fag dei studerer, og kva deira kjønn, alder og fyrstespråk er, er positive til bruken av både engelsk og det lokale språket i undervisninga. Likevel syner det seg at den språklege sjølvtilliten knytt til engelsk påverkar kor positive studentane er til bruken av engelsk i utdanninga si. Undersøkinga synte også at den språklege sjølvtilliten hadde noko å seie for kor vidt studentane planla å studere utanlands. Studentar med låg språkleg sjølvtillit i engelsk hadde sjeldnare planar om å reise på utveksling.

I ei tid der UH-sektoren i større grad ynskjer å pålegge studentar utanlandsopphald, tykkjer eg det er viktig å undersøke kvifor det framleis er så få som vel utveksling som ein del av utdanninga si. Ein openberr grunn er sosioøkonomiske skilje, som det vert snakka mykje om. Men i tillegg til dette ser det ut til at dei som ikkje tykkjer dei meistrar engelsk godt nok, vegrar seg for å reise ut.

Det er svært uheldig dersom det syner seg at studentar som ville hatt stort fagleg og språkleg utbytte av eit utanlandsopphald, let vere å reise ut fordi dei ikkje oppfattar seg som kompetente nok. Den språklege sjølvtilliten kan også spele inn på studentane sin aktivitet i klasserommet. Ein student innan dei naturvitskaplege faga kommenterte:

«Jeg lærer veldig godt på engelsk, men hadde nok dessverre ikke turt å spørre om noe på engelsk i forelesning foran alle.»

Olsen legg vekt på at den aukande internasjonaliseringa krev ein viss bruk av engelsk, og Arnestad syner til det ein i diverse nordiske språkpolitiske dokument kallar «parallellspråkleg praksis», altså at dei lokale språka og engelsk skal kunne eksistere side om side, utan at bruken av det eine går ut over det andre. Prinsippet om parallellspråk er godt, men praksisen kan det ofte vere så som så med. For kva tyder eigentleg parallellspråkleg praksis?

Det er det ikkje alltid like godt å lese ut av dei språkpolitiske dokumenta. Studentar som brukte engelsk pensum og hadde forelesingar på norsk – altså ein type parallellspråkleg praksis – meinte at dette ofte var forvirrande og at språkpraksisen ofte verka tilfeldig og lite gjennomtenkt. Dei opplevde også at språk var noko som forelesarane tok for gitt at dei meistra.

Studentane etterlyser med andre ord meir fokus på sjølve språket i undervisninga. Vi må anerkjenne at språket er ein viktig del av eit fag. Det kan vere vanskeleg å lære på eit framandspråk, og det fagspesifikke språket kan vere ei særleg utfordring for dei ferske studentane. Difor er det behov for ein språkpolitikk som fokuserer på kva rolle språket spelar i læringa av eit fag og korleis ein best oppnår god læring gjennom målretta tiltak.

Likevel skal ein ikkje sjå seg blind på rolla til eit språkpolitisk dokument; det er gjennomføringa av språkpolitikken som er viktig. Og ikkje minst er det ei viktig oppgåve for oss undervisarar å vere bevisste på kor viktig språket er i læringa, og gjere det vi kan for at studentane skal få så god læring og språkleg sjølvkjensle som mogleg.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS