gatekunst

Estetisk utval gav grønt lys til å måle over kunstverk

Det finst ikkje nokon juridisk bindande avtale med kunstnaren, ifølgje Universitetet i Bergen. — Universitetet har ikkje ansvar for å ta vare på verket, seier utvalsmedlem.

Eigedomsdirektør ved UiB, Kjartan Nesset, vil ikkje svare på spørsmål om vurderingane som vart gjort då gatekunstverket «Fjordprinsessa» vart måla over.
Publisert Oppdatert

Khrono fortalte onsdag om gatekunstverket «Fjordprinsessa» som har stått ved hovudinngangen til SV-fakultetet sidan 2016 – og som no er blitt måla over med svart.

Ifølgje kunstnaren, Sandie Carol Dougnac, vart verket godkjent og ønskt velkommen av Universitetet i Bergen (UiB). To år etter vart det tatt med i boka «Art and Architecture at the University of Bergen», som universitetet sjølv hadde bestilt.

Dougnac vart ikkje varsla på førehand om at verket skulle målast over.

— Ingen juridisk avtale

Etter det Khrono forstår gav estetisk utval grønt lys då eigedomsavdelinga ved  universitetet tok kontakt med utvalet for å finne ut av status kring kunstverket.

Medlem i estetisk utval, Sigrun Åsebø

— Det finst ingen juridisk bindande avtale med kunstnaren. Det betyr at UiB ikkje har ansvar for å bevare verket, seier medlem i estetisk utval, Sigrun Åsebø, til Khrono. 

Utvalet har  det overordna ansvaret for kunst og utsmykking ved UiB. 

Åsebø viser elles til at leiar i utvalet, Ann-Helen Mydland, må svare for innhaldet i e-postkorrespondansen som fann stad mellom utvalet og eigedomsavdelinga.

Khrono har tatt kontakt med eigedomsdirektør Kjartan Nesset i eit forsøk på å finne ut kva vurderingar som er gjort i forkant av at verket vart måla over. Han ønskjer ikkje å kommentere saka, og viser til rektor. 

Også rektor Margareth Hagen viser til leiar av estetisk utval, professor Ann-Helen Mydland. 

Mydland har så langt ikkje svart Khrono. 

— Mellombels kunst

Åsebø legg til at sjølv om verket ikkje er offisielt innlemma i UiBs samlingar, betyr ikkje dette at det er utan verdi eller interesse.

— Det betyr berre at det ikkje er UiBs ansvar å ta vare på det.

Åsebø viser elles til at gatekunsten ikkje er meint å vare, at det er mellombelse prosjekt i sin natur. Derfor er det ikkje nødvendigvis overraskande at det blir måla over, ifølgje henne.

Utsnitt av gatekunstverket «Fjordprinsessa».

På spørsmål om kunstnaren burde fått beskjed, viser ho igjen til utvalsleiar Mydland.

Åsebøs syn på gatekunst blir støtta av forfattaren av kapittelet om gatekunsten i boka som UiB bestilte og som kom ut i 2018.

På Facebook skriv Walter Wehus:

«Selvsagt vil det bli malt over på et tidspunkt. Hele poenget med gatekunst er at det er en flyktig kunstform. Hvem som helst kan i prinsippet ta seg til rette og lage kunst på offentlige vegger. Iblant spør de om lov – som her – og iblant ikke. Så lever kunstverket på offentlighetens nåde, helt til det blir malt over – og i praksis omgjort til et blankt lerret for en annen kunstner».

Og vidare:

«Det å klage over at et verk blir fjernet etter å ha fått stå på en vegg i byrommet i syv år, og i tillegg trekke inn åndsverksloven, vitner om liten forståelse for gatekunstens vesen».

Powered by Labrador CMS