kunst
Universitetet måla over kunstverk det sjølv lista opp som kulturarv
Kunstverket blei sett opp med UiBs velsigning og seinare karakterisert som kulturarv i bok om kunst og arkitektur — bestilt av universitetet.
No har universitetet måla veggen svart —
og kunstverket er tapt.
Det var i 2016 at Universitetet i Bergen (UiB) ønskte kunstnaren Sandie Carol Dougnacs (signert Sandie Carol) verk «Fjordprinsessa» velkommen til å pryde ein av veggene ved hovudinngangen til Det samfunnsvitskapelege fakultet på Nygårdshøyden i Bergen.
To år etter vart verket tatt med som eitt av dei mange kulturminna og kunstverka universitetet forvaltar, i boka «Art and Architecture at the University of Bergen».
Boka var eit bestillingsverk frå universitetet sjølv.
Internasjonalt ry
— Eg veit ikkje kva som har hendt. Men det er trist og overraskande at universitetet ikkje tar vare på kunstverk universitetet sjølv har ønskt seg. Dette handlar også om å følgje åndsverkloven, seier Dougnac til Khrono, på telefon frå Paris.
«Fjordprinsessa» er ikkje den einaste «autoriserte» gatekunsten som er måla over på universitetsområdet i Bergen. Blant dei andre signaturane som er måla over er storleikar i gatekunstverda som Akire, AFK, Østrem og KK.
Bergen har lenge hatt internasjonalt ry for gatekunsten, som etter kvart er blitt «stoverein» i offisielle samanhengar.
Ei av eldsjelene i det bergenske gatekunstmiljøet, Øistein Jakobsen, skriv ironisk på StreetArt Bergen si Facebook-side. «I have always believed that universities are bearer of culture». Han har sjølv fotografert rundt 60 000 gatekunstverk.
— At universitetet går inn og målar over «Fjordprinsessa» og dei andre, er sannsynlegvis ulovleg i forhold til åndsverksloven. Eg stiller i alle fall spørsmålet, seier Jakobsen til Khrono.
Turistattraksjon
Kunsten blir også rekna som ein turistattraksjon. Eit guidebyrå i Bergen arrangerer til dømes eigne gatekunstvandringar.
— Nokon trur jo framleis at gatekunst er det same som graffiti og vandalisme. Men ein skulle tru at eit universitet visste betre, seier Dougnac, som har røter på Husnes utanfor Bergen.
Ho har sjølv vore student på SV-fakultetet ved UiB, og har også fransk hovudfag derifrå.
— Det er er ikkje spesielt hyggeleg at studentane i dag skal møte ein svart vegg i pausane, i staden for kunst. Det var ei ære for meg å få vise kunsten der, seier ho.
Rektor: — Kjenner ikkje detaljane
Rektor ved Universitetet i Bergen, Margareth Hagen, seier til Khrono at ho ikkje er kjend med detaljane i saka, eller historikken knytt til kunstverket.
Ho seier dei fagleg ansvarlege i estetisk utval på universitetet vil undersøke saka.
— Generelt kan eg seie at UiB har eit liberalt syn på gatekunst. Det er offentlege ytringar, og ein naturleg del av det offentlege rommet. Men akkurat kva som har hendt her, og dette er blitt måla over, kan eg ikkje uttale meg om no, seier Hagen.

Nylige artikler
Nesten 600 tvilsmeldinger om studenter som kan være uskikket
Slik lever feilaktig forskning videre. Diskrediterte studier sitert mange tusen ganger
Han kjørte trailer i mange år. Så gikk veien til NTNU
Fagessayet: Ei KI-sikker eksamensform?
Nobelprisvinnar trekker seg etter Epstein-vennskap
Mest leste artikler
Så mange fikk ikke godkjent doktoravhandlingen sin
Epstein-oppvask i akademia: Stadig flere blir strippet for oppgaver
Nobelprisvinnar trekker seg etter Epstein-vennskap
Foreleser mistenkes for å ha funnet opp sin egen «nobelpris» og gitt den til seg selv
Reagerer på kampanje mot «bachelor i irrelevans». — Rakker ned på andre