khrono helg

Stempla som hatefull og transfob. No har Anki Gerhardsen fått fast jobb i akademia.

Anki Gerhardsen, leiar og redaktør av Lytring, Nord universitet og Nordlandsforskning
— Eg synest det er heilt greitt at ikkje alle liker meg, seier Anki Gerhardsen, leiar og redaktør for debattarenaen Lytring.

«Emosjonar får altfor stor plass i det offentlege ordskiftet»

— Eg får av og til høyre at eg er ein sånn kontrær type. Veit du kva? Det er eg ikkje. Eg trur veldig, veldig mange er einige med meg. Eg er ikkje kontrær.

Fakta

Anki Gerhardsen

  • Journalist og kritikar, busett i Bodø.
  • Har arbeidd med journalistikk sidan midt på 90-tallet, og også undervist som lektor ved Nord universitet.
  • Fast tilsett som leiar og redaktør for redaktør for debattarenaen Lytring, som er eigd av Nord universitet og Nordlandsforsking.
  •  Lytring skal kople forskingsformidling med samfunnsdebatt og er retta mot folk flest. Lytring arrangerer debattar i Bodø, Levanger, Mo i Rana og Lofoten.

Lytte og ytre — stablar du litt om på orda får du det mystiske verbet lytre, og frå det — lytring.

Etter nokre år som «prosjekt» er debattarenaen Lytring i regi av Nord universitet og Nordlandsforsking no blitt fast inventar. Lytring «skal styrke et forskningsbasert offentlig ordskifte (…) for innbyggere i hele landet» på permanent basis.

I fast stilling som redaktør og leiar: Tidlegare mellombels tilsett på deltid, Anki Gerhardsen.

Mange kjenner henne etter kvart som ein skarp samfunnsdebattant, ei nasjonal røyst frå nord. Det utspelar seg blant anna i ein spalte i Aftenposten, der ho får boltre seg med mediekritikk, oftast spiss, ofte overraskande. For eksempel er ho kritisk til at dei kritiske så sjeldan blir stilt kritiske spørsmål.

Ho hevdar hardnakka at ho aldri — aldri — går inn for å provosere. Dette mislykkast ho ofte med.

Målet er eit rasjonelt, fryktlaust og opplyst ordskifte. Ein slags demokratisk akupunktur, som stikk for stikk skal løyse opp stive skuldrer og ledd i samfunnskroppen.

— Usemje er eit gode. Det er ein skatt som demokratiet vårt er heilt avhengig av. Det skal vere fint å høyre på folk du er rykande ueinig med. Vi bør juble for det!

Det står ikkje berre bra til, meiner Gerhardsen.

— Ei stor bekymring

— Eg liker å bygge opp ting. Dette er også ein veldig fri jobb. Lytring er er ei lita øy i universitetsverda, seier ho.

Gerhardsen har bakgrunn som journalist. Dei siste 12 åra har ho også markert seg som kunstkritikar. Ho har vore medlem av Ytringsfridomskommisjonen. Ho er blitt kåra til årets frilansar og blitt nominert til årets namn i akademia i Khrono. No er frilanslivet historie, men kanskje er ho med fast jobb og løn endå friare enn før.

— Eg er heldig, det er ein del i akademia som føler seg mindre fri enn før i sine roller som forskarar.

Det er ikkje berre aviser, radio og TV som følgjer Redaktørplakaten, som skal sikre redaktøren ei fri og uavhengig stilling. Det gjer også Lytring. Rektorar og kommunikasjonsavdelinga må halde seg på redaksjonell avstand.

— Eg er jo ikkje vitskapeleg tilsett. Eg er redaktør. Det er eit signal om at vi jobbar utan bindingar og at publikum skal føle seg trygge på at Lytring er kvalitetssikra i tråd med både presse- og forskingsetikk.

Bak henne passerer prorektor, på veg inn til eit møte. Utanfor vindauga går anleggsarbeidet for fullt. «Blått bygg» skal plassere Nord universitet på havforskingskartet.

— Det er veldig bra at Nord og Nordlandsforsking vil stimulere til ei kritisk ålmente. Forståinga av kvifor dette er viktig er svekka, og det er ei stor bekymring. Det er bra at dei er villige til å bruke pengar og energi på å stimulere eit fellesskap for usemje og debatt, der vi også kan ta opp ting som luggar, seier Lytring-sjefen.

Trans og substans

Kvifor er det så flaut å vere kristen? Er det lærarane si skuld at ingen vil bli lærarar? 

Det er to av spørsmåla som har stått på dagsorden i seinare tid, med forsøksvis rykande ueinige debattantar på scenen. Scenen er vekselvis i Bodø, Svolvær, Mo i Rana og på Levanger, dei største basane til eigarinstitusjonane. Alt blir formidla digitalt, til dei som ikkje er akkurat der. Dei fleste av debattane blir også sendt i NRK P2.

Nyleg stod forsoning på plakaten. «Det er sant at det er begått urett mot det samiske folk», begynte introduksjonsteksten. Men: «Blir der forsoning eller flere ofre, og er det befolkningen i Nord-Norge som skal rydde opp»?

Frå landsdelen der Anki Gerhardsen har budd det meste av livet, etter oppveksten i Bærum, har ho ofte sett det samiske på den nasjonale dagsorden. For eksempel tidlegare i år, då artisten, aktivisten og skodespelaren Ella Marie Hætta Isaksen vart tildelt Fritt Ords honnørpris.

«Fritt Ord har gitt en av sine gjeveste priser til en som ikke liker det frie ord» stod det i overskrifta i Aftenposten, signert Gerhardsen. Det blei bråk. Eller debatt, er kanskje rettare å seie.

Eit endå meir brennbart felt klistrar til Gerhardsen, ho kjem inn på det sjølv, «transdebatten».

— Eg er ikkje noko glad i trans-omgrepet. Eg brukar helst omgrepet «kjønnsinkongruens». Det er ein stor diskusjon, eg prøver å vere tydeleg. Men det finst markante miljø som gjer kva dei kan for å delegitimere motstemmer, og passe på at ein får eit så vanskeleg liv som mogleg, med mål få ein til å teie stilt. Eg er blitt utsett for det sjølv.

Gerhardsen seier ho ikkje er interessert i dei heftigaste kranglane på feltet.

— Eg er ikkje så opptatt av garderobespørsmål og den slags. For min del handlar det om setje søkelys på faren for feilbehandling av unge menneske, medikamentelt og kirurgisk. Men at eg har lufta bekymringar om dette, er nok til at eg er blitt stempla som transfobisk, hatefull og vondsinna. Det er blitt sett i gang kampanjar for å stanse meg, og det seier noko om nivået. Men generelt er ikkje Noreg veldig polarisert.

Anki Gerhardsen
— Målet er ikkje å kåre vinnarar, men at publikum skal forlate debatten klokare enn då dei kom, seier Anki Gerhardsen.

Eit samfunnsoppdrag

Ho har forståing for at ikkje absolutt alle meir eller mindre sobre akademikarar har eit ønske om å kaste seg ut i all slags debattar. Men plikt til å ta del, det har dei, meiner ho.

— Det bør vere ein sjølvsagt del av jobben for å yte rettferd for skattepengane du får i lønningsposen. Du har eit samfunnsoppdrag. Då følgjer det eit ansvar for at samfunnet får tilgang til kunnskap som du kanskje har brukt lang tid på å opparbeide, og som kan vere viktig i mange avgjersler som skal takast i samfunnet. Men dei som vel ei akademisk karriere gjer jo ikkje det for å stå i ein eller annan frontkrig i avisa eller på andre debattarenaer. Det har eg respekt for.

Ei ekspertgruppe som undersøkte ytringsfridomens kår i akademia viste i fjor viste at det ikkje er heilt uvanleg for universitetsfolk å bli møtt med ein slags isfront, eller berre ingenting, når dei luftar upopulære standpunkt.

— Desto viktigare blir det at universitetsleiingane stimulerer ytringsviljen. At dei jobbar med å skape eit klima der det å ta del i det offentlege ordskiftet blir applaudert — også når ein er ueinig.

Det kunnskapsbaserte som Lytring skiltar med, er ikkje det same som at det skal vere vitskapelege debattar.

— Vi har med forskarar, men vi skal også ha eit breitt spekter av stemmer som er engasjert i temaet vi diskuterer. Samstundes trur eg det betyr noko at universitetet og Nordlandsforsking står bak Lytring.

Ei av dei mest oppsiktsvekkande erfaringane hennar frå ytringsfridomskommisjonen var denne konklusjonen: Generelt stod det svært dårleg til med ytringsfridomen i arbeidslivet, særleg i offentleg sektor.

— Folk er ikkje redde for nett-trolla. Dei er redde for sanksjonar frå sine eigne, kollegaer og sjefar. Det er dessverre eit teikn i tida: Å ytre seg om kontroversielle fagfelt ein har innsikt i, opplever mange som så vanskeleg at dei lar vere, seier Gerhardsen.

Ein faktor i dette er kjenslene.

Føleriet

— Emosjonar får altfor stor plass i det offentlege ordskiftet. Dette er ein av grunnane til at det er så vanskeleg å debattere. Ein må heile tida passa på at ingen blir lei seg. Når det blir viktigare å passe på kva nokon føler enn å kunne legge fram viktige perspektiv, då går vi glipp av desse perspektiva, seier Gerhardsen.

Ho trekker pusten, held eigne emosjonar i sjakk, nesten.

— Eg er bekymra for denne «emo-utviklinga». Når eg ser unge som skriv i Si; d.-spalta i Aftenposten … eg blir heilt gal! Alle skal grave i seg sjølv, leite etter eitt eller anna offerkort dei kan bere på.

Det er ikkje utan grunn at Lytring Ung har blitt skøyta på det originale konseptet.

Det gjer henne ikkje noko å ikkje bli likt av alle, seier Gerhardsen. Og opnar ei smal glipe inn til privatsfæren.

— Når det drar seg til, så merkar eg det jo. Då går eg mykje rundt og rundt på stovegolvet. Heldigvis har eg venner og mannen min.

Den neste Lytring-debatten: «Blir ungdommen psykisk syk av engasjerte foreldre?» 

Om alt går som det skal, blir det ein kontroversiell kveld.

— Eg håper det!

Powered by Labrador CMS