Elsevier har inngått ein avtale med Norge, men denne er ikkje i samsvar med Plan S. Derimot gir han open tilgang til artiklar skrivne av norske forskarar. Foto: David Jensen/UiT

Meiner Elsevier-avtale likevel ikkje oppfyller krav til Plan S

Publisering. Den nye avtalen med tidsskriftforlaget Elsevier samsvarer ikkje med krava i Plan S, seier prorektor Kenneth Ruud. Avtalen har ingen garanti om at Elsevier går over til ny forretningsmodell.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Fakta

Hovedtrekkene i Elsevier-avtalen

Avtalen omtales som en pilotavtale. Den vil løpe i to år og inkluderer følgende:

Full lesetilgang til hele Science Direct Freedom Collection.

Artikler med norske korresponderende forfattere vil bli publisert åpent med CC-BY-lisens fra januar 2019.

Forfattere som allerede har publisert hos Elsevier i et godkjent tidsskrift, blir kontaktet av forlaget og tilbudt å gjøre artikkelen åpent tilgjengelig uten ekstra kostnad.

Hvis artikkelen er publisert som Hybrid OA, vil forskeren/forskergruppen få publiseringsavgift (APC) refundert.

Piloten vil sørge for at ca. 90 % av artiklene fra norske institusjoner i Elsevier-tidsskrifter utgis med en åpen lisens i gull- og hybridtitler.

Rundt 400 tidsskrifter eid av akademiske foreninger, og også tredjepartstitlene Cell Press og Lancet er ikke en del av avtalen.

Elsevier og Unit har imidlertid avtalt å kontakte foreningene for tidsskriftene som er mest relevante for Norge for å informere dem om piloten og å for å be om at de deltar i denne.

Det er ingen økning i kostnader, og ingen standard publiseringsavgift.

Varige tilgangsrettigheter («perpetual access») inkludert på samme vilkår som tidligere.

Kilde: Teksten er hentet direkte fra openaccess.no

Tirsdag kom nyheiten om at Norge har inngått ein ny avtale med tidsskriftforlaget Elsevier.

Prorektor Margareth Hagen ved Universitetet i Bergen har kalla avtalen for «ein pioner i Europa». Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø har kopla avtalen med Plan S:

— Denne avtalen er eit viktig skritt for arbeidet vårt med open tilgang til forsking, og viser at arbeidet med Plan S gir resultat, sa Nybø i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

Avtalen går i riktig retning, men han er ikkje heilt i samsvar med Plan S. Vi er ikkje garantert at dei går over i til ein ny forretningsmodell.

Kenneth Ruud

Ingen plikt til å opne

Professor Nils Pharo er positiv til avtalen, men konstaterer at han ikkje inneheld ei plikt for Elsevier til å gjere om forretningsmodellen sin til å gå over til open publisering.

— Det gjer at avtalen ikkje er heilt kompatibel med Plan S, seier Pharo til Khrono.

Han tenkjer likevel på avtalen som eit pionerarbeid, då han er den første i sitt slag.

— Men gjorde Norge ein avtale for tidleg? Kunne ein fått til meir om ein sto saman med dei andre?

— Det kan hende at ein hadde fått ein betre avtale om ein større aktør enn Norge hadde gjort avtalen først. Men det blir alltid ei litt hypotetisk problemstilling kva ein kunne fått til, meiner Pharo.

— Og avtalen vi fekk var betydeleg betre enn kva svenskane fekk tilbod om, seier han.

Kan auke presset

Sjølv om ikkje avtalen opnar for at Elsevier skal leggje om forretningsmodellen sin kan den norske avtalen dra i den retningen:

— Dersom ein får auka presset mot dei klassiske forlaga og legg inn press for at dei skal snu om på forretningsmodellen sin, så er det større sjanse for at det vil skje. Men då må det komme større trykk enn berre Norge og Sverige, meiner han.

Pharo er òg positivt overraska over at Elsevier har gått med på ein avtale om å publisere dei norske artiklane under ein CC BY-lisens, som tillet at andre distribuerer, omset, byggjer vidare på, eller på andre måtar endrar den opprinnelige artikkelen. Dette er den mest opne av Creative Commons-lisensane.

Kravet var open tilgang

Prorektor Kenneth Ruud ved UiT Norges arktiske universitet var med på tingingane, og er einig i at avtalen ikkje heilt innfrir krava i Plan S.

— Avtalen går i riktig retning, men han er ikkje heilt i samsvar med Plan S. Vi er ikkje garantert at dei går over i til ein ny forretningsmodell, seier Ruud til Khrono.

Det er Forskingsrådet som har sett krav om at Plan S skal følgjast.

— Vårt krav var open tilgang, ikkje Plan S som sådan, seier Ruud.

Han er ikkje ueinig i at profitten for Elsevier er stor, men er likevel nøgd med avtalen der Elsevier skal få over ni millionar euro i året for open publisering av norske artiklar, og lesetilgang for norske forskarar.

— Det er alltid eit spørsmål om kor mykje ein klarer å få til i ein gong under forhandlingar. Avtalen er i alle fall kostnøytral, for vi betaler ikkje meir for open tilgang enn vi gjer i dag.

Stykkpris på 23.000

Avtalen gir høve til å publisere 1850 artiklar årleg innanfor den avtalte ramma. Det blir nær 50.000 kroner per artikkel, men då ser ein bort frå at lesetilgangen for dei lukka artiklane òg har ein pris.

— Det kostar mellom 22.000 og 23.000 kroner per artikkel dersom ein publiserer over dei 1850 artiklane, seier Ruud.

Det kan tyde på at forlaget meiner at prisen for sjølve publiseringa ligg i det området, meiner Ruud.

— Det er interessante tider, og framleis har vi fleire forlag vi ikkje har inngått avtale med, seier Ruud.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS