Svein Stølen, rektor på Universitetet i Oslo. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Hei Svein, eg har teke fleire studiepoeng enn normert, gjer det meg til ein elitestudent?

Eliteprogram. Det er alle ein må satse på, ikkje opprette elitestudiar for elitestudentar som skal ut i elitejobbar. Det einaste ein oppnår med det, er nettopp det; å skape ein elite, skriv NTNU-student Gjermund Kvernmo Langset.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Universitetet i Oslo (UiO) og rektor Svein Stølen opprettar eit Honours-program for ei gruppe høgt motiverte studentar som utruleg nok eksisterer her på berget, og ikkje berre ute i verda. Næringslivet spør visst etter studentar med djup fagleg innsikt og tverrfaglege tilnærmingar til utfordringar. Svaret UH-sektoren har til dette er å ta eit eksisterande studieprogram, krydre det med fem ekstra studiepoeng i semesteret, ekstra pengar og ein sexy tittel. Enkelte jublar over at framtida er sikra, andre ser forståeleg nok ikkje heilt poenget.

Skyhøge søkartal på 7,3 per studieplass understrekar den komande suksessen til studieprogrammet, 146 studentar ynskjer altså å studere dette. Eg unner verkeleg desse studentane ei god utdanning og håpar det lever opp til forventningane deira. Men at 20 bachelorstudentar skal løyse verdas utfordringar om tre år, ser eg som noko urealistisk.

Det er ein gong slik at det er laget som vinn ein kamp, ikkje maskoten.

Gjermund Kvernmo Langset

Når eg fullførte min bachelorgrad hadde eg 205 beståtte studiepoeng, frå litt ulike fagretningar. I følgje UiO gjer dette meg til ein sjukt motivert elitestudent. Sjølv ville eg kanskje heller sagt middels motivert student med ok karakterar, men som tykkjer emnar utanfor mitt studie er interessant. Eg har verken bada i jobbtilbod eller løyst mange verdsproblem i ettertid, kanskje er det den sexy tittelen som manglar?

Eg er ikkje unik, men har studert på NTNU, ein institusjon der det er relativt enkelt å ta emnar utanfor ordinært studieløp. Slik er det ikkje på UiO, der er det eit tungrodd og utdatert system med omfattande søknadar og prosedyrar. Eg vil heller oppfordre Stølen til å gjere det enklare for alle studentar å ta ekstra studiepoeng, enn å nytte 1,5 millionar på at 20 studentar skal gjere det. Det er truleg også meir lønnsamt i lengda.

Utradisjonelle studieprogram er eg overtydd om at vert viktige. Tverrfagleg kunnskap, innovasjon og berekraft er noko eg meiner må inn i alle studiar om vi skal løyse utfordringane vi står ovanfor. Og det er alle ein må satse på, ikkje opprette elitestudiar for elitestudentar som skal ut i elitejobbar. Det einaste ein oppnår med det, er nettopp det; å skape ein elite.

Eg vil på det sterkaste oppfordre rektor Svein Stølen og UiO, til å tenke på alle dei topp motiverte studentane dykk allereie har. Bruk ressursar på at alle kan fullføre sin grad, krydre den med ekstra kunnskap og oppleve ein høgare utdanningsinstitusjon som tek vare på alle studentane sine. Det er ein gong slik at det er laget som vinn ein kamp, ikkje maskoten.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS