Ingen verdi i automatisk grunngjeving

Fag- og forskingspolitisk ansvarleg i Studenttinget NTNU, Stein Olav Romslo, argumenterar mot automatisk grunngjeving for karakterar.

Publisert Oppdatert

Det er fleire studentorganisasjonar som ynskjer seg automatisk grunngjeving av vurderingar i høgare utdanning. Dagens lovverk sikrar at alle studentar har rett på grunngjeving. Vidare gir dette utsetting av klagefristen, som gir studenten endå betre tid til å vurdere klagegrunnlaget sitt.

Les også: Gi oss bedre læring - gi oss begrunnelse

Å få nokre setningar som grunngjeving har ingen verdi. Det er viktigare å sette inn ressursar på god rettleiing før vurderingssituasjonen. Dersom me flyttar fokuset til rettleiing etter endeleg vurdering, legg me samstundes opp til ein heilt endra studiesituasjon. Ein vil gjere det meir attraktivt å melde seg opp til ny vurdering, som me alle veit er ekstra arbeidsbelastning. Slik kan dette føre til høgare karakterpress og lågare gjennomføringsgrad.

Eit argument som ofte blir framført for automatisk grunngjeving er at sensor allereie har gjort vurderinga, og denne bør dokumenterast. Likevel er det stor skilnad på vurderingsnotat og ei grunngjeving som har fagleg verdi for studenten. Det vil vere tidkrevjande å skrive meir presise grunngjevingar undervegs i vurderinga. Mengda vurderingar som kjem etter sensurfristen kan altså auke, fordi sensorane må bruke meir tid på kvart svar.

Til slutt er det langt frå sikkert at alle studentane er interessert i grunngjevinga. Me ser at det er ein veldig liten andel som nyttar seg av retten sin til å be om dette. Er det då forsvarleg å krevje at alle skal få grunngjeving på alle vurderingar. Kvart år blir det avlagt hundretusenar av eksamenar ved universitet og høgskuler i Noreg. Tida som trengst for å skrive utførlege grunngjevingar til alle desse vil vere betydeleg. Det er viktigare å gi undervisning av høg kvalitet, med god rettleiing undervegs, slik at studentane kan prestere sitt beste på første forsøk.

Å få nokre setningar som grunngjeving har ingen verdi.

Stein Olav Romslo

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS