Adventskalender
Eitt av årets høgdepunkt: Å verta professor
Marte C. W. Solheim vart professor i år. Ho håpar universiteta og høgskulane held fram det gode arbeidet dei gjer for og med sterkt samfunnsengasjement og formidling i 2023.
Bak luke nummer 19 i adventskalenderen til Khrono finn vi Marte C. W. Solheim. Ho er nestleiar i Akademiet for yngre forskarar, og ho leier Stavanger senter for innovasjonsforsking.
— Korleis vil du oppsummere 2022 med universitets- og høgskulebrillene på?
— Det har vore eit år fylt med mange endringar og spenningar, på verdsbasis og i sektoren. Knytt til sistnemnde er det naturleg å trekkje fram endringane i Forskingsrådet, og kutt i SFF-satsinga undervegs i prosessen, uroa rundt Fripro, avslutning av Unge Forskere-konkurransen, studieavgift for internasjonale studentar utanfor EØS og Sveits. Fellesnemnaren her er behovet for konsekvensutgreiing og forstå det større biletet for konsekvensane dette vil påføre sektoren. Dette til dømes knytt til kunnskapssamfunn under press, og knytt til attraktiviteten til å ville bli forskar, som til dømes ei ny undersøking syner at 1 av 3 unge forskarar ikkje ville tilrå andre unge ei forskar-karriere.
— Kva er det kjekkaste du har vore med på i universitet- og høgskuleverda i år, og kvifor?
— Det er ikkje reint lite. Alt frå godt samarbeid innomhus og interessante seminar, til utanlandsopphald ved Universitetet i Toronto, samlingar og arbeid med den engasjerte gjengen i AYF og utruleg gjevande samhandling med næringslivet. Personleg var også opprykk til professor kjekt!
— Kva har vore den største utfordringa i 2022, slik du ser det?
— Den største utfordringa slik eg ser det er knytt til dei globale megatrendane, som dei auka geopolitiske spenningane som vi kan observere i verda, med krig i Ukraina, og urovekkjande utvikling i andre land, som til dømes Iran, klimakrisa og endringar i arbeidsmarknaden knytt til urolege økonomiske tider og inflasjon.
— Kva er ditt juleynske for universiteta og høgskulane?
— Juleynskje for universiteta og høgskulane er for meg å fortsette det gode arbeidet med sterkt samfunnsengasjement og formidling. I dei urolege tider vi lever i, vert dette stadig viktigare, og i så måte vil eg særleg trekkje fram det viktige arbeidet til Anine Kierulf og Kierulf-kommisjonen. Desse har mellom anna lagt fram lovendringar knytt til dei tilsette sin ytringsfridom samt opplæring i akademisk ytringsfridom og sett eit sterkt søkelys på at formidling tel, og bør telje, vonar eg er noko som universiteta og høgskulane tek med seg vidare. Samstundes så er det viktig å peike på at dette er noko eg vonar heile sektoren vil arbeide saman for å få til, gjennom samarbeid og dialog.
— Kva skal du gjera i jula?
— I jula kjem min førstefødde heim på juleferie frå studiar i utlandet, så det blir veldig stas. Vi skal lage snaddgod mat som han har sakna denne hausten, og så skal vi som far min plar seie: slappe av og kvile oss litt etterpå.