Professor i tekstvitskap, Kjell Lars Berge, er sterkt kritisk til det nye honoursprogrammet ved Universitetet i Oslo. — Ei overflatisk løysing på eit komplekst problem, meiner han. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Elitesatsing på UiO: Meiner professorkollega viser «åpenbar forakt for HF-studenter»

Elitestudentar. Professor Kjell Lars Berge er kraftig provosert over kollega Einar Lies begeistring for «elitespor» for studentane. Honoursprogrammet ved Universitetet i Oslo omtalar han som «tullball».

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Fleire har meldt seg på i debatten om det nye honoursprogrammet for studentar ved Universitetet i Oslo (UiO) — av rektor Svein Stølen omtalt som «årets nyhet». Blant dei kritiske til elitesatsinga er mellom anna leiaren i Norsk studentorganisasjon, Marte Øien, og professor ved Universitetet i Bergen, Jostein Gripsrud.

Fakta

Honoursprogram ved Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo (UiO) har utvikla ein særskilt emneserie for honours-studentane. Emna vil ha spesielt tilpassa undervisningsformer med stort innslag av prosjektarbeid og studentaktiv undervisning.

Nokre emne skal ha realfagleg basis som også er tilpassa humanistar, andre vil ha humanistisk basis som også er tilpassa realistar. Eit skreddarsydd studieløp opnar for å utvikle meir tverrfaglege kombinasjonar som bygger på UiOs faglege styrke og breidde.

Også Universitetet i Bergen arbeider med planar om å innføre honoursprogram for særskilt flinke studentar.

Kjelde: UiO

Vi bør bort frå denne smale og instrumentelle tanken om elitespor.

Kjell Lars Berge

Historieprofessor Einar Lie ved UiO uttrykker derimot begeistring for honoursprogrammet ved UiO. I ein kronikk publisert i Khrono og Aftenposten argumenterer han for innføringa av «elitespor også i masseuniversitetenes fattige studier», det vil seie humaniora og samfunnsfag.

No får Lie ei kraftig salve til svar frå kollega og professor i tekstvitskap, Kjell Lars Berge:

— Einar Lie omtalar HF-studentane våre som ein tapargjeng, seier Berge til Khrono.

«Tristeste jeg har lest»

I eit innlegg på si ega Facebook-side brukar Berge sterke ord om Lies kronikk.

«(...) noe av det tristeste jeg har lest av/fra en kollega, en kollega som jeg (normalt) respekterer. I artikkelen vises en åpenbar forakt for våre HF-studenter, og det legges til grunn en systematisk nedvurdering av posisjonen og verdien av humanistiske studier», skriv Berge.

Han utdjupar til Khrono:

— Fordi han skal snakke opp ei svært lita gruppe av studentar, ser eg ikkje kvifor han skal snakke alle andre HF-studentar ned, seier Berge.

I kronikken viser Einar Lie mellom anna til at store humanistiske fag som historie, filosofi og litteratur bidrar til å finansiere dyrare og små humanistiske studiar gjennom kryssubsidiering. Dermed kan dei ende opp med «en finansiering som ligger godt under den laveste kategori departementet har funnet det forsvarlig å operere med», skriv Lie. Oppfølginga av studentane blir skadelidande, og det viser seg i høgt fråfall.

Han meiner den mest realistiske måten å ivareta dei flinkaste studentane i dette systemet på er å innføre eit elitespor. Honoursprogrammet ved UiO er eit slikt, og skal i første omgang gi ekstra tett oppfølgjing av 20 studentar, 13 av dei på humanistiske fag.

— Naivt

Berge har derimot ikkje tru på elitespor verken for å løfte humaniora eller finansieringa av feltet.

— Å tru at eit honoursprogram skal betre finansieringa av HF-fag er naivt. Det er temmeleg marginale fag som inngår i ordninga. Å satse på ei bitte lita gruppe studentar med gode karakterar frå skulen er heller ikkje noko god løysing for å sikre god undervisning. Vi bør bort frå denne smale og instrumentelle tanken om elitespor, seier Berge.

Utfordringa, seier Berge, er å ta betre vare på dei studentane som faktisk blir tekne opp ved universiteta. I dag finst det ikkje nok ressursar til å følgje opp Kvalitetsreformen, meiner han.

— Vi har eit kronisk problem med at dei tilsette gjennom å hjelpe studentane best mogleg opparbeider svært mange ubetalte overtidstimar. Samstundes får fleire av oss beskjed om at vi ikkje få lov til å jobbe så mykje som vi gjer. Korleis skal vi då kunne følgje opp studentane? Det blir skapt ein Catch 22-situasjon. Enten må økonomien til bachelorstudentar styrkast, eller så må vi ta opp færre studentar, som vi har tid til å rettleie fram til fullført grad. Honours er berre ei overflatisk løysing på eit svært komplekst problem som er skapt gjennom ei underfinansiering av kvalitetsreforma, seier Berge.

Musikk og medisin

Berge undrar seg også over kva universitetet tenker HF-elitestudentane skal gjere når dei er ferdig utdanna. Han trur ikkje studentar som har fagkombinasjonar med musikk, filosofi og lingvistikk nokon gong vil kunne konkurrere med etablerte elite- og prestisjestudium som medisin.

— Alle skal jo etterkvar skaffe seg betalt arbeid i ein vanleg arbeidsmarknad. Kva har ein tenkt honours-studentane skal jobbe med etter studiane? Skal dei bli professorar på Harvard? For ein medisinstudent er det er lukrativt å bli fastlege i Noreg. Det løner seg å studere medisin. Det gir sikker jobb og høg inntekt. Vi veit at filosofar og lingvistar slit med å få kvalifisert arbeid etter fullførte studiar. Trur ein verkeleg at eit honours-program for 13 studentar kan skiple marknadskreftene?

Berge meiner det heile kokar ned til ein diskusjon om kva slags etikk ein skal ha.

— Eg meiner vi skal behandle alle studentar vi har tatt opp og har ansvar for og gi dei eit forsvarleg fagleg-pedagogisk opplegg, seier Berge.

Lie: — Meiner ikkje å rakke ned

Einar Lie svarar Berge på Faceabook at han meiner Berge brukar sterke ord.

Til Khrono seier Lie at han ikkje har meint å rakke ned på studentane eller humanistiske fag.

— Eg har naturlegvis ikkje forakt for studentane våre eller dei faga eg og gode kollegaer arbeider i. Då ville eg funne meg noko anna å sysle med, seier han til Berges påstandar.

Lie seier han har ønskt å peike på utfordringane kring kvalitet og oppfølging av studentane som følgje av svak finansiering og til dels store opptak.

Eg har naturlegvis ikkje forakt for studentane våre eller dei faga eg og gode kollegaer arbeider i. Då ville eg funne meg noko anna å sysle med

Einar Lie

— Dette skuldast delvis politiske avgjersler og forventningar, og delvis kryssubsidiering frå allereie dårleg finansierte fag, som eg brukar lite plass i kronikken på å gå inn i. At det skal vere eit uttrykk for forakt eller nedvurdering av verdien av humaniora å peike på dette, forstår eg rett og slett ikkje.

Lie legg til at han er einig med Berge i at sjølve utfordringa er å styrke det eksisterande tilbodet.

— Eg har argumentert for dette i ei rad samanhengar, seier Lie.

Berges spørsmål om kva universitetet har tenkt at HF-elitestudentane skal gjere i arbeidslivet overlet han til universitetsleiinga ved UiO.

Prorektor: — Sjå ting i samanheng

Prorektor Gro Bjørnerud Mo peikar på at honoursprogrammet ikkje berre er retta mot humaniora.

— Målet er å gi tverrfagleg kompetanse. Studentane skal lære å sjå ting i samanheng og kunne nytte kunnskapen frå sitt fagfelt i andre fagfelt. Evna til å arbeide på tvers blir peikt på som eitt av dei viktigaste behova i framtidas arbeidsliv av Holden-utvalet (leia av UiO-professor Steinar Holden, red.merkn.). Honoursprogrammet er ein måte å svare på dette på, seier Mo.

— Vi ser dessutan at svært mange av studentane frå både humaniora, samfunnsfag og realfag frå jobb etter studia, legg ho til.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS