Boksuksess

«Ein forskar som ikkje skaper diskusjon, er som ein komikar ingen ler av»

Professor Terje Tvedt opplever eventyrleg suksess med bøkene sine. Det viktigaste er å ikkje gjere det som er forventa av deg, meiner han.

Professor Terje Tvedt hadde sine formative, akademiske år i bergensregnet, og sidan har han interessert seg for vatn. No kan han glede seg over stor internasjonal suksess for fleire av bøkene sine.
Publisert Oppdatert

— Eg er blitt emeritus, eg no, seier han.

Det halvlange, grå signaturhåret har fått litt ekstra vind denne februardagen. Bergensregnet høljar karakteristisk. Terje Tvedt, for mange kjent som «vannprofessoren», er fornøgd. Han har i ein generasjon maltraktert det norske sjølvbildet, tygd opp norsk utanrikspolitikk til lunsj og middag, han har fans og han har fiendar, men er oftast opptatt med det som har hendt utanfor norske grenser, og korleis dette har alt å seie for det som skjer innanfor.

— Ikkje at det spelar noko rolle, at eg er blitt emeritus, altså.

Han er fornøgd, ikkje berre med regnet, som han er så glad i, ikkje berre fordi han er «99» prosent ferdig med sitt komande, ikkje spesielt beskjedne prosjekt, «Rise of the Modern World.»

Ikkje for å skryte, men det gjer jo ikkje vondt – å bli anerkjent.

«Nilen. Historiens elv», det er særleg dette verket som no er kome så inderleg i flytsona.

Lagos calling

Det sit akkurat no folk og jobbar med den arabiske omsetjinga, til italiensk, serbisk, ukrainsk. Eit forlag i Nigeria har kjøpt rettane. Kuriøst? Tja. Det er altså Afrikas mest folkerike land vi snakkar om. Og for ikkje å gløyme, boka skal kome på kinesisk – for sikkerheits skuld er to omsetjarar på jobben – ein i Beijing og ein på Taiwan.

Forskinga må utfordre dominerande oppfatningar. Kva skal elles vere poenget?

Terje Tvedt

Frå før har den norske utgåva selt over 20 000, ifølgje forlaget. Og frå før er boka omsett til engelsk, nederlandsk og tysk.

«Imponerade fortalt», «djuptpløyande», høyrer til superlativa i Züddeutsche Zeitung. Boka er også blitt omtalt og meld i Frankfurter Allgemeine. I den engelskspråklege verda har The Spectator og New Statesman henta fram godorda, to renommerte tidsskrift på kvar si side av det politiske spekteret.

For nokre dagar sidan sette BBC-journalist og Afrika-ekspert James Copnall, ei fjør i håret til Tvedt, då han melde boka for Times Literary Supplement.

«Like a heron flitting from riverbank to rock to rushing water in search of fish, Tvedt’s narrative lands in a dizzying array of destinations», melder Copnall poetisk i ein rosande omtale av verket til den «sympatiske» forteljaren, med opptil fleire «flashes of modesty».

— Nei då, det gjer ikkje vondt, seier Tvedt, men vil helst ikkje bli kjenslebasert, han vil snakke fag.

Det flytande systemet

Trikset, eitt av dei, er å ikkje gjere som du blir beden om, ifølgje Tvedt. Og, gjer det du interesserer deg for.

— Boka er resultatet av nysgjerrigheit, mi nysgjerrigheit. Det er resultat av tru på prosjektet og på vilje. Det er eksistensielt. Er det ikkje dette som gjer at vi driv med forsking, då? seier Tvedt.

Så rådet til dei unge som har funne noko dei verkeleg vil, og eventuelt får eit avslag frå Forskingsrådet i trynet, er dette: Ikkje gi deg.

— Eg har likevel inntrykk av at det er endå vanskelegare enn før. Det er så mange distraksjonar. Så lett å bli forstyrra av stadig skiftande trendar, program og, ja, teljekantar. Ting er meir programstyrt enn før, basert på relevanskriterium. Eg har inntrykk av at svara i nokre tilfelle er gitt på førehand, og samfunnsforsking sett på som noko som skal grunngi noko offentlegheita meiner, seier Tvedt.

Men då er det i realiteten ikkje forsking det dreier seg om, slik han ser det.

— Eg har klart å halde avstand til dette. Elles ville ikkje prosjektet ha vore mogleg å gjennomføre. Dersom ein ikkje får høve til å følgje ei interesse over tid, kan ein like gjerne selje brød.

Han peikar også på at han hadde flaks. Han kom inn eit miljø kring Christian Michelsens institutt i Bergen og det nystarta Senter for utviklingsstudiar ved universitetet. Der fanst eit stimulerande og mangfaldig miljø med antropologar og arkeologar, statsvitarar og økonomar.

— Det var eit meir flytande system, seier Tvedt, utan at metaforen verkar bevisst. — Det er lettare å finne opningar i eit system som ikkje er så straumlinjeforma. Og det gjer det lettare å tenke langsiktig.

Det tok omtrent 30 år, estimerer Tvedt, å komme i mål med Nilen-boka. For ein historikar med ambisjonar om å skrive «totalhistorie» er ikkje det så lenge.

Sært er sunt

— Boka er eigentleg summen, eller effekten, av eit langt prosjekt som er gjennomført utanfor dei formelle spora, utan prosjektstøtte frå Forskningsrådet.

Fakta

Terje Tvedt

  • Historikar og professor med bakgrunn frå Universitetet i Bergen.
  • Forfattar av meir enn 20 bøker og 8 dokumentarfilmar i samarbeid med NRK og TV2.
  • Mottakar av Fritt ords pris i 2007 og Norges forskningsråds formidlingspris i 2006

I staden for å blir forskar, slik planen var etter hovudoppgåva, fekk han i staden jobb i FN og reiste til det krigsherja Sør-Sudan som bistandsarbeidar. Det var der han fekk meir systematisk interesse for bistand. Det enda som kjent med at han kom tilbake til akademia, blei historikar og ein sterk kritikar av den norske tenkemåten, særleg bistandsregimet.

Han kombinerte forsking med dokumentarisme (mellom anna i samarbeid med journalisten Per Christan Magnus). «En dråpe luksus», «De hvite hjelperne» er to av dokumentarfilmane, som ikkje akkurat munnar ut i rosemala bilde av norsk bistand. Det var likevel den meir Attenborough-aktige «En reise i vannets historie», som først gjorde han kjent langt utanfor for forskar- og landegrenser.

Også boksuksessen om Nilen (som er blitt omarbeidd til TV-dokumentar, det også), er fortalt som ei reiseskildring, både i tid og rom.

Alt dette er det forskaren som har halde på med, meiner forskaren Tvedt. Den sære, kontrære forskaren, som ikkje gjer det han får beskjed om av Forskingsrådet eller andre dominerande storleikar.

Blir det for trongt for dei sære og kontrære, er konsekvensen eit desto trongare demokrati:

— Forsking kan utvide den offentlege samtalen, og dermed demokratiet. Ei forsking som er konstruert for å repetere eksisterande synspunkt, har ikkje den verknaden. Det er nødvendig å rett og slett undersøke det som ikkje er undersøkt.

Til det synest Tvedt det bør vere greitt med både hammar og spett, gjerne pressluft, for å utfordre konformiteten og etablerte mønster, makt og tenkemåtar.

Tilbake til framtida

— Det har ein kostnad å insistere på å segle motstraums?

— Ja, det har det, men først og fremst går det jo saktare. Kanskje det gjer at ein ser meir.

Dette med fans og fiendar, bataljane han har stått i, er han ikkje så interessert i å bruke tid på. Han går over til å snakke om det som det han kallar den mest interessante forskinga: Den som er uavhengig og søker å vere nøytral.

Det gjer ikkje vondt å bli sett pris på, innrømmer Terje Tvedt. Han haustar gode meldingar i internasjonale aviser for boka si om Nilen.

Han insisterer på at boka om Nilen ikkje tar stilling mellom dei landa som i dag kjempar om kontrollen med elva og vatnet.

Det var derfor, meiner han, at folk som Meles Zenawi, tidlegare statsminister i Etiopia var så interessert i å snakke med han.

— Det var til slutt eg som måtte avslutte samtalen fordi eg ikkje hadde meir tid.

Det var derfor, meiner Tvedt, at han blei invitert inn i det egyptiske vassdepartementet for å forelese for dei tilsette der. Det var derfor presidentane i Eritrea og Rwanda ville snakke om brennbare politiske spørsmål med denne nordmannen, forskaren, som hadde sin eigen vri på historia om Nilen.

— Ei bok eller ein forskar som ikkje skaper diskusjon er som ein komikar ingen ler av. Forskinga må utfordre dominerande oppfatningar. Kva skal elles vere poenget? Viss ikkje kjem vitskapen ingen veg, i alle fall ikkje framover, seier Tvedt.

Gjennom å studere historia som eit «framandt land», som er ein av Tvedts tilnærmingar, vil vi alltid sjå at det finst alternativ til å ende opp der vi faktisk enda opp, forklarer han.

— Der ligg ei grunnleggande forståing av at samtida ikkje nødvendigvis hadde trengt å vere som ho er. Det ligg ei frigjerande kraft og opning i det. Eg trur uavhengig forsking er spesielt viktig i urolege tider. Frykt opnar for einsretting.

Neste stopp: Noreg

No skal professoren, emeritusen, sitje nokre dagar under ei takrenne på eit kontor i Bergen og gjere ferdig den siste prosenten av det neste verket. Det som handlar om korleis den moderne verda blei til.

— Eg er litt lei av det no, seier Tvedt. Lange deadlines, tre eller tretti år, det er no minst to sider med alt.

— Ditt verdsbilde blir vel også snudd på ein dag av ein eller annan ung forskar?

— Ja, heilt sikkert. Det er slik det skal vere.

Tvedt sette sitt stempel på dei siste 5000 år i 2020. Då kom «Verdenshistorie. Med fortiden som speil» ut, basert på ei forelesingsrekke han rakk å halde for smekkfulle hus på Nasjonalbiblioteket før pandemien. Også den er under omsetjing til fleire språk, blant anna ukrainsk. Tvedt omtalar det som «artig» at både Jonas Gahr Støre, Erna Solberg og Trygve Slagsvold Vedum i tre forskjellige portrettintervju før valet i fjor haust fortalde at dei las denne boka.

Eg trur uavhengig forsking er spesielt viktig i urolege tider.

Terje Tvedt

— Men her og no gler eg meg til å komme i gang med neste prosjekt. Eg har hatt planar om dette lenge: å gå inn i norsk historie. Der er nokre lange linjer eg vil undersøke.

Powered by Labrador CMS