Vi har fått eit tydelegare regionalt oppdrag gjennom universitets- og høgskolelova
Autonomi. Lova i dag gir eit institusjonelt vern mot staten, det vil si vertikale pålegg og instruksar, og ikkje mot nye og meir indirekte styringsformer forankra regionalt, skriv UiT-viserektor Sveinung Eikeland.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
16. februar 2011 publiserte Aftenposten artikkelen «Holder seg i hjemtraktene». Med utgangspunkt i tal frå samordna opptak 2003-2009 slår avisa fast at studentar ikkje reiser ut av landsdelen dei er vaksne opp i for å studera. Reportasjen var krydra med intervju med studentar frå Oslo-regionen som studerer i Oslo. Dermed får avisa fram at slike mønster ikkje berre er ei distriktssak, men gjeld alle regionar.
Mange av institusjonane har de facto gjennom inkluderinga av tidlegare høgskular fått eit utvida samfunnsmandat med lokal og regional adresse.
Sveinung Eikeland
Kanskje blei artikkelen ein av dei mest fortrengde i universitets- og høgskulesektoren. Uansett, utviklinga etter 2009 har stadfesta mønsteret. Det store fleirtalet av studentar ved dei fleste institusjonane kjem frå regionen rundt universiteta og høgskulane. Det store fleirtalet av kandidatar tek jobb i dei same regionane. Kombinasjonen av oppvekst nært ein institusjon og studiar ved «næruniversitetet» aukar sjansane for at kandidatane tek jobb i «hjemtraktene» . Dei to siste utsegna baserer seg på UiTs kandidatundersøkingar, men eg reknar med dei er moglege å kjenna att i andre geografiar.
Slikt avlar politiske forventingar lokalt, regionalt, og nasjonalt til at studerande skal ha muligheter til høgre utdanning i «sin» landsdel og helst også i «sin» geografiske del av denne. At studentane held seg i heimtraktene, set også rammer for utviklinga av universiteta og høgskulane. Ikkje minst ved at føresetnader for å utvikla institusjonane gjennom til dømes rekruttering varierer ut frå kjenneteikn ved den regionen dei er lokaliserte i.
Samstundes har strukturreformen og godkjenning av nye universitet gitt forventingar i sektoren om at makt er under flytting frå departementa til institusjonane. Mange av institusjonane har de facto gjennom inkluderinga av tidlegare høgskular fått eit utvida samfunnsmandat med lokal og regional adresse. Då kjem også spørsmålet om denne vedtaksflyttinga nedover også i lovverket kunne inkludera regionane. Institusjonanes regionforankring kan tala for det.
Gjennom universitets- og høyskoleloven skal staten slå fast universiteta og høgskulane sine rettar og plikter i konkrete og relevante røyndommar, men også i situasjonar der tilhøve skal endrast som følgje av lova. Regionforankringa er ein konkret og relevant situasjon som pregar verksemda ved universiteta og høgskulane. Å flytta vedtaksmakt frå stat og departement er ei sentral forventning som mange håpar kan realiserast, både i vår sektor og i andre. Spørsmålet er om staten kan møta dette gjennom å gje institusjonane eit meir tydeleg regionalt oppdrag gjennom lovverket?
Utanfor sektoren handlar institusjonanes regionale oppdrag meir om plikter, og forventningar om plikter, enn om rett til autonomi. Frå pliktperspektivet blir det ein diskusjon om § 1-3 («virksomhetsparagrafen») i lova. Paragrafen forpliktar universiteta og høgskulane gjennom å rekna opp det institusjonane skal gjera, mellom anna at universitet og høgskular skal samarbeida med «lokalt og regionalt samfunns – og arbeidsliv».
Forventingar om eit regionalt oppdrag kjem derimot i politiske dokument, til dømes i stortingsmeldinga om regionreforma der staten på side 12 uttrykkjer forventningar til at sektoren deltar i utforminga av regionale kompetanseplaner.
Det er i alle fall tre tilhøve som kan inkluderast i statlege formuleringar i lova. Desse kan gje eit oppdrag basert på det veletablerte gjensidige og avhengige tilhøve mellom institusjonane og regionane.
Å slå fast ei plikt til tilgjenge. Ei lovfesting vil bety ei plikt for institusjonane til å vurdera tilgjenge som del av kvalitetsvurderinga av alle studieprogram, dei kvalitetsvurderingane institusjonane sjølv gjer og dei NOKUT gjer. Tilgjenge kan grunngjevast i forventningar om muligheter til høgare utdanning uavhengig av bustad, men også til livsfase og etnisitet. Det kan argumenterast for at vurdering av tilgjenge primært skal knytast til dei enkelte institusjonanes kjerneregion. Viss det blir slik, vil rammene for å oppfylla tilgjenge variera mellom institusjonane og realiseringa vil også handla om ressursar som det vil vera forventa at lovgjevar syter for. Og ei lovfesting kan gje muligheter for å utvikla samhandlinga mellom institusjon og region om slike vurderingar.
Å slå fast ei plikt om kvalitet ved alle tilgjengelege fagmiljø uavhengig av kor dei er geografisk lokaliserte i den enkelte institusjonen. Lova kan til dømes påleggja institusjonane å syta for at alle studentar uavhengig av studiestad får tilbod som spring ut av akademiske miljø som gir fullverdig høgare utdanning og forsking. Vidare at det blir understreka at det er det enkelt universitetet, gjennom til dømes digitale løysingar, som er ansvarleg for dette, og ikkje de facto det enkelte campus. Ei sentral målsetjing ved strukturreforma var at ein stor, eller robust, institusjon skulle utvikla det enkelte campus eller dei «gamle» høgskolane. Lova vil gje styra ei plikt til å bestemma om desse krava er oppfylt og ein rett til å avgjera kva institusjonane vil gjera med dette.
Å slå fast fagleg autonomi også i regionale samanhengar som dei over. Regionale omgjevnader ser gjerne på inkludering i regionale nettverk som ein invitasjon til samstyring horisontalt. Lova i dag gir eit institusjonelt vern mot staten, det vil si vertikale pålegg og instruksar, og ikkje mot nye og meir indirekte styringsformer forankra regionalt.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!