barnevern

Droppar samarbeid med Forandringsfabrikken

Fleire av utdanningsinstitusjonane seier dei har vore skeptiske ei stund, og etter sommarens avsløringar om forholda i Forandringsfabrikken er samarbeid med kunnskapssenteret droppa.

Forandringsfabrrikken held til i desse lokala i Oslo
Publisert Oppdatert

Psykologisk.no skreiv i sommar fleire saker om vanskelege forhold i Forandringsfabrikken, både for dei tilsette og for ungdommane som jobbar for kunnskapssenteret.

Forandringsfabrikken vart stifta i 2004, og allereie frå tidlege år har han vore inne i barnevernspedagog-utdanningane ved norske universitet og høgskular, anten ved at representantar frå kunnskapssenteret har hatt førelesingar, eller at bøker frå Forandringsfabrikken har vore på pensum.

No er det i stor grad slutt på dette samarbeidet.

Khrono har kontakta ni av dei elleve utdanningsinstitusjonane som utdannar barnevernspedagogar. Universitetet i Søraust-Noreg vil førebels ikkje avslutta samarbeidet, har dei sagt. Men seks av dei andre har avslutta samarbeidet.

Ytterlegare to har berre hatt samarbeid i mindre grad. OsloMet har ikkje svara på spørsmål frå Khrono.

Ville bestemma pensum

— For fleire år sidan hadde me Forandringsfabrikken inne på nokre førelesingar, men kutta det ganske fort ut. Årsaka var at me opplevde at dei ville legga premissar for våre faglege opplegg som me meinte var uakseptabelt, skriv Camilla Bennin, studieprogramansvarleg for bachelor i barnevern ved Høgskolen i Innlandet, i ein e-post til Khrono.

Ho utdjupar munnleg:

— Dei første åra, med det første opplegget frå Forandringsfabrikken, var det fleire av dei tilsette hos oss som syntest dette var spanande. Men me merka oss mellom anna at dei var kritiske til oss i ein kontekst der dei var hos oss som gjester, og tilsette hos oss syntest det vart vanskeleg då Forandringsfabrikken var med på konferansar. Ein skulle ha ein fagleg samtale, men med ungdommar frå Forandringsfabrikken med i same samtale vart det fort personleg og sårbart, seier Bennin.

Ho seier at høgskulen i vår opplevde at Forandringsfabrikken hadde gått gjennom pensum for barnevernspedagogstudentane og lagt til sine eigne rapportar.

— Det var både ugreitt og noko eg undra meg over. Eg trur me var blant dei første institusjonane som kutta samarbeidet, seier Bennin.

Kuttar bok på pensum

Også ved UiT Noregs arktiske universitet er det kritiske røyster. Grethe M. Borgerød, studieleiar for barnevern, skriv i ein e-post til Khrono at siste gong Forandringsfabrikken har vore inne hos UiT var på eit digitalt seminar i 2021.

— Det er ikkje teke initiativ til noko meir etter det, då det over tid har vore interne drøftingar kring måten proffane vart framstilt på og korleis seminara vart iscenesett, skriv Borgerød.

Både Universitetet i Stavanger (UiS) og Universitetet i Agder (UiA) har tidlegare nytta bøker frå Forandringsfabrikken på pensum. Slik er det ikkje lenger. Pensumlitteratur skal vera forskingsbasert kunnskap, skriv Morten Tønnessen, instituttleiar ved Institutt for sosialfag ved UiS.

— Når det gjeld pensumlitteratur har det vore ei usemje om desse bøkene innfrir krava som vert stilt til pensumlitteratur i høgare utdanning. Ei av bøkene har vore inne, men står no på lista over tilrådd tilleggslitteratur, skriv instituttleiar Ann Christin E. Nilsen ved UiA i ein e-post til Khrono.

Dosent: For enkelt

Også ved OsloMet har tre kapittel frå boka «Barnas barnevern» vore på pensum.

—Det er eitt kapittel att no, seier Jan Storø.

Han er dosent ved Institutt for sosialfag, og i sommar gjekk han ut i både Morgenbladet og Klassekampen og var kritisk til Forandringsfabrikken. Til Klassekampen sa han mellom anna at han var kritisk til at ungdom heilt ned til 14-15 år vert nytta som såkalla proffar.

– Alle på feltet er samde om at det er veldig viktig at barn si stemme vert høyrt, men det må gjerast på ein trygg måte. Det er dei vaksne sitt ansvar å hjelpa barn med å setja grenser, sa Storø.

I Morgenbladet skreiv han saman med kollega Cecilie B. Neumann:

«Når FF ikler seg et kunnskapsbegrep som er ment å fremstå som vitenskapelig, trer de ut av rollen som politisk pådriver og inn i rollen som autoritativ kunnskapsprodusent. Da må de også oppfylle kravene til vitenskapelig kunnskapsproduksjon », skreiv dei.

Storø oppsummerer til Khrono:

— Forandringsfabrikken gjer kunnskap for enkelt. Dei framfører bodskapen som om dei har sanninga. Dei har nokre gode poeng, men etter kvart vart eg meir kritisk, seier Storø, som har kjent til kunnskapssenteret frå starten.

Han fortel at han etter nokre år der såkalla proffar frå Forandringsfabrikken hadde førelesingar for studentane, gjorde nokre grep:

— Forandringsfabrikken fekk to timar med studentane. Så hadde eg ein time åleine med studentane rett etterpå, der studentane vart bedne om å reflektera rundt kva som hadde skjedd. Det var naudsynt å setja det inn i ei kunnskapsmessig forsvarleg ramme, seier Storø.

Dosent Jan Storø seier at fleire av dei fagleg tilsette ved OsloMet har i varierande grad vore kritiske til Forandringsfabrikken.

HVL: Må vera balanserte

Høgskolen i Østfold har ikkje hatt samarbeid med Forandringsfabrikken sidan 2016, og VID Vitenskapelig høgskole, som tilbyr masterprogram for barnevernspedagogar, har i lita grad hatt samarbeid.

NTNU har sett samarbeid på vent, har universitetet sagt til Universitetsavisa. Det same har skjedd ved Nord universitet og ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

HVL har nytta pensum skrive av Forandringsfabrikken, men gjer ikkje det no — med eitt unntak: Studentane skal lesa ein artikkel som viser til barnevernsproffane sine røynsler med ein samtalemetode, der det vert sett eit kritisk søkelys på denne metoden.

— Eg oppfattar det slik at utdanningsnoreg er avventande no. Det har nok vore ein ganske stor skepsis mange stader i mange år, men eg tenkjer at me òg skal vera balanserte, skriv instituttleiar Svanaug Fjær ved Institutt for velferd og deltaking ved HVL i ein e-post til Khrono.

Fjær seier at ein òg må ta med at Forandringsfabrikken kan ha positive bidrag til til dømes metodeforståing og praksis.

Fleire har kutta samarbeid

Den private stiftinga Forandringsfabrikken vart starta i 2004, og kallar seg eit kunnskapssenter. Dei driv ikkje med forsking, vert det understreka på eigne nettsider.

Forandringsfabrikken skriv om seg sjølv at «Forandringsfabrikken gjør kunnskapsinnhenting, kunnskapsformidling, fagutviklingsarbeid og råd til myndigheter og politikere. Barn og unge presenterer selv kunnskapen fra barn, på utdanninger, i dialogar med fagfolk, politikere og myndigheter – nasjonalt og i regionene».

Dei skriv òg at målet er at barn og unge opplever skule, barnehage, hjelpetenester, politi og rettssystem som trygge og nyttige for seg.

Forandringsfabrikken nyttar ungdom, såkalla proffar, til å presentera arbeidet sitt. På nettsidene heiter det at «hvis du går på skole, er i barnevernet, har snakket med helsesykepleier, PPT, utekontakten, BUP, har møtt politet eller vært i rettssystemet eller møtt andre systemer? Da kan du være med som proff i Forandringsfabrikken! Vi kaller det proff fordi dere er proffe på de systemene dere har erfaring fra».

Ein kan verta proff dersom det ikkje er meir enn to år sidan du var i kontakt med eit av desse systema.

Psykologisk.no skreiv i sommar at etter avsløringane deira har Barne- og ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) frose utbetalingar til Forandringsfabrikken. Bufdir har òg bestemt at det skal gjennomførast ei ekstern gransking.

Både Oslo, Stavanger og Trondheim kommunar har stoppa samarbeid med kunnskapssenteret. Det same har Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen. Oscar dos Santos Kvalsvik frå parlamentet sa til Psykologisk.no i sommar at meininga var at eit samarbeid skulle fremja UiG som eit barnerettsuniversitet, der barns prosessrettar skulle fremjast i pensumlitteraturen. Men døra vart lukka før samarbeidet vart formelt.

— Me ser at det ikkje er nok med lovnader om endring, og vel difor å avslutta samarbeidet, sa dos Santos Kvalsvik.

Beklagar pause i samarbeidet

Styreleiar i Forandringsfabrikken, Arild Bjørndal, og rådgivar Anika Kurshed har svara på spørsmål i ein felles e-post til Khrono. Dei skriv at Forandringsfabrikken heilt sidan 2014 har hatt samarbeid med barnevernspedagogutdanningane rundt om i landet.

— Forandringsfabrikken søkjer å hjelpa studia med å fylla formålet med utdanningane slik det er skildra i nasjonale retningslinjer for helse- og sosialfagsutdanningane (rethos), skriv dei, og viser til forskrifta om nasjonal masterutdanning i barnevern der det mellom anna heiter at «kjernekompetansen i utdanningen er knyttet til barnevernsfaglig forsknings- og praksisbasert kunnskap, samt kunnskap fra barn, unge og deres foresatte».

— Me har hatt eit givande samarbeid med mange utdanningsinstitusjonar om dette. Forandringsfabriken samlar inn kunnskap frå barn på ein systematisk måte, og me driv formidlingsarbeid mellom anna ved at ungdommar med eiga tenesteerfaring formidlar hovudfunn frå undersøkingane våre. Me trur dette har bidrege til å gjera undervisninga levande mange stader, skriv Bjørndal og Kurshed.

— Kva tenkjer de om at fleire utdanningsinstitusjonar no ikkje vil samarbeida med Forandringsfabrikken?

— Det beklagar me, og me ser fram til ta opp att samarbeidet.

Dei to seier at dei ikkje har merka skepsis frå utdanningsfeltet før debatten braka laus på forsommaren i år.

Når det gjeld pensumlistene og Høgskolen i Innlandet svarar dei følgjande:

— Pensumlistene ligg ute. Me kjenner rethos og veit difor at utdanningane skal ha kunnskap frå barn på pensum. Dirfor gjekk me gjennom pensumlistene, for å føreslå nokre aktuelle publikasjonar frå oss.

— Fleire seier at dei har hatt boka «Barnas barnevern» på pensum, men at ho ikkje fyller krava til penusmlitteratur. Kva er dykkar kommentar til det?

— Det er overraskande. Denne boka, som er utgitt på Universitetsforlaget, er skriven av barnevernsproffar og barnevernsleiarar i fellesskap. Professor Marit Skivenes, tilsette på utdanningane og tilsette hos Statsforvalteren har bidrege med eigne kapittel i boka.

Endringslogg: 9.9 kl 13.47: Lagt til at Stavanger kommune har kutta samarbeid

Powered by Labrador CMS