studiestart

Droppar faddervakter i Agder

Dei siste åra har faddervakter passa på ferske studentar nattestid. I Oslo skal ordførar Marianne Borgen ut i gatene, medan det i sørlandsbyane Kristiansand og Grimstad ikkje vert faddervakter i år.

Faddervaktene var synlege i Oslo-gatene ved studiestart i 2019, og kjem også til å vera der i år, sjølv om faddervekene er sagt å skulle vera neddempa.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Vanlegvis plar gatene i dei store byane vera fulle av ferske studentar nattestid midt i august. Slik skal det etter planen ikkje verta i år. Utdanningsinstitusjonane legg til rette for ei delvis digital fadderveke, og alle store festar og studiestartfestivalar vert avlyst.

Dette er òg grunnen til at Universitetet i Agder (UiA) ikkje legg opp til faddervakter under studiestart i år. Dei siste åra har frivillige patruljert i fleire byar, som ei slags natteramnordning.

Trivselsvakter

— Me har gjort andre grep i år, og skal ha trivselsvakter. Dei skal både ta vare på nye studentar og ha fokus på smittevern, seier prosjektleiar Gro Hodne Gundersen ved UiA.

Ho seier at det ikkje vert store festar i år. I tillegg har utestadane restriksjonar knytt til smittevern og avstand. Universitetet har vore i kontakt med kommunen, som kjem til å setja inn ekstra tiltak i sentrum når studentane kjem til sørlandsbyane.

— Når me har hatt faddervaktordning, har me hatt telt. Dei tiltrekkjer seg folk. Så me har tatt ei vurdering og vedteke at me skal ha trivselsvakter, seier Gundersen.

— Trur de studentane klarar å halda smittevernreglane, òg når klokka har passert midnatt og promillen stig?

— Me håpar det. Alle studentar må ta smittevernkurs før dei får koma til campus, og me hengjer opp plakatar og set fram antibac, seier Gundersen.

Ho fortel at smittevern òg har vore tema under opplæringa av fadrane, og at dei har fått både antibac og eit måleband på ein meter.

Vurderer i Tromsø

I Tromsø har ein ikkje tidlegare hatt faddervakter nattestid. Men i år vurderer ein å få på plass ei ordning. Det seier Tobias Hjermann, leiar for Debutuka ved Universitetet i Tromsø - Norges arktiske universitet. Då vert det særleg smittevern som er i fokus.

— Også der me ikkje har arrangøransvar oppmodar me studentane om å ikkje blanda seg med andre, seier Hjermann.

Både Bergen og Trondheim har hatt faddervakter lenge. I år har Trondheim ikkje tradisjonelle faddervakter. I staden kjem dei til å ha telefonteneste der frivillige studentar skal svara på telefonar på kveldstid og tidleg natt. Tanken er at studentane skal kunne ringja dersom dei lurer på noko eller berre ønskjer å snakka med nokon, skriv Faddervaktordninga i Trondheim i ei melding til Khrono.

Planen er at to studentar skal vera ute og gå, samstundes som andre passar telefonen. Slik kan ein hjelpa dersom studentar ikkje kjem seg heim åleine, men ein kjem ikkje til å ha stand med matutdeling slik ein har hatt tidlegare år, grunna smittevern.

I Bergen var dei første faddervaktene ute natt til tysdag. Tysdag kveld skal rektoratet vera faddervakter.

Tine Blomfeldt, som er rådgivar i studentsamskipnaden Sammen, fortel til Khrono at smittervern sjølvsagt er i fokus også i Bergen.

— Me hadde sju personar ute i natt. Natt til onsdag kjem det til å vera heile 19 ute, og resten av veka mellom ti og femten kvar natt. Dei har òg med seg varslingstelefon, seier Blomfeldt.

Universitetet i Bergen skal òg ha smittevernvakter på campus. Dei skal passa på at studentane ikkje samlast for tett i for store grupper, og elles overheld smittevernreglane, har viserektor Oddrun Samdal tidlegare sagt til Khrono.

Stavanger skal ha vakter i seks netter

I Stavanger vert det faddervakter for første gong. Heile seks netter, frå klokka 22 til 3, vil det vera vakter i sentrum i siddisbyen.

— Fadderveker er fest uansett, og me kjem til å finna studentar i sentrum, trur faddervaktleiar Terje Hetland.

UiO-rektor Svein Stølen var faddervakt i fjor, og skal vera det i år òg. Dei fire største utdanningsinstitusjonane i Oslo stiller med representantar frå leiinga, frå OsloMet kjem det heile fem.

VG skriv at det i Oslo dei siste dagane har vorte avdekka korona-smitte etter fleire festar med unge menneske. Ein av festane hadde meir enn femti deltakarar. Helsedirektoratet seier at ein ikkje før samla meir enn tjue personar i privat regi, og fleire av utdanningsinstitusjonane seier at fadderarrangement heime hos nokon ikkje skal ha meir enn tjue deltakarar.

I Stavanger skal Hetland sjølv stå på stand alle dei seks nettene. Han fortel at der skal det mellom anna verta delt ut mat.

— All mat er forsegla, og alt utstyr me brukar, som til dømes lommelykter og medisinsk utstyr, skal verta desinfisert kvar kveld. Me har med både hanskar og munnbind, og studentane kjem ikkje til å få forsyna seg sjølve, seier Hetland.

— Kjem de til å passa på at studentane held avstand til kvarandre?

— Me kan ikkje vera politi. Men dersom me ser store grupper, vil me oppmoda dei om å halda avstand.

Faddervaktleiar Idun Kløvstad i Oslo seier mykje av det same som Hetland. Også i hovudstaden vil det verta delt ut porsjonspakka mat, og faddervaktene har med både antibac og munnbind.

— Det beste er sjølvsagt om folk held seg for seg sjølve. Eg trur kanskje det kjem til å koma færre studentar enn vanleg til sentrum, men ein klarar ikkje å halda alle veke, trur Kløvstad.

Ordførar og rektorar

I hovudstaden skal rektorane frå Universitetet i Oslo, OsloMet, BI og Høyskolen Kristiania alle gå faddervakt. I tillegg stiller ordførar Marianne Borgen.

— Det har ein viktig symbolverdi at ordføraren stiller. Faddervaktordininga vart oppretta fordi det var mykje alkoholbruk, og når ordføraren stiller, viser ho at det er fleire som tek dette på alvor, seier Kløvstad.

Også i Stavanger stiller ordførar og fleire andre politikarar.

(Saka er oppdatert 11.8 kl 13.39 med informasjon frå UiB)

Powered by Labrador CMS