Viktige regionale høgskular
Å svekke dei regionale høgskulane kan raskt straffe seg, ikkje berre for dei fylka og regionane der dei ligg, men for den nasjonale tilgangen på kvalifisert arbeidskraft.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Dei to eldste høgskulane i Møre og Romsdal fylke - høgskulane i Volda og Molde har, i alle fall ikkje enda, funne gode nok grunnar til å slå seg saman med andre høgskular eller universitet, slik Kunnskapsdepartementet har hatt ønskje om.
Dei to høgskulane har til saman meir enn 6000 studentar og gir tilbod om ei rekkje profesjonsutdanningar, bachelor- og mastergrader, vidareutdanningar, samt to PhD-grader, ei av dei gjennom samarbeid. Storparten av studentane er rekrutterte frå vårt eige fylke.
Det statsbudsjettet som regjeringa nyleg la fram, er ikkje godt nytt for desse høgskulane. I utgangspunktet var dei blant dei aller dårlegast finansierte høgskulane i landet når ein ser på løyving pr. student. Trass i dette har dei to høgskulane gjennom mange år hatt høg forskingsaktivitet samanlikna med mange andre høgskular.
Studentane gjennomfører i stor grad studieprogramma på normert tid, og tilbakemeldinga om kvalitet frå studentane er god. Det framlagde budsjettet gjer det økonomiske biletet mørkare. For det første går meir av potten til dei gamle, store universiteta, på kostnad av høgskulane og dei nye universiteta.
Vidare er finansieringa av viktige profesjonsutdanningar, som lærar-, sjukepleiar- og sosialarbeidar og av kortare enkeltståande vidareutdanningar relativt svakare finansiert enn t.d. mastergrader og PhD-grader. Slike enkeltståande vidareutdanningar er svært viktige for å sikre og styrke kompetansen for dei som arbeider i vår region.
Å svekke dei regionale
høgskulane kan raskt
straffe seg.
Kåre Heggen
Denne sterke vektlegginga av grader er neppe i tråd med behov for omstilling i offentleg sektor og etterspørselen etter ny kunnskap i arbeidslivet. Redusert budsjett Samla effekt av ny finansieringsmodell gir ein reduksjon i budsjetta for Volda og Molde på høvesvis 6,3 og 5,4 millionar. Berre Samisk Høgskule kjem dårlegare ut etter modellendringa enn desse to skulane.
Grunnen til at høgskulane i Volda og Molde taper på ny finansieringsmodell er ikkje at dei scorar dårleg på resultatkriterium. Tvert i mot er dei blant dei mest effektive når det gjeld kostnad per studiepoeng. Desse høgskulane er også blant dei i sektoren som har høgast del resultatbasert løyving målt mot total løyving både etter tidlegare og ny finansieringsmodell.
Grunnen til at effekten vert så stor er at resultatkriteria vert endra frå 2016 til 2017. For å gi dei tid til å omstille seg, bør innføring av ny finansieringsmodell gjerast budsjettnøytral på institusjonsnivå i innføringsåret slik det også vart gjort ved førre endring.
Som peika på i ein tidlegare kronikk i regionalavisene våre, vil regjeringa heller ikkje tildele nye stipendiatar til dei tre høgskulane som framleis står aleine - Molde, Volda og Østfold. Det kan sjå ut som ei straff for at høgskulane så langt ikkje har dansa etter departementet si pipe og fusjonert.
Dei to høgskulane utdannar arbeidskraft som er svært viktig for å styrke kompetansen i fylke og region: Kandidatar til økonomisk- og administrativt arbeid, planleggjarar, lærarar, sjukepleiarar, sosialarbeidarar og førskulelærarar for å nemne noko. Eg har tidlegare i lag med forskarar frå Høgskolen i Oslo og Akershus gjort omfattande studiar om kva slike høgskular betyr for rekruttering.
Forskinga viser at slike regionale utdanningstilbod er avgjerande for å rekruttere den arbeidskrafta regionen treng. Skulle unge frå dette fylket måtte reise ut av fylket for å ta slike utdanningar, ville relativt få etablere seg her etterpå.
Det syner at høgskulane oppfyller det som var eit viktig mål den gong distriktshøgskulane vart etablerte: Å gi distriktsungdom betre tilgang til høgre utdanning, og dermed sørge for tilgang på høg kompetanse i dei same distrikta. Dette var kjernepunkt i Ottosen-komiteen sine innstillingar, og fremja på Stortinget av politikarar som t.d. dåverande utdanningsminister Kjell Bondevik.
Politikarar frå fylket var svært aktive den gongen for nettopp å få etablert slike utdanningstilbod her. Mangel på lærarar La oss ta lærarutdanning som døme. Vi veit at prognosane tyder på aukande lærarmangel innan kort tid. Det er vedtatt omlegging til femårig master frå hausten 2017, samtidig som skjerpa krav for inntak, gjer det enda meir usikkert om ein kan utdanne nok lærarar. Sett i dette perspektivet synest regjeringa sitt statsbudsjett risikabelt og lite framtidsretta. I staden for å stimulere dei mellomstore høgskulane til å styrke fag- og forskingsmiljø, slik at dei er betre i stand til å utvikle god utdanning, straffar ein gjennom lågare budsjett og null nye stipendiatar.
Å svekke dei regionale høgskulane kan raskt straffe seg, ikkje berre for dei fylka og regionane der dei ligg, men for den nasjonale tilgangen på kvalifisert arbeidskraft. Kvar er politikarane? Eg ville tru at dette er ei sak som våre politikarar både på Stortinget og i Fylkestinget engasjerte seg i, fordi gode høgskular er svært viktig for fylket si vidare utvikling, og for å styrke høgskuletilbod også på Nordmøre.
Men det har så langt eg kan sjå vore merkeleg taust frå den fronten. Den einaste som har markert seg tydeleg i saka er Venstre sin stortingspolitikar, Pål Farstad, som slår fast at han vil arbeide for å sikre løyvingane til høgskulane. Det er bra, men her trengst det meir innsats. Kvar er dei andre?
(Kronikken er først publisert i Sunnmørsposten).
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!