Ringdal held fram som direktør i Stavanger
Ny jobb. Tidlegare universitetsdirektør skiftar tittel til direktør for organisasjon og infrastruktur i Stavanger.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Styret ved Universitetet i Stavanger har tilsett noverande universitetsdirektør Ole Ringdal (62) i den nye stillinga som direktør for organisasjon og infrastruktur. Sidan 2017 har han vore universitetsdirektør ved UiS.
— Eg er veldig glad. No får eg jobbe vidare med dei viktige sakene eg har hatt på bordet dei siste to åra, ikkje minst omstillingar i organisasjonen og campusutvikling. Når det gjeld det siste, ser eg spesielt fram til å samarbeide med Stavanger universitetssjukehus, som skal flytte opp hit, seier Ringdal.
Frå 1. august 2019 får Universitetet i Stavanger ny organisasjonsstruktur, då dei går fra vald til tilsett rektor. Nytilsett rektor, Klaus Mohn, blir øvste ansvarlege for all verksemd ved universitetet, og under han kjem tre prorektorar (undervising, forsking og innovasjon og samfunnskontakt).
Eg ser også fram til å fortsetje det viktige arbeidet med digitalisering.
Ole Ringdal
Ei stund var Ringdal i tenkeboksen på om han ville søke den nye rektorstillingen, men valde til slutt å ikkje søke.
- Les også: Seks interne vil bli rektor ved UiS
I tillegg kjem den nye direktørstillinga, som skal ha ansvar for alle andre funksjonar på UiS: økonomi, HR, bygg, areal, verksemdstyring og IT. Tilsetjing av direktør blei i dag behandla som styresak ved UiS.
Ole Ringdal har doktorgrad i biologi frå Universitetet i Bergen. Han har tidlegare jobba som biolog og forskar, og i tillegg hatt mange leiarstillingar i akademia, instituttsektoren og næringslivet.
I perioden 2005-2011 var han dekan ved avdeling for teknologiske fag ved det som den gong hette Høgskolen i Telemark. I 2011-2013 var han dekan ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet på UiS, før han fekk jobben som direktør ved IRIS (no fusjonert til NORCE). Sidan 2017 har han vore universitetsdirektør ved UiS.
— Eg ser også fram til å fortsetje det viktige arbeidet med digitalisering, som kjem til å effektivisere både vitskapleg og administrativt arbeid, seier den nye direktøren.
Ringdal fekk den nye direktørjobben i konkurranse med 13 andre.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!