8.mars
Det trengst eit oppgjer med trakassering
8.mars er ein god dag for statsråd Ola Borten Moe å ta ansvar og eit oppgjer med seksuell trakassering, skriv redaktør Tove Lie.
To år etter metoo, i 2019, tok omsider universitet og høgskular initiativet til ei kartlegging av mobbing og seksuell trakassering blant sine tilsette. Resultata rysta mange.
Den gongen rapporterte 18 personar ved institusjonane om at dei hadde blitt valdtekne siste året. Ytterlegare 35 vaksne tilsette sa at dei hadde opplevd ting som likna på overgrep. 1,6 prosent - som vil tilsvare om lag 800 av rundt 50.000 tilsette totalt, svarte at dei hadde opplevd mobbing og trakassering.
Dåverande statsråd for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø (V) var klar i talen sin:
— Dette er alvorlege tal. Slik kan vi ikkje ha det i sektoren. Dette er handlingar som strid mot både normal folkeskikk og norsk lov. Mobbing og trakassering er forbode. Å tvinge seg til seksuell omgang med nokon er forbode og heilt uakseptabelt, sa Nybø på pressekonferansen der tala blei lagt fram.
Fleire leiarar ved ulike universitet og høgskular har tatt til orde for at vi treng ei ny kartlegging av seksuell trakassering og mobbing, over fem år etter metoo og snart fire år etter siste undersøking i akademia.
Nyleg kom ein rapport frå Nasjonalt kunnskapssenter for vold og traumatisk stress (NKVTS) som viste at over 50 prosent fleire kvinner rapporterte at dei hadde opplevd valdtekt sidan førre rapport.
I den yngste aldersgruppa (18–29 år) var omfanget over det dobbelte samanlikna med i 2014. For dei som har å gjere med unge, som studentar for eksempel, burde dette vere grusomme tal det er verdt å undersøke nærare.
I vinter har NRK og VG avdekt korleis unge kvinner opplever mobbing og seksuell trakassering i Forsvaret.
I Khrono ber professor og instituttleiar Guri Rørtveit statsminister Jonas Gahr Støre snakke om den famøse tekstmeldinga som vart send til Liv Signe Navarsete under ein hyttetur med mannlege senterpartipolitikarar.
Rørtveit skriv: «Da Ola Borten Moe ble utnevnt til øverste sjef for mitt fagfelt, kjente jeg det som et slag i magen.»
I dag sit to av dei som kan ha sendt den trakasserande tekstmeldinga til Navarsete som øvste sjefen for kvart sitt departement; den eine er forsvarsminister, den andre er statsråd for forsking og høgre utdanning. Dei har øvste ansvaret for at unge kvinner og menn utan frykt for seksuell trakassering eller uønskt seksuell merksemd skal kunne vere i førstegongsteneste eller ta høgre utdanning.
Statsrådar har måtta gå frå taburettane sine for ulike saker, som barneombodssaka, bryggjer og stabbursutleige, pendlarbustader og manglande skatteinnbetaling.
Felles for desse er at dei tidlegare eller sitjande statsrådane har måtta stå til ansvar for det dei har gjort.
Når det kjem til seksuell trakassering er historia ofte ei anna.
Akkurat no har Noreg to statsrådar som var til stades då den nedrige meldinga vart send. Ingen har stått fram og sagt at «det var eg som gjorde det». I staden blir dei to, som begge nektar for å ha sendt meldinga, klappa oppover i systemet. Og ein kompisgjeng vernar saman om sanninga, samstundes som mistankens lys framleis skin klårt over dei to statsrådane.
- Les også frå 2019: Rapport om kartlegging av seksuell trakassering i universitets- og høgskolesektoren
Det viser at verken Senterpartileiar Trygve Magnus Slagsvold Vedum eller statsminister Jonas Gahr Støre forstår kor alvorleg seksuell trakassering er.
Det gjer at professor Guri Rørtveit og mange med henne kjenner isinga gjennom kroppen og den vonde smaken i munnen. Eller som Rørtveit skriv: «Den SMS-en er så nedverdigende, så latterliggjørende, så sexistisk, så kvinnefiendtlig at vi orker egentlig ikke å snakke om hva den gjør med oss. Altså ikke bare med Navarsete, men med alle kvinner.»
Det er den internasjonale kvinnedagen og 8. mars. Det er ein god dag for forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe å ta ansvar og å ta eit oppgjer med seksuell trakassering. I sektoren han styrer over no skal det vere nulltoleranse for trakassering. Og statsminister Jonas Gahr Støre som blei direkte utfordra, kva seier han?
Khrono sende tilbod til både Arbeidarpartiet og Senterpartiet før helga om å svare på instituttleiar Guri Rørtveit sin kronikk. Men vi har ikkje ein gong fått svar på tilboda. Det er så langt like tyst som på ein tidleg dagen derpå på hytta. Det seier også sitt.