stilling
Desse vil verta dekanar i Bergen
Universitetet i Bergen har vald to dekanar og skal tilsetja tre. Sjå søkjarlistene her.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Universitetet i Bergen (UiB) har som kjend vald ny rektor. Også fakulteta skal ha ny leiing. Nokre av dei vel dekanar, andre tilset.
Ved Det psykologiske fakultetet er det Norman Anderssen som tek over som dekan frå august. Han er professor ved Institutt for samfunnspsykologi og har med seg Karsten Specht, som er professor ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, som prodekan for forsking, og Yael Harlap som visedekan. Harlap er førsteamanuensis ved Institutt for pedagogikk.
Anderssen og hans lag var det einaste som stilte til val ved Det psykologiske fakultetet.
Ingen motkandidatar
Ved Det humanistiske fakultetet var det òg berre eitt lag. Her er Camilla Brautaset, professor i historie, ny dekan. Ho har med seg Ole Thomassen Hjortland som prodekan og Svein Ivar Angell som visedekan. Hjortland er førsteamanuensis i filosofi, Angell er professor i historie.
Begge dei to ferske dekanata peikar på fellesskap og lagkjensle som viktig.
— Me vil finna gode arbeidsmåtar som styrkjer me-kjensla ved fakultetet. Dette er særleg viktig fordi fakultetet nyleg har etablert seg på fleire ulike stader i byen, seier Anderssen til fakultetet sine nettsider.
Historieprofessor Camilla Brautaset blir ny dekan ved Det humanistiske fakultet frå hausten. Ho skal styre saman med Ole Thomassen Hjortland og Svein Ivar Angell.
— Me må verta gode saman, som fellesskap. Og me vil ha eit sterkt og offensivt som set agendaen, både på forskingsfronten, på utdanningssida og i samfunnsdebatten, seier Brautaset til HF sine nettsider.
Dei to dekanane er nye, men begge visedekanane har røynsle frå sitjande dekanat.
Sju søkjarar til tre stillingar
Det medisinske fakultetet, Det matematisk-naturvitskapelege fakutletet og Fakultet for kunst, musikk og design har lyst ut stillingane som dekan. Søkjarlistene til dei tre stillingane er ikkje lange.
Ved Det medisinske fakultetet har sitjande dekan Per Bakke søkt. I tillegg står professor Inge Kaare Tesdal på lista.
Også ved Fakultet for kunst, musikk og design har sitjande dekan søkt. Frode Thorsen står på søkjarlista saman med Bjarte Alræk og Troels Degn Johansson. Alræk er avdelingsdirektør i Husbanken, medan Johansson er leiar for Högskolan for konst och design ved Göteborgs universitet.
Ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultet har det meldt seg to søkjarar. Sitjande dekan Helge Dahle har vore dekan sidan 2013, og kan ikkje gå inn i ein tredje periode.
Dei som har søkt er Gunn Mangerud og Øyvind Frette. Mangerud er i dag visedekan ved fakultetet. Frette er insituttleiar ved Institutt for fysikk og teknologi.