etter- og vidareutdanning
Desse fem bransjane skal dela på 82,7 millionar kroner
Regjeringa vil sørge for at tilsette får viktig påfyll, og at bedriftene får den kompetansen dei treng.
— Dei store samfunnsutfordringane, omstilling i næringslivet og fornying i offentleg sektor krev at vi satsar på kompetanseheving. Desse pengane skal bidra til å gi tilsette og bedrifter i heile landet oppdatert kunnskap.
Det uttalar forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) i ei pressemelding regjeringa.
Pengane han siktar til dreier seg om 82,7 millionar kroner, som regjeringa no deler ut til korte og relevante etter- og vidareutdanningar.
I pressemeldinga kjem det fram at det er fem bransjar som får nytte av pengane:
Avfalls- og gjenvinningsbransjen, industri- og byggjenæringa og jordbruks-, skogbruks- og gartnarnæringa får i overkant av 11 millionar kroner kvar. Finansnæringa får 22 millionar kroner, medan informasjonstryggleik og IKT-bransjen får mest når dei tek imot nesten 27 millionar kroner.
Spleiselag
Bransjeprogramma er eit spleiselag, melder regjeringa.
Det fungerer slik at Staten betaler for at fagskular, høgskular, universitet og andre kurstilbydarar skal utvikle og drifte relevante tilbod, medan bedriftene og den enkelte tilsette investerer si tid.
— Sidan vi kom inn i regjeringskontora i 2021 har vi lagt stor vekt på å styrke fagskulane, satse på kompetanseutvikling og samarbeide tett med partane i arbeidslivet om læring heile livet, seier Oddmund Hoel.
Program innan avfalls- og gjenvinningsbransjen, jordbruks-, skogbruks- og gartnerinæringa er inne i sitt tredje og siste år med bransjeprogram.
Programmet for industri- og byggenæringa blir vidareført for ein ny treårsperiode.
— Treffer fleire sektorar
Programma innanfor finansnæringa og informasjonstryggleik og IKT-bransjen er nye og er under utvikling.
— Finansnæringa har dei seinare åra møtt nye krav, mellom anna til grøne og berekraftige investeringar. Dette gir behov for ny og oppdatert kompetanse. Informasjonstryggleik og IKT treffer fleire sektorar, seier Hoel.
Det er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) som administrerer bransjeprogramma.
— Vi ser at bransjeprogramma er etterspurde og treffer godt. Det gode samarbeidet med partane i arbeidslivet gjer at vi får etablert ei rekke korte og fleksible utdanningstilbod som er skreddarsydde til behovet i bransjane, seier direktør i HK-dir, Sveinung Skule, i pressemeldinga frå regjeringa.