søkjarliste
Desse 15 har søkt stilling som museumsdirektør i Bergen
15 søkjarar ønskjer å leia Universitetsmuseet i Bergen.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Etter ni år som direktør gir Henrik von Achen seg som direktør for Universitetsmuseet i Bergen.
Det har meldt seg 15 søkjarar til stillinga, og ein av dei er ein museumsdirektør. Jorunn Sem Fure er i dag direktør ved Telemark Museum. Ho har doktorgrad i historie frå nettopp Universitetet i Bergen.
Gareth Williams har også museumsbakgrunn, som kurator ved British Museum.
Fire av søkjarane er allereie tilsette ved Universitetet i Bergen: Professor Jan Heiret ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap og professorane Kari Hjelle, Nils Anfinset og førsteamanuensis Heidi Lie Andersen. Dei tre siste ved museet.
Berekraft og tverrfaglegheit
— Eg har ein visjon om at universitetsmuseet skal inspirera både internt og eksternt til kunnskap om natur og kultur, og setja relevante samfunnstema på dagsorden i ein berekraftig kontekt, skriv Andersen i ein sms til Khrono.
— Eg kjenner museet, me har vore gjennom ein lang periode med omorganisering, der eg har teke del i prosessane. No ønskjer eg å få på plass ein framtidsretta organisasjon som tek vare på og nyttar potensialet i både forsking, samlingsforvalting og formidling, og ikkje minst når det gjeld tverrvitskapelg samhandling ved UiB, skriv Hjelle i ein epost.
BLI VARSLET
OM SISTE NYTT
Last ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste nyhetene - både nasjonalt og nær deg
Last ned til iPhone - Last ned til Android
-
Ho peikar på at universitetmuseet er ein spanande institusjon. Museet er delt i to avdelingar; Naturhistorisk og Kulturhistorisk. Den naturhistoriske delen gjekk gjennom ei stor oppgradering, der museet vart heilt tømt, og kunne opna på nytt hausten 2019. UiB ønskjer seg også pengar til å kunne gjera noko med bygget frå 1927. Universitetsmuseet rommar også Muséhagen og botanisk hage.
Miniatyrsamfunn
— Museet er eit heilt universitetssamfunn i miniatyr der det går føre seg veldig mykje spanande og fleirfagleg forsking, skriv Jan Heiret i ein sms til Khrono.
— Museet har som ambisjon å verta ein formidlingsarena for heile breidda av UiB si faglege verksemd. Stillinga som direktør er difor ei krevjande utfordring som eg gjerne vil ta.
Også Anfinset ønskjer å vidareføra dei prosessane som er i gang. Han skriv i ein epost at det er viktig for han at museet skal verta ein attraktiv arbeidsplass og samarbeidspartnar for UiB, nasjonalt og internasjonalt, både fagspesifikt og tverrfagleg.
(Saka er oppdatert med kommentarar frå Nils Anfinset 8.april kl 20.40)
Direktør for Universitetsmuseet
Martin Krogh (41) | Koordinator/prosjektstøttar | |
Rachel Yuan Nong Mikkelsen (38) | Forskar ved Uppsala universitet | |
Hayriye Øzcan (27) | Kundehandsamar hos Forex Bank | |
Reza Habibi (39) | Ph.d.-stipendiat | |
Kenneth Neverdal (27) | ||
Hamid Masud (35) | Comsats University, Islamabad | |
Bjarte Alræk (41) | Avdelingsdirektør i Husbanken | |
Jorunn Fure (54) | Direktør | |
Shabnam Balouch (33) | Project Manager | |
Jan Heiret (58) | Instituttleiar/professor | |
Heidi Lie Andersen (47) | Førsteamanuensis Botanikk | |
Francesco Menotti (56) | n/a | |
Nils Anfinset (53) | Professor | |
Kari Hjelle (62) | Professor | |
Gareth Williams (51) | Museumkurator |