Nytt styre

Departementet forlangar meir oppdragsforsking

Kunnskapsdepartementets (KD) årlege tilbakemelding ligg på bordet i haustens første styremøte. KD meiner Nord universitet må få inn meir pengar frå bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet.

Rektor Hanne Solheim kunne glede seg over pengar til Blått bygg ved Nord universitet, då statsrådane Henrik Asheim og Odd Emil Ingebrigtsen hadde med budsjettlekkasjar nordover i sommar. Nord har likevel fleire andre utfordringar å ta tak i, ifølgje regjeringa.
Rektor Hanne Solheim kunne glede seg over pengar til Blått bygg ved Nord universitet, då statsrådane Henrik Asheim og Odd Emil Ingebrigtsen hadde med budsjettlekkasjar nordover i sommar. Nord har likevel fleire andre utfordringar å ta tak i, ifølgje regjeringa.
Publisert Oppdatert

Førebelse budsjettrammer, strategiarbeid, studiestadstruktur, ph.d.-studiar i profesjonspraksis og campusutvikling i Levanger, alt står på sakskartet i Bodø torsdag.

I tillegg skal styret diskutere tilbakemeldingane frå Kunnskapsdepartementet etter årets såkalla etatsstyringsmøte. Nord får skryt for mellom anna å ha klart å oppretthalde undervisning- og forsking på ein god måte under pandemien.

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

Meir kritisk, ifølgje departementet, er den låge delen av masterstudentar som gjennomfører på normert tid og svak rekruttering til lærarutdanningane.

I tillegg er KD bekymra for nedgang i inntekter som skriv seg frå bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA) og frå Forskingsrådet. Dette er eit prioritert område for den sitjande regjeringa. «Trenden med nedgang i BOA-inntekter fortsetter dessverre. Nedgangen har vært betydelig de siste fem årene, og nivået ligger langt under snittet for universiteter og høyskoler», heiter det i brevet frå Oslo.

Styremøtet er det første til den nye styreleiaren, Øyvind Fylling-Jensen, som tar over etter Vigdis Moe Skarstein. Der blir også andre debuterande representantar i styret.

Powered by Labrador CMS