Unge forskarar

Den gordiske modellen:
— Senior­­­­­ane har levd akademiske liv veldig ulike våre

Kan ein nordisk renessanse komme unge forskarar til unnsetning? Tja, konkluderte norsken, svensken og finnen.

— Geografisk er Norden ein stor region, sa Daria Gritsenko. Ho trur avstanden frå Finland til dei andre nordisk landa kanskje blir opplevd som større enn andre vegen.
Publisert Oppdatert

— Det første eg tenker, er at du lett kunne ha bytta ut Noreg med Finland og enda med omtrent dei same skildringane og dei same talane, sa Daria Gritsenko, fjorårets vinnar av Nils Klim-prisen (Holbergprisens veslesøster).

Då hadde statsråd Ola Borten Moe nettopp hatt sin innleiingstale.

Gritsenko og to andre vinnarar av Nils Klim-prisen — og dermed per definisjon unge, nordiske forskarstjerner – og ein representant for Akademiet for yngre forskarar, møttest på tampen av Holberguken. På dagsorden stod spørsmålet om nordisk samarbeid som mogleg medisin for fag under press: Humaniora og samfunnsvitskapane slit med mangel på stillingar, finansiering og kanskje også status hos skattebetalarane, var utgangspunktet.

Gritsenko var, som dei andre, deltakarane ikkje i tvil. Det eksisterer eit nordisk fellesskap. Vi er ganske like. Systema er ganske like, folka, tenkemåten.

— Alle er einige om at også utfordringane er like i landa våre. Det interessante blir å sjå på korleis utfordringane blir møtt. Nokon gonger liknar måten vi møter problema på, andre gonger ikkje. Viruset vi nettopp har hatt, er eit eksempel i så måte, sa Gritsenko.

Borten Moe og the elephant

I innleiingstalen frå statsråd Ola Borten Moe, som ifølgje Gritsenko lett kunne gått heim i Finland, sa han:

Your work makes a difference, før han briefly ville address the elephant in the room.

Heile den nordiske diskusjonen gjekk føre seg på engelsk, ein ikkje heilt uvesentleg ironi som vart eit par leddsetningar til del.

Elefanten i rommet var sjølvsagt sirkuset som utspelar seg kring det norske Forskingsrådet for tida.

Borten Moe slo fast at Forskingsrådet er i ein alvorleg situasjon, fordi dei har brukt meir pengar enn dei har.

— Vi må bruke midlar for å stabilisere situasjonen. Eg forstår at de er bekymra. Men eg kan forsikre om at det skal bli ei «soft landing», for det norske samfunnet og for dykk som unge forskarar, sa Borten Moe.

Han lova både å redusere omfanget av mellombelse stillingar – og sørge for ei kulturendring:

— Vi må bort frå «publish or perish»-kulturen, og mot ei meir holistisk tilnærming, sa Borten Moe.

Statsråd Ola Borten Moe vil ha kulturendring i akademia, mellom anna for å sikre jobbane til unge forskarar. Dessutan snakka han om Forskningsrådet.

Rektor ved Universitetet i Bergen, Margareth Hagen, refererte tal som viser at det er ei stykke fram dersom den nordiske samhandlinga skal bli som ho ein gong var:

For 20 år sidan kom kvar femte doktorgradsstudent i Noreg frå nabolanda. I dag kjem berre ein av ti frå Norden. Samstundes tar veldig mange fleire doktorgrad enn før, og 40 prosent kjem frå utlandet. Men for kvar danske er det tre kinesarar eller tyskarar.

Så like — og ulike

— Like, men likevel så ulike, altså, konstaterte ordstyrar og Norden-entusiast Hilde Sandvik, som ei første oppsummering av den nordiske samtalen.

Professor Terje Lohndal, som representerte den nordiske forskingsorganisasjonen NordForsk, sa det slik:

— Mange av oss er opptatt av å sjå mot USA. Men det kan finnast store fordelar med å snu blikket mot våre eigen bakgard.

Han heldt fram med å peike på det uunngåelege, med amerikansk aksent, at forsking i dag er «a global game». Overalt i verda er frykta den same, at ein ikkje skal klare å kapre dei beste hovuda i heimlandet til forskinga. Det er ei utfordring som verkar å vere særleg prekær i Norden, ikkje minst i Noreg.

Ei anna, meir ukjent utfodring for dei som lever på svenske-, eventuelt norskegrensa, er denne:

— Lat oss vere ærlege, sa Daria Gritsenko.

— Vi lever i ein stor region. Å komme seg frå Helsingfors til Ålborg, det er ein ganske dryg tur. I Sentral-Europa kjem ein seg med tog ganske raskt alle stader. Men vi er fortsatt avhengig av fly. Ja, vi er mentalt nære i dei nordiske landa, men geografisk er vi faktisk ikkje så nære. Kanskje de i Skandinavia tenker litt annleis på det. Men vi som bur der borte med Baltikum …

For ikkje å jekke den gode nordiske stemninga for mykje ned, la ho raskt til at det er suverene akademiske ressursar i dei nordiske landa, og at ho sjølv hadde tileigna seg avgjerande kunnskap gjennom opphald i både Roskilde, Oslo og Århus.

«Veldig vanskeleg»

Hilde Reinertsen, forskar frå Universitetet i Oslo, som representerte Akademiet for yngre forskarar:

— Vi treng også dei små prosjekta som kan føre folk saman. Vi treng ein pluralisme, i tillegg til ERC (EU-stipend, red.merkn.) og dei store ordningane.

Og samfunnsforsking og humanistisk forsking er ikkje dyrt, samanlikna med mykje naturvitskapeleg forsking, med alle sine krav til avanserte instrument og infrastruktur. For «småpengar» er det mogleg å setje i gang store ting.

— Det er så mange strukturar som tvingar oss til vere individualistiske og tenke på eiga karriere i staden for å arbeide i lag, sa Reinertsen, og etterlyste det ho var del av der og då: dei mindre formata, sjølve samtalane, kontakten, som kan setje samarbeid i gang.

Hilde Reinertsen trur krigen i Ukraina er ei krise som igjen vil vise kor viktig humanistisk og samfunnsvitskapeleg forsking er.

Reinertsen peikte også på at dei unge stemmene må lyttast til. Ofte er responsen frå rektorane og andre leiarar i akademia avgrensa til at det er «veldig vanskeleg» å gjere noko med desse problema.

— Eg har mange gonger erfart at seniorane har levd akademiske liv veldig ulike våre. Så sjølv om alle er einig om utfordingane, er det veldig vanskeleg å finne fram til løysingar. Det er som ein gordisk knute som må kuttast over.

Er det realistisk å samle Norden til eit forskingsrike?

Fråveret av Grønland

Konklusjonen var eit slags tja, frå norsken, svensken og finnen. Dansken var ikkje med denne gongen.

Kanskje er det krigen i Ukraina som blir katalysatoren også i denne samanhengen, både for faga, og for tettare nordisk samarbeid, meinte Hilde Reinertsen.

— Vi har sett at med kvar ny krise blir vi humaniora og samfunnsvitskapane ekstremt relevante.

Ordstyrar Hilde Sandvik hadde merka seg at Grønland mangla på kartet som var laga til annonsen for arrangementet. Det var truleg ein grafisk glipp, men mangelen vart likevel eit aldri så lite symbolsk poeng i diskusjonen om alle fordelane – og barrierane – for nordisk samarbeid mellom forskarane.

Powered by Labrador CMS