Leiar i Studentparlamentet, Sunniva Myrene Braaten, seier at studentane vil til nye campus Lillestrøm. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Studentane vil til Lillestrøm

Studentane ved Høgskolen i Oslo og Akershus er positive til ny campus på Lillestrøm, skriv leiar i Studentparlamentet, Sunniva Braaten.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I debatten kring Campus Lillestrøm, ser det ut til at skeptikarane ikkje ser alternativet til Lillestrøm. Det er ikkje slik at alle blir i Oslo, dersom ingen skal til Lillestrøm. Vi har i dag ein Campus Kjeller, som er hovudcampus for fleire av våre utdanningar. Det er både tungvint og langdrygt å reise til Kjeller.

Der er også få bomuligheiter for studentane, då nærmaste studentbolig er ein halvtime unna til fots. Til trass for gode fasilitetar på Campus Kjeller, ønskjer studentane seg til meir sentrale område.

I Lillestrøm vil vi kunne få eit flunka nytt campus, skreddarsydd for fagmiljøa og studentane sine behov. Lillestrøm ligg ti minutt unna Oslo sentrum med tog, og vil difor vere lettvint å reise til både for studentar og ansatte som vil bo i Oslo.

Lillestrøm har gode kollektive muligheiter, og det er fleire aktuelle tomter for studentboligar. I tillegg er Lillestrøm svært nærme Gardermoen, noko som vil kunne gjere det aktuelt for internasjonale samarbeid. Alt dette gjer at vi studentane ser på ei flytting til Campus Lillestrøm som positivt!

Det er nok mange gode argument for kvifor enkelte fagmiljø bør ligge i Lillestrøm, og andre ikkje burde det. Vi må også tenke heilskapleg, og sjå overordna og langsiktig på campusutviklinga.

Studentane vil til Lillestrøm.

Sunniva Myrene Braaten

Eg oppfordrar alle studentar, fagmiljø, einingar, institutt og fakultet til å ikkje sjå bort i frå dei moglegheitene campus Lillestrøm vil gi! Denne debatten gler eg meg til å ta, og Studentparlamentet skal komme med våre innspel.

 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS