89 av 97 på meninger siste uke

Kva skal vi med Forskingsrådet?

PublisertLørdag, 31. desember 2016 - 8:35-OppdatertLørdag, 31. desember 2016 - 8:35
Førsteamanuensis, Handelshøyskolen ved HiOA
Meninger · Forsking. Vi må innsjå at Noregs forskingsråd er eit dyrt og overflødig mellomledd, skriv førsteamanuensis Erik Døving, i dette innlegget.

(Innlegget er først publisert i Forskerforum)

Dagens system for fordeling av forskingsmiddel er for omfattande og tungrodd, skreiv Forskerforum (nr 9/2016) i ein reportasje frå Nederland. Situasjonen i Noreg er ikkje så ulik. Her heime kan vi byrje med å legge ned det meste av Noregs forskingsråd og fordele midla direkte til institusjonane.

La oss seie at det krev eitt månadsverk å lage ein god prosjektsøknad. Dersom det i gjennomsnitt er ti prosent av søknadene som får tildelt middel kan vi enkelt seie at det for kvar tildeling har gått med nesten eit årsverk berre til å lage søknader. Det er minst ein million kroner. Kostnadene med å lage dei bortkasta søknadene må naturlegvis dekkast inn av tildelingar institusjonen faktisk får. Dersom tildelingane er i gjennomsnitt 5 millionar kroner, går altså 20 prosent av forskingsmidla med til å lage bortkasta søknader.

I tillegg må vi rekne med kostnadene ved å drive Forskingsrådet og kostnader ved ekstern vurdering av søknader. Toppsjefane i Forskingsrådet er til og med dei best lønna i heile sektoren, meir enn rektor ved Universitetet i Oslo (UiO). Det er ei mager trøyst at det er endå meir kostbart å kanalisere forskingsmiddel om EU, slik Stein Tønnesson, Thomas Hylland Eriksen og Thomas Hegghammer viste i Aftenposten (25. mai 2016). Dei tre viste at det kan ha gått med over 500 forskarårsverk for å hente heim 1 milliard kroner av EUs forskingsmiddel, med andre ord går nesten alle forskingsmidla frå EU med til å skrive søknader til EU.

Ekstern finansiering skaper også ekstra administrasjonskostnader hos universitet og høgskular, institutt og andre som blir tildelt pengar: Kontraktar må handterast og arkiverast, budsjett må settast opp og rekneskap bli kontrollert – dette blir ofte gjort av ein eigen administrativ stab. Kort sagt er det ei omfattande sløsing med offentlege middel vi er vitne til. Dessutan er det tusenvis med skarpskodde folk som kastar bort tida si på dette.

For å kome ut av dette uføret bør delar av Forskingsrådets budsjett brukast til å styrke grunnfinansieringa for universitet, høgskular og forskingsinstitutt. Dei nye universiteta, som Universitetet i Agder, har langt dårlegare finansiering enn dei gamle, som Universitetet i Oslo.

Forskjellane i grunnfinansieringa til institusjonane i universitet- og høgskulesektoren er historisk bestemte og heng ikkje saman med reelle forskjellar i aktivitet og kompetanse. Kvaliteten i desse institusjonane blir sikra gjennom tilsetting i kombinerte stillingar der vitskaplege kvalifikasjonar er avgjerande. Styrka grunnfinansiering for dei nye universiteta og for høgskulane bør då gå til å styrke FoU-delen av budsjetta for at desse kjem opp på same nivå som UiO og NHH.

Delar av Forskingsrådets budsjett bør på same måte gå til å styrke grunnfinansieringa for instituttsektoren, særleg slik at dei som no har svært lite grunnfinansiering kjem på nivå med dei som har relativt gode vilkår. Minimum 35 prosent grunnfinansiering er eit greitt tal å ta utgangspunkt i.

Dei milliardane som blir kanaliserte om EU kan godt leggast i potten medan vi er i gang. Forskinga ved universitet og høgskular er fagleg kopla til studieprogram, men det vil alltid finnast viktige forskingstema som fell utanfor. Det som er igjen av Forskingsrådet kan då handtere forskingsmiddel innanfor spesielle, nye satsingsområde som ikkje blir fanga opp av universiteta og høgskulane sine fagområde.

Har du fått med deg?

Ved å melde deg på vil du jevnlig få nyhetsbrev fra Khrono på epost.

Tips oss gjerne om aktuelle saker på tips@khrono.no.

Vennlig hilsen Tove Lie,
ansvarlig redaktør, Khrono

Nyhetsbrev

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!